cover

Oh, My Girl

Jesse Sykes and the Sweet Hereafter

CD (2004) - Barsuk / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Countryrock / Folk

Spor:
Oh, My Girl
You Are Not Gotten Here
Troubled Soul
The Dreaming Dead
Your Eyes Told
Tell the Boys
Birds Over Water
Winter Hunter
House By the Lake
Grow a New Heart

Referanser:
Neko Case
Low
Nina Nastasia
Cat Power
Mazzy Star
Oh Susanna
The Walkabouts
Whiskeytown
Songs: Ohia

Vis flere data

Se også:
Like Love, Lust & the Open Halls of the Soul - Jesse Sykes and the Sweet Hereafter (2007)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Best før: Ukompliserte årstider

Sjølvransakande, seig og stilfull goth-folk frå Seattle. Sykes beheld sitt sedvanlige særpreg.

Tilfeldig kald vinterdag 2003; ei kvinne og hennar søte ettertid vitjar den mørke og små-gotiske rockeklubben Hulen i Bergen. Til prisen av ein duggfrisk halvliter vart dørene opna for ein ekstraordinær kveld med verdsleg trolldom. Med sine lavmælte og melankolske folkviser song amerikanske Jesse Sykes seg inn i mange hjerter den kvelden, deriblant underteikna som i all hovudsak hadde vandra inn på ungdomeleg måfå. Stemmemessig hadde Jesse ein varsam og hes vokal, med bortimot hypnotiske kvalitetar, og som sirener flest, forførte ho oss med sine fortryllande songar. Prikken over i'en var derimot Phil Wandescher (tidlegare medlem i alt-country bandet Whiskeytown), som injiserte ei nydelig atmosfære i musikken i form av feit country-slide på elektrisk gitar og gjorde sitt for at dette blei ein svært minneverdig aften på Hulen.

Sykes og Wandescher etablerte seg først som ein duo på slutten av 90-tallet etter eit møte på baren Hattie's Hat i Seattle. Seinare har fiolinist Anne Marie Ruljancich (The Walkabouts, The Shins), bassist Bill Herzog og trommeslager Kevin Warner fått plass i The Sweet Hereafter. Kompaniskapet har vist seg å vere ein ubetinga suksess, og etter ei kritikarost debutplate, konsertar med blant andre Steve Earle, Richmond Fontaine og Death Cab For Cutie, er Jesse Sykes and the Sweet Hereafter klar med nytt album på Barsuk Records.

Oh, My Girl er etterkommaren til den særs vellukka førsteskiva Reckless Burning (2002), eit album som av enkelte blei omtala som "spooky american music" eller eventuelt "gothic country", lagt fint til rette ein stad i nærleiken av Cat Power og Neko Case. Tek vi først ein grov samanlikning av dei to platene, er det lite utvikling å spore her, og Oh My Girl representerar såleis ikkje noko særleg nytt for dei som har gjort seg kjent med den tidlegare utgjevinga. Framleis tek vi plass i det stillferdige hjørnet av americana-stallen, no som før henvist til området der cowboyar stirrar i sagmasken og let tonane trille døsig avgårde mot oss. Majoriteten av låtane tek utgangspunkt i det stillfulle gitarspelet til Wandescher og den eminente måten han gjer bruk av klang og reverb-effekter på. Jesse på si side beherskar framleis den ømme og sarte vokalstilen og langt framme i lydbiletet skaper den eit umiddelbart nærvær.

Tittelsporet er på dartspråket ein solid "bulls eye". Rett i blinken frå første sekund og nesten like storslått som opnings-eposet Farewell Transmission på Songs: Ohia sitt gjennomført fantastiske album Magnolia Electric Co (2003). Når Ennio Morricone-liknande gitarlinjer sveipar gjennom ørkenen og fiolinen bekreftar sin posisjon som eit tårevått og nostalgisk instrument, er det ikkje måte på velbehag. You Are Not Gotten Here, byggast omtrent på dei samme prinsippa, men denne gangen med ein delikat plukkegitar som svevar frå side til side i lydbiletet og opnar opp for ei vemodig vise om sakn og lengsel. Historieforteljaren Jesse formulerar derimot sjelden klare og utvetydige tekstar frå A til B, og personleg følte eg at ein stor del av det poetiske biletspråket gjekk langt over mi fatteevne. Store tekstuelle analyser får du altså ikkje her i dag, men låttitlar som Troubled Soul, The Dreaming Dead og Grow a New Heart meir enn antydar den generelle stemninga på Oh, My Girl. Når låt nummer tre slentrar "coolt" forbi med jordnære western-rytmer, fyldig koring og enkelte innslag av tex-mex, skrur vi volumet opp på maks til stor glede for resten av bu-kollektivet som vi kan høyre banker hardt i veggen i evig takksemd.

Etter ein slik storslått åpning er det ein aldri så liten nedtur å oppdage at den midterste delen av albumet (The Dreaming Dead, Your Eyes Told, og delvis Birds Over Water) gjeng over i meir anonyme rekkjer. Utan å ville karakterisere desse som direkte skuffande låtar - det er fortsatt eit solid stykke håndarbeid - merkast likevel ein svak eim av idetørke på dette stadiet. Og medan vi likevel er inne på det negative, kan det vere greit å nevne at Oh, My Girl, i sin heilheit (og med forrige utgjeving som referanse), nok kan kritiserast for å bli litt einsformig i lengda. Mi onde tunge kan nok i eit tilfelle av verbal sleivsparking finne på å omtale dette som "Reckless Burning vol 2", utan at det nødvendigvis er ei korrekt eller feilaktig skildring.

På tross av denne "uskuldige" hetsen, bør det påpeikast at albumet har langt fleire positive enn negative aspekt ved seg, og ein finn mange godbitar på siste delen av albumet. Ypperlege Winter Hunter har ei uimotståeleg vakker melodilinje, og fiolin, pedal steel, piano og gitar-reverb er med på å skape eit varmt og behageleg lydbilete. House By the Lake vekslar mellom den banjo-drevne melodien og meir eksperimentelle jazz-finurlegheitar, medan Grow a New Heart avsluttar den lågmelte seansen på aller beste vis.

Så absolutt endel å sette tenna i her. Sjølv om eg til tider kunne ønske meg litt meir variasjon i det musikalske uttrykket (og håpar at neste album vil inneholde dette), er det berre å konkludere med at Jesse Sykes & The Sweet Hereafter igjen har levert ei skive av høg kvalitet. Då er det sjølvsagt lov å glede seg til neste gang bandet besøker oss her oppe i det kalde nord. Oh My Girl, la det skje snart!

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Black Ox Orkestar - Ver Tanzt?

(Constellation)

Klezmer-punk og balkansk delirium-dans i ly av Silver Mt. Zion? Gjør klart for Black Ox Orkestar!

Flere:

My Dying Bride - Songs of Darkness, Words of Light
The Samuel Jackson Five - Easily Misunderstood