Genre:
Pop
Stiler:
Folkpop / Folkrock / Psykedelia / Kammerpop / Drømmepop
Spor:
My Sun
Northern Wind
Silent Summer
Venus
Babyflowers
Let the Light
Runaways
Golden Mind
Healing Song
Shivers In the Blue
Referanser:
First Aid Kit
Somebody's Darling
Susanna and the Magical Orchestra
Maria Solheim
Judee Sill
Crosby, Stills, Nash & Young
The Mamas & the Papas
Stevie Nicks
Fleet Foxes
Regnbogetonar
Ein psykedelisk folkpopdebut med forførande evner.
01.05.2013
Den har i grunn fleire lag denne debutplata til Mona & Maria enn det eg strengt tatt kan forlange. Eit første inntrykk var at her er det sol og sommar. Eit neste inntrykk var at her er det regn og vind også. Eit tredje inntrykk var at her flyter elva, men den vil ikkje nødvendigvis halde deg flytande. Eit fjerde inntrykk er at alt ikkje harmonerar med dei tre første inntrykka. Det som blir nemnt med namn treng nødvendigvis ikkje vere der. Sola for eksempel. Det skjøre kan danse med det mektige, det reine kan måtta handskast med det vanskelige. Eit rimelig konstant inntrykk er at den gjennomgåande folkpoptonen har eit songharmonisk og fleirfarga psykedelisk vesen. Det overordna inntrykket er at My Sun er ei forbausande flott plate.
Før Maria Knudsen og Mona Andersen gjekk til det skrittet å byrje å spele inn desse songane sine spelte dei i eit band. Då var det boogie og soul og rock'n roll, og dei kalla seg Bazooka Boppers. Noko som tok slutt ein dag, og ein heilt annan veg openbara seg. Mona & Maria har ikkje tusla av garde på den i tosemd, dei har tatt imot atskillege innspel frå eit solid lag av anerkjente musikarar, med produsent og bassist Christian Engfelt (Cato Salsa Experience) i spissen.
Rommet som My Sun lever i er eit romsleg og mangfaldig rom. Her er stunder då det nære og forsiktige er i sentrum, her er stunder då lydar kan ståke og vrenge seg. Eg høyrer ingen redsel for verken det svulstige eller det nakne. Men alt med måte. I kompaniskap gjer det inntrykk.
Stemmene til dei to lever i hop på ein veldig naturlig måte. Dei filtrerar seg i harmoniar, men kan og vere åleine, og sterke, eller vare. Eit dynamiske fellesskap, i slekt med andre nordiske kvinneduoar som First Aid Kit og Somebody's Darling. Den noko meir psykedeliserte og svevande slektningen.
Sola har naturlig nok ei rolle på plata. Enten fordi den er der, eller fordi den er fråverande, eller fordi den møter motbør, for ikkje å seie nedbør. Regn. Av slikt kan det bli ein regnboge. Tittellåta har ein regnboge gåande tvers igjennom seg. "The red is running high, watching the rain fall to the ground", syng damene. Akustiske strenger blir plukka på, ein Twin Peaks-slekta tone dirrar med. Versa kryp og refrenget dansar. Det sitrar.
Der det er sol kan det vere sommar. Kanskje ein Silent Summer. Med yrskap og ungdom, lykke og ruin. "It could be love it could be the end". Ringande tonar spring utav gitaren til Knut Schreiner. Det er klassisk folkrock. The Byrds har vore der ein gong.
Folk frå KORK med bogar og strykeinstrument deltek på fleire av spora. Saman med ein sitar er ein fiolin med på å gjere Venus til ein vakker austleg orientert ballade. Medan to celloar, og ein fiolin, gjer gode ting med Babyflowers, mellom anna ved å legge seg som eit mjukt underlag til damenes røyster i eit medrivande refreng. "We grew a tower of babyflowers, longing to be".
Det er ein god varme i plata, heile plata. Og så har den eit lett og porøst vesen. Kanskje då med unntak av eit noko dramatungt midtparti. Representert med låtane Let the Light og Runaways. Den første ein intrikat og seig sak. Den andre ei gysingsskapande affære som på eit noko vridd vis ærar natta og forbannar dagen. "It's a fine night to be buried ... It's a bad day to be buried".
Mona & Maria avsluttar med ei hymne om undergangen nede ved elveleiet. "A man's about to drown, afraid of the devil". Tungsindig. Tungsindig? Vel, slik desse to, og deira medsamansvorne, presenterer det blir det forførande elementet, på mystisk vis, langt sterkare enn det tungsindige.
Sol eller ikkje sommar. Regn eller ikkje haust. Elva som renn og det den skjuler. My Sun kan seie noko om det, og ein del anna. I soniske former eg kjenner det ganske så naturlig å sette inderlig pris på.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Le Corbeau - Moth on the Headlight
(Fysisk Format)
Le Corbeau har forkastet minimalismen og sendt skissene i kverna sammen med fuzz, støy og renskåren rock. Og resultatet lar ikke vente på seg.
Flere:
Noa Babayof - From a Window to a WallNorfolk & Western - Dusk in Cold Parlours