Genre:
Rock
Stiler:
Alternativ / Indierock / Shoegaze / Drømmepop
Spor:
Twinkle
When We Were Young
Tripped
The Honeymoon Is Over
We Don't Need Nobody Else
Blinded
Personality
Users
Fiction
Morning Rise
A Natural
Referanser:
Nick Cave and the Bad Seeds
Joy Division
Echo & the Bunnymen
The Velvet Underground
Alle tiders syndebukker
Irske Whipping Boy leverar eit album som balanserar på ein knivsegg mellom det groteske og det umiddelbart vakre.
11.02.2004
Musikkhovudstaden Dublin er kjent for så mangt: sine lystige drikkeviser, gitarpøs-bandet My Bloody Valentine, det nokså kjente U2 og heavyrockerne i Thin Lizzy, for å nevne eit knippe representantar. Men det fremste bandet som oppstod i denne byen er for meg utvilsomt kvartetten kjent som Whipping Boy. Bandet fikk si opprinning i 1988 då under navnet Lolita and the Whipping Boy, men etter at den kvinnelige gitaristen fant andre syslar blei navnet betydelig forkorta. Det førte til at dei gjenværande medlemmane Fearghal McKee (vokal), Myles McDonnell (bass), Paul Cage (gitar) og Colm Hassett (perkusjon) muligens stod litt slukøra tilbake. Uansett kva deira reaksjon var, kan ein ikkje beskulde dette bandet for å være særlig lystige til sinns. Dei mest nærliggande adjektiva som kan beskrive plata Heartworm er da muligens slike dystre ord som desperasjon, tungsinn og ekstrem melankoli. La for all del ikkje dette stoppe deg fra å vie di merksamd til denne plata. Tristessen er nemleg særdeles godt utført.
Twinkle åpner svært så harmonisk ved å introdusere vakre toner frå ein ensom cello. Denne idyllen blir imidlertid ein ganske kortvarig affære då lyttaren snart hører ein kaskade av grumsete gitarriff, progressive bass- og trommeganger og Fearghal sin rolige, men likevel aggressive måte å synge på. I stil og innhold kan vokalen gi assosiasjoner til artister som Nick Cave, Cathal Coughlan og Ian Curtis frå legendariske Joy Division. Åpningsporet er også svært representativ for Whipping Boy sin måte å arrangere musikken på. Eit viktig kjenneteikn er kontrasten mellom dei ofte rolige og melodiøse åpningane i låtane, den stadige auken i intensitet og den bråkete nesten litt improviserte måten å avslutte låten på (ikkje at det er Machine Head det er snakk om her).
Musikalsk sett trør nok ikkje Whipping Boy på heilt ukjente beitemarker med denne plata. Oppsettet er tradisjonelt nok, med kombinasjonen gitar, bass og trommer, uten det store fiksfakseriet. Det virker å være tydelig nok at bandet har fått sin dose Velvet Underground og Joy Division inn med morsmjølka. Likevel har Whipping Boy eit relativt "eget" preg over seg. Det hører og med til sjeldenheitene at ein møter eit band der vokalisten får slik boltreplass som Fearghal får på denne plata. Ta for eksempel førstesingelen We Don't Need Nobody Else. Bortimot uten pustepauser og med tekstlinjer nesten lengre enn denne anmeldelsen spyr vokalisten her ut ein smule antagonistisk holdning til sine medmenneske. Likevel er det vanskelig å ikkje la seg fascinere av det åpenbart ærlige både i vokalisten si spesielle formidlingsevne og i tekstane han serverar oss. Når det i A Natural går fram at han lid av ein kritisk form for schizofreni virker det som den mest naturlige ting i verda. Og når han i When We Were Young lengter tilbake til ein barndom fylt med dop, vold og hor er det nesten vakkert.
Det er ikkje langt mellom høgdepunkta på Heartworm. When We Were Young og Morning Rise var for meg umiddelbart fengande i all sin enkelheit. Sistnevnte låt blir igjen nydelig akkompagnert med bruk av cello og andre flotte strykeinstrumenter. Den litt såre The Honeymoon Is Over er og ein virkelig slager. Plata inneholder 11 låter (A Natural som skjult spor) og varer bortimot 44 minutt. Skal ein komme med ein dose kritikk av Heartworm går det kanskje mest på det produksjonsmessige. Sjølv om produsent Warne Livesey har gjort ein relativt grei jobb her, kan ein nok innvende at det enkelte ganger kan virke litt tamt, då særlig på dei mest bråkete låtane. Men dette er uansett småplukk. Whipping Boy har her gitt ut eit bortimot perfekt plate som fortjenar langt meir oppmerksomheit enn den hittil har fått.
Som en morsom kuriositet kan det være verdt å nevne at plata er fullasta med tekstlige referanser til diverse kjente og ukjente personligheiter, alt frå Bono til den svenske operasangaren Jussi Bjørling. For dei som er interessert i slikt.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Sgt. Petter - Monkey Tonk Matters
(New Records)
Frå ein lovande debut til ein sjelevitaliserande oppfølgjar. Sersjanten leverer eit av årets definitive norske høgdepunkt på platefronten.
Flere:
Arve Henriksen - SakuteikiDevendra Banhart - Niño Rojo