Genre:
Pop
Stiler:
Folk / Voksenrock / Country
Spor:
True Love Will Never Fade
The Scaffolder's Wife
The Fizzy and the Still
Heart Full of Holes
We Can Get Wild
Secondary Waltz
Punish the Monkey
Let It all go
Behind With the Rent
The Fish and the Bird
Madame Geneva's
In the Sky
Referanser:
Dire Straits
Bill Wyman's Rhythm Kings
Se også:
The Ragpicker's Dream - Mark Knopfler (2002)
![]()
Traust og kjedeleg Knopfler
Her får ein kjensle av stagnasjon og lite framdrift.
Del på Facebook03.10.2007
Det er rart med det. Når ein får ei Mark Knopfler-skive i hende veit ein liksom kva ein går til. Ein får eit verk med solid musikalsk handverk, særskilt kompetent gitarspeling og gjennomtenkte melodilinjer. Så er også tilfelle på den nye plata, Kill to Get Crimson.
Men enn så mykje fint og godt ein kan seie om mannen, nyskapande har han vel strengt teke aldri vore, i alle fall ikkje sidan Dire Straits sine storleiksdagar. Soloplatene hans har stort sett ligge i den same gata heile vegen gjennom, og Knopler gjer lite eller ingenting for å endre på formelen.
På denne utgjevinga slår det ein at det faktisk er særs få gitaroppvisningar. Mesteparten av plata er lagt ned eit hakk, og det er balladene og dei ettertenksame og beintfram gamalmodige tekstane som dominerar. Dette er vel og bra i seg sjølv, men ankepunktet blir at noko av materialet blir for stilleståande og langdrygt. Ein har ingen killerballader à la Brothers in Arms og Sailing to Philadelphia, eller folkutblåsingar som Wye Aye Man på denne skiva. Det gjer at dette diverre må gå inn blant dei mindre minneverdige soloutgjevingane av Mark Knopfler.
Det skal likevel seiast at det er ingenting på dette albumet som er direkte dårleg, ein får berre kjensla av stagnasjon og lite framdrift. Og det er trist, for me veit alle kva denne mannen er i stand til på sitt beste.
Det fins sjølvsagt unntak: Platas beste spor er The Fizzy and the Still og er ei fin ballade med ein nydeleg akkordsamansetjing som dreg lyaren med seg. Det same kan seiast om den irsk-inspirerte Secondary Waltz, der teksten er eit artig tilbakeblikk til det frykta juleballet på ungdomsskulen og korleis ein måtte lære seg å danse ordentleg:
Comes the day of the final manoeuvres
All of our heads are awhirl
It's getting much closer to D-day
This time we're going to do it with girls
Kven kan ikkje hugse attende til denne situasjonen?
Desse to songane er uomtvisteleg platas to klare høgdepunkt. I andre enden finn me Punish the Monkey som er noko av det mest traurige som er kome frå Knopler si hand. Melodien går ingen stader og jazz-leflinga og oppbrukte gamle vendingar berre irriterar lyaren. Eit definitivt lågmål som trekker ned heilhetsinntrykket.
Andre ting som trekker ned er at produksjonen er i overmåte flat og tenderer til å vere glatt til tider. Vanlegvis hoppar og sprett gitaren til mannen rett ut av høgtalarane, men så er ikkje tilfelle denne gongen. Denne platemeldaren tek seg sjølv i å tenke at ein har blitt litt blasert og ikkje tek seg nok tid til å finpusse lydbildet og gjort det meir spennande før utgjevinga, men snarare slege på autopiloten og gjort det som alltid har virka før.
Så konklusjonen blir, som så mange gonger før med gamle heltar, at dersom du er fan av Dire Straits og Mark Knopfler så er Kill to Get Crimson eit trygt kjøp. Er derimot denne artisten eit nytt kjennskap for deg bør du styre unna denne utgjevinga og byrje i ein annan ende, som til dømes Brothers in Arms.
Groovissimo

Jack White - Blunderbuss
(XL)
Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.
Tidligere:
Sharon Van Etten - Tramp



Underteikna har i lang tid vore knopfler-fan.Dire straits må nok gå for å vere noko av det beste knopfler har gjort, men solokarriera begynte også rimeleg bra. Shangri la var derimot etter mi meining kjedeleg. Så kom prosjektet med Emmylou, og eg mista fullstendig interessen. Mannen hadde stagnert, mista grepet om meg.
Skepsisen var difor stor då eg skjøna at mannen var klar for nye traurige ballader på sitt nye album. No blei eg rettnok svært positivt overraska. KTGC er eit mykje meir "britisk" album enn tilfelle har vore tidlegare i solokarierra, og såleis forskjellig trass i mid-tempoet. Låtane er betre; Scaffholders wife, heart full of holes og the fish and the bird er alle strålande.
Anbefalar mister Øyvind Berge å lytte på nytt. Dette er ei plate du bør gje ein sjanse. Knopflers beste ved sidan av Ragpickers dream.
Må nok framleis stå på mitt... The Fizzy and the Still og Secondary Waltz er dog to knallåtar som veks ved fornya lytting.