cover

Major Parkinson

Major Parkinson

CD (2008) - Degaton / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Prog / Psykedelia / Hardrock / Post-punk / Ska / Musikal / Glam

Spor:
Bicycle!
Bazooka Mirror
Meat Me in the Disco
Silicon Hips
Casanova
It's a Job
Sanity Fair
Death in the Candystore
197
I Am Erica
Awkward as a Drunk
Greatest Love

Referanser:
Mr. Bungle
Tom Waits
Frank Zappa
The Residents
Pixies
Queen
The Mars Volta

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Eit boblande og overfylt beger

Den heilt store skjelven skapar dei nok ikkje. Men ein habil dose tonevanvidd av det rammande slaget byr dei no like fullt på.

Mitt aller første møte med Major Parkinson forårsaka eit aldri så lite hakeslepp.

Vi hadde høyrt nokre rykte om at kvintetten frå Odda skulle vere ei særdeles minneverdig live-akt. Men slike rykte dukkar jo opp rett som der, utan at det alltid er så mykje hald i dei. Så det var ikkje rykta som førte oss inn i lokala dei skulle spele i denne seine nattetime. Det skuldast nok meir ein tungt utvikla lakenskrekk kombinert med ein trong for litt meir øl.

Major Parkinson var ikkje langt inne i sitt første nummer før ølet var gløymt, haka datt ned og eit par salige glis byrja vekse fram. For det som tok form framføre oss var vi slett ikkje førebudde på. Eit gnistrande stafettløp mellom frenetiske åtak og ventande, jabbande pulsslag. Og ein vokalist som eigde scena. Eigde den med ei spastisk-psykotisk framferd heilt og fullstendig i eitt med musikken.

Eg fant ut at dei hadde ein EP ute. Den vart hanka inn. Den skuffa. Identitetslaus og heller tafatt prog-rock. Men, den skildra dei kanskje i eit tidleg stadium, så det kunne vel vere håp om at det neste innspelte objektet med deira namn på var av eit anna kaliber? Det skulle ta si tid før noko slikt dukka opp. Først no, eit par år seinare, er debutalbumet klart.

Ikkje heilt ukjente Sylvia Massy meldte seg for ei tid tilbake, via MySpace, som dedikert fan av bandet. Smigra og lysten på lyden ho kunne hjelpe dei med å få til drog bandet til California for å få feitt på arrangementa. Då denne meldinga kom underteikna for øyro var det nok ikkje tankar som - "neimen amerikansk stjerneprodusenthjelp også då gitt, dette blir spennande" – som fall meg nærast å tenke. For sett bort frå det dama gjorde saman med Seigmen har det vore lite Massy-involvert stoff som har tiltalt meg i særlig grad. Lukkast ho så saman med dei fem unge karane frå den vaklande industribygda nedunder dei bratte fjella? Tja, dette er laga av noko ganske anna, og langt brunstigare, enn den EP'en eg nemnte, men friskar slett ikkje til på same skarpskodde vis eg minnest dei frå scena den sommarnatta.

Det freakshow-inspirerte coveret varslar om kva vi har i vente frå innsida. Ein kakafonisk stilblandings-seanse av det litt vel mettande slaget. Slik er i alle fall første inntrykket. Etterkvart renn noko av feittet til sides, og gjer til kjenne ein og anna spenstig nyanse, små luftlommer og smittsame melodilinjer. Utan at eg heilt klarer å kvitte meg med irritasjonen over Glossy-Massy preget, og dei litt over kanten teatralske partia.

Vokalist Jon Ivar Kollbotn si røyst kan vel trygt seiast å ha det meste som trengst av autoritet og kraft på plass. Mørk, burlesk, dramatisk, bjeffande, rumlande, syngande, remjande, brølande, snakkande har han vel så mykje trekk av ein skodespelar som ein konvensjonell rockesongar. Av og til trur eg han kunne ha gjort musikken ei teneste med å halde litt igjen. Men veldig ofte opplever eg han som forvirringa og galskapen sin fullkomne skildrar.

Den barske rytmikken og dei skarpslipte gitarlinjene til bandets to gitaristar dempar slett ikkje inntrykket av at her meinar ein vitalt alvor og djevelsk moro. Noko som også kjem opp, fram, og rett i fjeset på ein i postpunka Bicycle, suspekt dansbare Meat Me in the Disco, morderisk tette It's a Job og det kvasskanta sing-a-long tilfellet Death in the Candystore. Men innimellom desse byr dei dessverre også på overproduserte, overoppfylte og langt meir preglause saker som Bazooka Mirror, Silicon Hips og Queen-patisjen Sanity Fair.

Ein litt magrare og meir presis produksjon trur eg hadde kledd Major Parkinson betre. Det er dei heilt sikkert karar om å få til også, men må då sannsynlegvis by opp nokon med eit litt anna fokus enn Sylvia Massy til dans.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Weeping Willows - Into the Light

(Grandcentral Records)

Weeping Willows leverer et fjellstøtt popalbum, uten en eneste svak låt.

Flere:

Robert Plant & Alison Krauss - Raising Sand
Supersilent - Supersilent 7