cover

The Essential Byrds

The Byrds

2 x CD (2003) - Columbia / Legacy / Sony Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Psykedelia / Countryrock / Folkrock / Kammerpop / Poprock

Spor:
Mr. Tambourine Man
I'll Feel a Whole Lot Better
All I Really Want To Do
The Bells of Rhymney
Chimes of Freedom
Turn! Turn! Turn! (To Everything There Is a Season)
She Don't Care About Time
It Won't Be Wrong
Lay Down Your Weary Tune
Set You Free This Time
He Was a Friend of Mine
The Times They Are A-Changin'
Eight Miles High
5D (Fifth Dimension)
Wild Mountain Thyme
Mr.Spaceman
So You Want To Be a Rock 'N' Roll Star
Have You Seen Her Face
Time Between
Renaissance Fair
My Back Pages
Dolphin's Smile


Artificial Energy
Old John Robertson
Goin' Back
Natural Harmony
Wasn't Born To Follow
You Ain't Going Nowhere
Hickory Wind
Nothing Was Delivered
This Wheel's On Fire
Drug Store Truck Drivin' Man
Your Gentle Way of Loving Me
Ballad of Easy Rider
Jesus Is Just Alright
It's All Over Now Baby Blue
Lover of the Bayou (live)
Chestnut Mare
Glory, Glory
I Wanna Grow Up to Be a Politician
Tiffany Queen
Antique Sandy
Farther Along

Referanser:
Bob Dylan
The Beatles
The Searchers
The Everly Brothers
Flying Burrito Brothers

Vis flere data

Se også:
Sweetheart of the Rodeo - The Byrds (1968)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Eit banebrytande band

Har du lyst til å bli kjent med eit av 60-talets største band? Prøv gjerne denne plata.

Endå ei samleplate med The Byrds... Hmmm, treng vi nå egentlig det? Dette var min umiddelbare reaksjon første gang eg høyrte om denne utgjevinga. Etter å ha gått innhaldet nærmare etter i saumane, og dratt samanlikningar til andre samlingar, er min konklusjon at denne doble samlingen (til ein hyggelig pris) sannsynlegvis er den beste investeringen for folk som vil bli nærmare kjent med dette legendariske bandet. Boksen som kom i 1990 er nok meir omfattande, men blir kanskje i drøyaste laget som ein introduksjon. The Essential Byrds er for øvrig å finne i to versjonar, ein amerikansk og ein europeisk, dette er litt viktig å være klar over då den europeiske varianten har 11 spor meir, og samstundes er rimeligare (denne omtalen baserer seg på den europeiske versjonen).

Låtane kjem i kronologisk rekkefølge, og heile samlinga er ganske så demokratisk oppbygd, i den betydning at alle The Byrds sine offisielle album er representert (bortsett frå det noko famøse gjenforeningsalbumet frå 1973). Dette blir samstundes litt av svakheten, sidan The Byrds i perioden 1965-1968 (på sine seks første plater) var langt meir spennande enn kva tilfellet var dei siste åra, frå 1969-1971 (då det kom fem studioalbum), dette er då også grunnen til at eg ikkje gjev albumet toppscore.

Legenden seier at Jim McGuinn, Gene Clark og David Crosby fekk inspirasjonen til å starte The Byrds etter å ha sett The Beatles filmen A Hard Day's Night. Dei tre, som var blitt kjent gjennom opptredenar på folk klubbar i Los Angeles, gjorde i alle fall nå alvor av draumen om å starte eit band. Dei fekk med seg mandolin-spelande Chris Hillmann til å traktere bassgitaren, og Michael Clarke (ein Brian Jones look-a-like) til å være popstjerne. Han skulle også ganske fort bli ein meir enn habil trommis.

Dermed er The Byrds født. Det dei nå tar fatt på er å fusjonere energien, beaten og harmonisangen til The Beatles med sangstrukturen og det noko djupare innhaldet som låg i folktradisjonen og ikkje minst i sangane til ein røvar med navn Bob Dylan. Og det var nettopp ein Dylan-komposisjon som skulle bli bandets gjennombrudd. For omtrent samstundes med at Dylan sjølv gjer ut låta på albumet Bringing It all Back Home, trår The Byrds inn i pop-historien med Mr. Tambourine Man.

"He could play the guitar like ringing a bell", syng Chuck Berry. Og det var akkurat det Jim McGuinn gjorde med sin 12-strengs Rickenbacker. Dermed skapte han lyden som kanskje er The Byrds sitt fremste kjennemerke. Men The Byrds er også meir, det er praktfull harmonisang og det er dynamikk og eigenart. Jodå, dei fekk så absolutt til denne fusjonen dei hadde i tankane, og gjennom den får folk-rocken sitt genesis.

Debutalbumet får sjølvsagt tittelen Mr. Tambourine Man, det er likevel låt nummer to I'll Feel a Whole Lot Better, signert Gene Clark, som for underteikna er det aller største øyeblikket på plata. Bugnande som den er av pophooks og perfekt harmonisang, den introduserer også det som blir ein slags Clark-attributt; desse melankolske tonane og dei lange konsise refrenglinjene; "And I'll probably feel a whole lot better when you're gone". Dessverre er det den einaste Clark-låta frå debuten som har fått plass på denne samlingen. Litt svakt sidan nesten halve plata bestod av hans komposisjoner.

Debuten blei sloppe i april 1965, og allereie i desember samme år er dei klar med oppfølgaren. Den får tittelen Turn! Turn! Turn!. Tittelkuttet er ein Pete Seeger-tonsetjing av nokre bibelvers (Predikeren 3. kapittel). Foruten den har den sine obligatoriske Dylan-komposisjonar og nokre eldre folksangar. Og nok eingong er det Gene Clark som er mest produktiv på låtskrivarsida av Byrds-medlemmene, med tre låtar. Av desse er det den kjenslevare og Dylanske oppbruddsballaden Set You Free This Time som er representert på Essential, absolutt eit klokt valg. Hans aller beste komposisjon frå desse innspelingane kom imidlertid, uforståelig nok, aldri med på sjølve plata (var kun b-side på Turn! Turn! Turn! singelen). Den vemodigt håpefulle og tvetydige She Don't Care About Time ville utvilsomt ha glitra som den klaraste stjerna på denne plata, hadde den berre fått sjansen. Ein sjanse den heldigvis får på Essential Byrds.

Dermed var første året unnagjort. Men 1966 er ikkje mange dagar gammal før bandet er i full gang med nye innspelingar. To låtar som skal utgjere bandets neste singel blir festa til tape desse januardagane. Og her bevegar dei seg over på ganske så andre territorier enn folkrocken frå fjoråret. I McGuinn/Crosby komposisjonen Why (som det ikkje er funnet plass til på Essential) utforskar dei elementer frå indisk musikk. Men det er låta som skulle havne på a-sida som for alltid kjem til å bli huska.

For med Eight Miles High gjer The Byrds sin aller største bragd. Ja, spør du underteikna gjer dei meir enn det. Skulle eg laga ei liste over tidenes største låtar, hadde eg aldri klart å komme utenom denne, om så lista berre skulle bestå av fem stykker (færre enn fem er ingen liste). Endå eingong er det Gene Clark som er mannen bak, men både Crosby og McGuinn er også kreditert. Det er sagt om sangen at det er ein hymne til narkotisk rus. Og med følelsen den gjer av å bli tatt med på ein hypnotisk trip, er det kanskje ikkje så rart. Sanninga er likevel at den handlar om ei flyreise bandet gjorde frå USA til England året før.

Det er først og fremst den mildt sagt innovative arrangeringa som har hovedæra for at Eight Miles High er det mesterverket den er. Først inn på scena kjem bassgitaren, og på den livfulle men samstundes myndige tonen skjønar vi at den har fått lisens til å kontrollere utflukta. Trommene kviskrar forsiktig i bakgrunnen, men skal snart sette i gang med eit frenetisk kjør. Gitaren trenger seg på, sprett litt rundt, gjer nokre fintar, før den bråstoppar. Då begynner dei å synge (dei, fordi all sangen er harmonisang), og det dei syng er kanskje pophistoriens mest suggerande melodilinjer: "Eight miles high, and when you touch down, you'll find that it's stranger than known". Mellom versene dreg Roger McGuinn (jadå, han har skifta fornavn frå Jim til Roger) i gang nokre ville gitarutflukter, i eit forsøk på å imitere John Coltrane. Før det heile sluttar i mildt kaos 3.34 etter start, ein himmelsk tur, som også på mange måtar blir startskuddet for den psykedeliske tidsalder.

Bandet som for mindre enn eit år tidlegara gav fødselshjelp til folkrocken, er nå plutselig blant innovatørane også når det gjeld den psykedeliske rocken. Og så seier likegodt Gene Clark takk for seg. Han følte at The Byrds ikkje lenger var plassen for han, og tok fatt på ein kronglete solokarriere, som aldri gav han den anerkjenninga han fortjente. Etter hans død i 1991 er det imidlertid blitt ganske hipt å droppe hans navn i det rette selskap.

Kva gjer så eit band som mister sin mest profilerte låtskrivar? I The Byrds sitt tilfelle går ferda vidare. Den neste plata Fifth Dimension er noko ujevn, men inneheld i tillegg til før omtalte Eight Miles High, to sterke McGuinn komposisjonar: Den Dylan-inspirerte og surrealistiske 5D og den lett country-influerte poplåta Mr. Spaceman.

Så viser det seg! Gene Clark sin avgang har forårsaka at bandets øvrige medlemmer blomstrar opp som låtskrivarar. Neste album står til og med fram som gruppas beste så langt. Younger Than Yesterday inneheld 10 låtar komponert av bandets gjenverande medlemmer, pluss Dylan sin My Back Pages. I tillegg til Dylan-låta har fire av dei sjølvkomponerte fått plass på Essential Byrds. So You Want To Be a Rock 'N' Roll Star tar seg fram i høgt tempo og med vital harmonisang, og er for øvrig eit både rasande og bittert oppgjer med musikkindustriens fabrikkering av popstjerner. Chris Hillman realiserer seg også for første gang som låtskrivar i Byrds-samanheng, og både folkpop-tilfellet Have You Seen Her Face samt countryrockaren Time Between er blendande eksempel på at det ikkje var eit sekund for tidleg. David Crosby sin varme pophymne Renaissance Fair er også utsøkt. Kanskje burde ein i tillegg gitt plass til Crosby sin lunefulle og jazzige Everybody's Been Burned, samt Hillman sin fyrrige Beatles-influerte Thoughts and Words.

Innspelingane til neste utgjeving skulle vise seg å bli turbulente. Gnisningane medlemmene mellom begynte nå å bli nærmast uuthaldelige. Michael Clarke tok ein tur til Hawaii midt i seansen, og deltar såleis berre på halvparten av kutta. Striden kulminerer så med at David Crosby får sparken. McGuinn, Hillman og produsent Gary Usher fullfører ved å trekke inn andre musikarar. På tross av alt dette framstår Notorious Byrd Brothers som eit av bandets aller beste album. Utruleg nok gjer det også inntrykk av å være The Byrds sitt kanskje mest einsarta framstøt.

Av dei 11 låtane på albumet, har heile seks fått plass på Essential. Personlig kunne eg likevel godt tenkt meg å bytta ut den heller middelmådige Artificial Energy mot Draft Morning, eit anti-krigs innlegg, tonelagt med sørgmodig og vakker musikk. To av sangane her er ikkje ført i penn av folk frå bandet, men er istaden begge komponert av parhestane Gerry Goffin og Carole King. Goin' Back er eit Brian Wilson-aktig popeventyr med ein hårfin countryfølelse, ein følelse som kanskje er endå tydeligare til stades på den frihetssøkande Wasn't Born to Follow (den fekk forøvrig plass på soundtracket til filmklassikaren Easy Rider). Chris Hillman-komposisjonen Natural Harmony er derimot eit høgtflygande altruistisk speisa psykedelisk vidunder.

Roger McGuinn fekk så med seg Chris Hillman (desse var nå dei einaste igjen frå originalbesetningen) på ein idé om å lage eit dobbelt konseptalbum som skulle inkludere alle slags retningar frå den store amerikanske musikkarven. Først måtte dei imidlertid hyre inn fleire musikarar. McGuinn hadde blant anna ein forestilling om å få ein jazzpianist med i bandet. Slik var det at ein ung mann med navn Gram Parsons dukka opp. Det viste seg imidlertid fort at han hadde heilt andre intensjonar enn å operere som jazzpianist. Han utfordrar McGuinn si leiande rolle i bandet, og med hjelp frå ein velvillig Chris Hillman manøvrerte han nå Byrds inn på eit
countryspor.

Sweetheart of the Rodeo skulle bli The Byrds siste store album. Sjølv om bandet hadde følt på countrymusikk også ved tidligare anledningar, var det denne gangen gjennomført uforfalska country, men likevel med eit rockeband sin attityde. Dermed var The Byrds tilstades også i fødselsfasen til country-rocken.

Sweetheart har lite med eigekomponert materiell, kun to Parsons-komposisjonar. Den eine av desse er klassikaren Hickory Wind, ein vemodig ballade der Gram syng inderlig om lengselen tilbake til den idylliske barndommen, nå som einsomheten i storbyen har innhenta han. Essential har ellers kun gitt plass til to låtar frå dette albumet. Begge føyer seg fint inn i rekka av flotte Dylan-covers (You Ain't Goin' Nowhere og Nothing Was Delivered). Og sjølv om det er Roger McGuinn som tar seg av den leiande sangrolla her, vågar eg å påstå at det er Gram sin melankolske harmonisang som løftar låtane opp på eit meir sublimt plan.

Sweetheart er ikkje før komme ut i butikkane før Gram Parsons og Chris Hillman forlet bandet. Dei dreg i gang Flying Burrito Brothers, og med The Gilded Palace Of Sin spelar dei inn det definitive country-rock mesterverket (men det er ein annan historie).

Roger McGuinn står nå igjen aleine som den einaste frå det opprinnelige Byrds. Han velger å fortsette i nokre år endå. Men albumene som dukkar opp er av ein langt meir ujevn kvalitet. Essential har imidlertid klart å finne fram til det som er av verdi frå denne perioden, pluss eit par relativt verdilause. Den beste er Chestnut Mare, ein ordrik og sammensatt affære om ein mann og hans hest, der McGuinn har fått låtskrivarhjelp av Jacques Levy (som nokre år seinare var sterkt involvert på Dylans Desire).

Høyrer du til dei som ynskjer å bli kjent med Byrds sin musikk, kan The Essential Byrds være ein smart plass å begynne. Det mest essensielle er likevel å skaffe seg alle dei seks første Byrds-platene, for der vil ein finne endå meir av noko av den finaste musikken dei sagnomsuste 60-åra hadde å by på.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Hex-Trem? Nostalgie de la Boue

Geir Levi Nilsen har lest boken XTRM - Krig I Oslos Gater av Jan Kallevik.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo