Genre:
Pop
Stiler:
Vaudeville / Bossanova / Evergreen / Easy Listening / Funk / Dance / Jazzpop
Spor:
All In One
Sweetheart
Criminal
Cool About
Melody
So
Midnight
Leo
I'm Gonna Get You
Bonnie Michelle
Oh My Soul
Referanser:
Ella Fitzgerald
Billie Holiday
The Andrews Sisters
Serge Gainsbourg
The Carpenters
Björk
Saint Etienne
Sara Lov
Førtitalet i år 2009
Fortidsbaserte og kurante låtar vert ført inn i svale, fargerike og taktgode arrangement.
06.11.2009
Dette er ikkje første gongen Mari Persen spelar på ei plate. Ho har vore der med fiolinen sin på mang ei innspeling. Med Real Ones, med John Olav Nilsen & Gjengen, med Madrugada, og mange fleir. Men dette er første gongen ho er med på ei innspeling som ber hennar namn, og som handlar om hennar songar (stort sett). Songar som hentar tonane sine frå tider då rock'n roll enno ikkje hadde skjedd. Tider då Ella Fitzgerald, Vera Lynn og Andrew Sisters var på høgda.
Men ho står ikkje fast der, i dei tidene. Ho er her og no også. Med groovy rytmikk og epokeoverskridande popeleganse. Ho flyr slett ikkje høgt på originalitet og slikt, men kjem langt med sjarm, varme og fasetterte arrangement.
Låtane hennar høyrer vel kanskje ikkje med til dei sterkaste og mest fullkomne som er blitt laga. Ho og hennar medsamansvorne fører dei imidlertid til torgs i klednad og skapnad som så avgjort gjer dei interessante (stort sett).
Hennar medsamansvorne er nestoren HP Gundersen, som har deltatt i produksjonen, og komponert eit par av låtane. Elles er det dusinet overfullt av medspelarar. Der ein vel særlig merkar seg det dynamiske og avgjerande groovet mange av låtane er utstyrt med. I dei fleste tilfeller effektuert av Tarald Tvedten og Tommy Haltbakk. (Sistnemnte er frontfigur i popbandet The Royalties, der Mari Persen er ein av medlemmene).
Mari Persen sjølv gjer så mykje meir enn å spele på fiolinen. Ho står fram som reine multiinstrumentalisten. Og så har ho ei yndig røyst. Ei røyst som syng om kjærleiken, musikken og natta. Med hovudet heva, blikket opent, og smil om munnen. Lett dansande.
Den sentralt plasserte songen Melody er trekkspel, ein "lovely night cafe", Paris, 1946, liljelukt og romantikk. All in One har noko av det same i seg, men også eit groove med meir modernitet i ganglaget. Endå meir no, og endå meir groove, er Criminal. Yppale og popfunky Criminal. Med sitt friske arrangement, der psykedeliske fiolintonar gjer seg sterkt gjeldande, i samspel med orgel, blåsarar, harmonisk hjelp frå eit par unge menn, og eit djupt groovy rytmemønster. Eg trur vi kan kalle det albumets høgdepunkt.
I eit popfunky bilde finn vi også Cool About og I'm Gonna Get You. Førstnemnte ein HP Gundersen komposisjon som blir litt for slick. Sistnemnte ein driftig og smårøff sak, der Ronnie Le Tekrø kveikjer ein effektfull gitarsolo i siste fase. Mindre groovy, men popfin og attraktiv på dei fleste sett er Bonnie Michelle (Gundersens andre). Medan Sweetheart og Leo plukkar med seg litt svermerisk disneystemning.
Ho har plukka frukter og samla inspirasjon frå mangt eit bord. Men ho overdriv ikkje når det kjem til å gje det ei form. Den heng saman den, og gjer plass. Ikkje det at det er skilsetjande og forbløffande på noko som helst vis, det er det ikkje, men bra er det. Hyggelig, spenstig og bra.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Ralph Myerz & The Jack Herren Band - A Special EP
(Emperor Norton)
Nytt skudd på det elektroniske treet leverer fine finesser i kjent bergensk stil.
Flere:
Diverse artister - If I Make It Through ChristmasMagnolia Electric Co. - Sojourner