cover

New Sounds from the Past

Syntax-e

CD (2007) - Division / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
Pop / Disco / Dance

Spor:
Big Love
I Don't Believe
Gone Fishing
Times Went By
Mojo
Sounds From the Past
She Would Never Fly
I Miss You
Paris Kansas
If the End is Near

Referanser:
Jamiroquai
Bee Gees
Frank Hammersland
Thom Hell
Erlend Øye
Moloko
Justin Timberlake
Timbaland
Jim Stärk
Röyksopp

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Ein spennande tanke er ikkje alltid nok

Dette er i høgste grad musikk som eignar seg vel så bra på dansegolvet og på klubbscener.

Syntax-E er eit besnærande kjennskap. Dette såkalte "popkollektivet" er ei samling av tungvektarar frå den norske gitarpopverda som har drista seg ut i electronicaens farlege bakgater. Resultatet blir musikk av sprikande kvalitet.

Mange har nok allereie høyrd den friske singelutgjevinga I Don't Believe mange gonger på radioen. Salige Thom Hell står overraskande nok bak vokalen på denne lettbeinte poplåta, og underteikna blei etter å ha kome over denne songen mange gonger særs nyfiken på kva dette prosjektet kunne gå ut på. No, etter fleire gongers intense gjennomhøyringar må eg seie at inntrykket har falma bittelitt. Det heile blir litt for gjennomtenkt sukkersøtt og kommerst, spør du meg, og musikken er ikkje spennande nok til å halde på lyaren si fulle merksemd heile vegen gjennom. Det skal dog seiast at det kanskje ikkje er meininga med denne utgjevinga at den skal kun lyttast til. Dette er i høgste grad musikk som eignar seg vel så bra på dansegolvet og på klubbscener. I ein slik setting er dette eit blinkskot. Som musikk å lytte til er det derimot ikkje like spennande.

Henrik Moy Askildsen og Kim Modalsli har fått med seg eit skikkeleg A-lag på utgjevinga, og det gjer det i seg sjølv verd å sjekke dette produktet ut. I tillegg til tidlegare nemnde Thom Hell dukkar sjølvaste Frank Hammersland opp fleire plassar, Tomas Pettersen frå King Midas er med og Tom Rudi Torjussen frå Jim Stärk, for å nemne nokre. Dette skulle borge for ein skikkeleg tour de force, men diverre må det meldast at lufta temmeleg fort går ut av ballongen. Med unntak av I Don't Believe er det berre to andre spor som eg skikkeleg har klart å få taket på.

Big Love er ein glad danselåt i same gata som høyres ut som den er ein avleggar av Jamiroquai eller kanskje til og med Moloko på sitt beste. Eg vil driste meg til å seie at dette er det desiderte høgdepunktet på New Sounds From the Past. Refrenget sit som ei kule og med den heilt passande teksten oh yeah, all right, there's gonna be some dancin' tonight er dette ei lykkepille som vil trille i underteikna sin platespelar resten av hausten.

Det andre sporet eg vil framheve er den drøymande, atmosfæriske songen She Would Never Fly. Dette er rett og slett eit praktfullt døme på nordisk tristesse innpakka i elektroniske, dansbare rytmer. Då får det heller passere at både melodien og vokalen ligg farleg nærme ting som Poor Leno og Remind Me på Røyksopps meisterverk Melody A.M.

Med andre ord, dei tre nemnde songane gjer at plata hevar seg og er einskildspor av særs høg klasse. Diverre er det døme som slår ut i den andre enden av skalaen. Mojo er det grimmaste av desse. Sporet er ein saus av hip hop-rytmer, rapping og elektronisk støy. Inspirasjonen her er tydeleg henta frå Timbaland og Justin Timberlake, kanskje litt Pharrell også. Dette er eit landskap Syntax-E på ingen måte meistrar og noko dei på alle måtar burde unngå neste gong. Dei greier seg best når dei er lett ironiserande over 70-talls disko og når dei er svevande og sorgfulle. Ein trur rett og slett ikkje på dei når dei freistar å låte som amerikanske gangstas.

Som heilskap blir difor denne skiva ei særs sprikande affære. Ein finn særs sterke spor å ta av her, men dei er diverre i mindretal. Tanken bak albumet er spennande, men det held ikkje heilt inn for å bruke ein sportsfloskel. Dersom bandet greier å fokusere meir og finne sin eigen stil til neste gong trur eg derimot at Noreg vil få eit nytt stort electronicanavn som kan kome seg godt ut i verda.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Low Frequency in Stereo - Futuro

(Rune Grammofon)

Med sitt fjerde album treffer The Low Frequency in Stereo blink, og slår til med en psykedelisk tur i kraut-land.

Flere:

Weeping Willows - Into the Light
The Mormones - Guide To Good And Evil