cover

Like Drawing Blood

Gotye

CD (2006) - Lucky Number Music / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Indierock / Britpop / Elektronika / Folktronica

Spor:
Like Drawing Blood
The Only Way
Hearts a Mess
Coming Back
Thanks for Your Time
Learnalilgivinanlovin
Puzzle With a Piece Missing
Seven Hours With a Backseat Driver
The Only Thing I Know
Night Drive
Worn Out Blues

Referanser:
Franz Ferdinand
Sigur Rós
Radiohead
Coldplay
Snow Patrol
Keane
Gorillaz
Air

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Magi frå Melbourne

Like Drawing Blood har blitt ei magisk plate som blir betre og betre med kvar gjennomhøyring.

Like Drawing Blood kom eigentleg ut i 2006 og gjekk sin sigersgang på den australske radiokanalen Triple J. Fleire musikkprisar, blant dei prisen for "Most Outstanding New Independent Artist" ved Australian Independent Record Chart Awards, har blitt artisten til del. Det er, beklagelegvis vil eg seie, først no i 2008 at me her på berget får høve til å stifte nærare kjennskap med denne flotte popmusikken.

For er det noko me allereie no skal slå fast, så er det at dette er eit beint framt meisterleg stykke popmusikk.

Gotye er eit einmannsprosjekt. Walter DeBacker er ein belgisk-australsk musikar som lagar musikk på soveromet i Melbourne og som får ut ein slags særeigen miks av electronica, psychedelia, Motown, folkemusikk og britpop med ein god del samples og utsøkte harmoniar som sjølve prikken over i'en. Walter DeBacker er eit stort låtskrivartalent, ein stor songar og ein framifrå produsent.

Referansar til mange artistar renn ein i hu medan ein lyttar til dette verket. Pink Floyd, The Beatles og David Bowie vil være nærliggande å tenke på, men også nyare namn som Sigur Rós, Radiohead, Coldplay, Franz Ferdinand og norske Røyksopp. Det er, med andre ord, ei ganske vid plate genremessig me her møter.

Førstesporet på skiva er det spretne og etnisk-inspirerte tittelsporet. Songen formeleg flyg avgarde med eit utsøkt programmert rytmespor, fabelaktige harmoniar og ein heilt utruleg melodi som i det eine sekundet tek deg frå Bagdads bakgater for så å føre deg til ein sleazy jazzklubb i Chicago, billedleg talt. Dette burde seie sitt til lesaren om kor kompakt og forteljande musikkstilen her er. Ein veit aldri kva som kjem bak neste sving og det blir såleis aldri kjedeleg å låne øyra til Gotye. Dette er likevel ikkje utfordrande musikk som ein kanskje kan få inntrykk av ved å lese det føregåande. Sjølv om låtmaterialet byr på store sprang både tekstleg og musikalsk, så ligg det eit stødig melodisk fundament i botn.

Og det er dette som verkeleg gjer dette til slik ei fornøyeleg plate. Walter DeBacker er verkeleg ein melodiens meister som brukar kvart triks i boka når det gjeld akkordsamansetningar og harmoniar, men som på eit fortreffeleg vis også greier å produsere og arrangere alt på ein måte slik at det ikkje blir forutsigbart og platt. Det beste dømet i så måte er sporet som blei den største hiten i Australia, nemleg Hearts A Mess. Ved første gjennomhøyring er dette ein rett fram, middle of the road-song i beste Coldplay, Snow Patrol eller Keane-stil.

Det som Gotye likevel maktar, og som eg ikkje alltid syns dei andre nemnde band, med mogleg unntak av Coldplay, alltid greier like bra, er å la ein song få tid til å bygge seg opp. I nemnde song blir lag på lag lagt på av diverse effektar og instrument og han greier å bygge ein spenning som utløysast først etter tre minutt i eit klimaks av eit refreng. Det skal også seiast at De Becker, særleg på denne låta, men også på mange av dei andre syng med ei utruleg nerve i røysta. Lyaren skjønnar umiddelbart at dette er ekte vare. Me snakkar om ein person med udiskutabel feeling.

Eit anna høgdepunkt på albumet er Coming Back, ein annan av songane som havnar i skjeringspunktet mellom etno-popen og Beatles. Etterkvart som dragspel blir introdusert i låta minner det ikkje reint lite om ein Odd Nordstoga av det meir jazzete slaget. Nemnast skal også Thanks For Your Time, ein komplett beat-driven electronicaditty som mogegvis er den beste songen Depeche Mode ikkje har skrive på tjuge år.

Skal me nemne noko negativt om Gotye så er det at samplinga og soloane på Learnalilgivinanlovin kanskje kunne ha vore redusert ein smule. Dei to siste spora, Night Drive og og Worn Out Blues er også litt svakare enn resten av verket sett under eitt. Men bevares, dette er ei plate som kjem til å stå seg og ein må berre oppfordre alle som er glade i god popmusikk om å anskaffe seg nemnde godbit snarast!

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.