cover

The Brain That Wouldn't Die

Goodnight Monsters

CD (2005) - Bone Voyage / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Indiepop / Twee-pop / Prog

Spor:
Girls
Big Jet
20 Fingers 20 Toes
Inspector Pharao Pt. 1: Theme
Back Porch
Under the Umbrella
Inspector Pharao Pt. 2: The Fight & the Lover
I Was a Teenage Soldier
Phone Booth
Demonstrator
Inspector Pharao Pt. 3: Sunset at the Ranch

Referanser:
Ween
The Pastels
They Might Be Giants
BMX Bandits
Jonathan Richman

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Skakk ufarlig sjarm

Vimsete og uskyldsblåe poptonar frå eit finsk soverom.

I motsetning til kva som er tilfelle hos ein viss redaktør så stansar min kjennskap til finsk musikk ganske så momentant etter Jean Sibelius, Leningrad Cowboys og 22 Pistepirkko. I mai i år vart dette noko motvillig utvida med ei akt til, idet nokre heller patetiske monster brumma fram eit Hard Rock Hallelujah på så "sjarmerande" vis at dei fekk telefonlinjene til å gløda over store deler av Europa. Når eg så nokre veker seinare oppdaga eit finsk band med det velklingande namnet Goodnight Monsters på tilbodslista til den nemnte redaktøren, ja då tenkte eg at her ligg det kanskje ein aldri så liten skøyarstrek på lur. Heilt slik var det nok ikkje.

Goodnight Monsters er to karar frå Turku, dei er i byrjinga av 20-åra, heiter Matti Jasu og Valtteri Virtanen, og har særdeles lite med Grand Prix-monstrene å gjere. The Brain That Wouldn't Die spelte dei inn på eit lite soverom allereie i 2004, men dei har altså ikkje fått sendt plata ut av nabolaget før i desse dagar. Den inneheld verken revolusjonerande, spektakulær eller for den saks skyld meisterlig popmusikk. Presisjonsnivået er haltande og vokalen er til tider småsur, men plata har ein sjarmfaktor litt over snittet, og sånn cirka ei handfull låtar dyrka fram ved hjelp av fruktbar melodisk gjødning.

Med usymmetriske linjer tilverkar dei to karane sine enkle låtar som ein slags sonisk ekvivalent til ei naivistisk teikneseriestripe-verd. Ei verd som har fleire likskapstrekk med den verkelige, og som derfor har sitt å stri med. Men frå ein utkikkspost bakom soveromsvindauga blir det heile noko meir lyseblått og fjernt enn i frontlinja. Så derfor kan ein rime "tangerines" med "tambourines" og "rather hang out in the phone booth" når verda bli for grufull. Og når ein blir uroleg for "all the global beat" som attvalet av "the greedy pig" har forårsaka, ja då kan ein kanskje oppsøke den mystiske Inspector Pharao. Ein skikkelse som dukkar opp i tittelen på tre korte instrumentalar med visse filmatiske noir/Morricone-tendensar.

På sitt aller yndigaste er Goodnight Monsters når dei reknar seg fram til 20 Fingers 20 Toes. I skjør og sval popordning, og med vokalhjelp frå ei dame med namn Essi, skildrar karane her to elskande kroppar sin kopulasjon, på sømelig vis. Den popstormande Under the Umbrella kjem på si side inn frå ein litt meir uvørden og pågåande kant, og det med tonar det er lett å like. Høgdepunktet trur eg like fullt må bli Demonstrator. Den varer nær på ti minuttar. I den vokale delen går karane til eit frontal-angrep på platebransje, radio og kommersialisme, før dei så brukar dei siste sju minuttane til å virre seg inn i eit instrumentalt og absolutt dugande psykedelia/prog-opplegg.

Hovudinntrykket blir like fullt noko slikt som at dette er popgreitt og artig nok, men det hadde ikkje skada om substansfaktoren hadde vore noko høgare, eller kanskje litt meir skremmande.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Kid Loco - Kill Your Darlings

(Royal Belleville Music)

En forskrudd rundreise i selskap med dampende halliker, horer og annet pakk.

Flere:

Atomic - Boom Boom
Devendra Banhart - Niño Rojo