cover

The Waltzmeister

Daisy (no)

CD (2004) - Unicorn

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Cabaret / Alkojazz

Spor:
Tune In
An Ambivalent Love Story of a Female Vampire
Play
Waltzmeister
Anywhere
My Purple Umbrella
Waste of Space
Happy
Hold Your Horses
My Love's Black Eye
Sometimes the World Dies

Referanser:
Kari Rueslåtten
Tori Amos
Kate Bush
Edith Piaf
Velvet Belly

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Den siste dansen

Daisy vil gjerne underhalde deg, men mangel på sjarm, humor og tyngde knuser ambisjonane.

Etter å ha levert det som ryktast å vere ei rekkje fortryllande konsertar i hovudstaden, har norske Daisy av enkelte blitt omtala som den reinaste kronjuvelen i Oslo sin musikkundergrunn. Det er som oftast vokalist Hilde Bjerkeskaug og hennar unike songeigenskapar, kombinert med ei teatralsk og hypnotisk framføring, som har fremja ei slik vilter begeistring. Det er difor på sin plass med ei tilståing. Eg har aldri sett bandet utfalde seg på scena, og kan difor ikkje uttale meg om skildringa har noko for seg. Men for meg vert debutalbumet The Waltzmeister ei long, einsformig og døsig affære, som på ingen måte stend fram som det umiddelbare publikumsfrieriet ein kunne ønska seg.

Uoriginalt er likevel ikkje eit treffande ord for å skildre musikken. Det er ikkje altfor mange band (i Norge, i alle fall) som har spesialisert seg på å blande formulaiske popmelodiar med leiken cabaretmusikk og pianojazz med eit visst elektronisk tilsnitt. Daisy skal såleis ha skryt for å vere utradisjonelle i forma. I tillegg klarar dei å bevise at dei er særs kompetente musikarar. Hovudproblemet slik eg ser det, er derimot at låtane blir ein smule innhaldslause. Det eg saknar er først og fremst progressivitet; det verkar på fleire låtar som om bandet er tilfreds med å stivne fast i eit roleg repetitivt lydbilete, og med eit laidback tempo der den operatiske vokalen skal trille i endelause variasjonar utan at musikken får annan funksjon enn å vere nødvendig bakgrunnsfyll.

Ofte sit ein attende med ein kjensle av likegyldigheit, og i verste fall tomheit når Daisy på lett slentrande låtar som Waltzmeister og My Purple Umbrella inviterar lyttaren inn i sakte dansemodus utan å by på eit gram underhaldning til publikum. I motsetnad til ein artist som Edith Piaf, som synast å vere ei stor inspirasjonskjelde for Daisy, vert det frykteleg forsiktig cabaret i motsetnad til den bombastiske og nærast aggressive cabareten vi førebind med Mme Piaf. Forhåpentlegvis klarar bandet å tilføre meir tyngde og ikkje minst humor på scena, men det har eg som sagt ikkje særleg kjennskap til.

Det vert difor befriande å høyre Daisy kaste den seriøse maska i låta Waste of Space. Der er vokalen ein fiktiv dialog mellom russiske romfararar og grøne romvesen, den påfølgande kampen er manifestert med filmatisk science-fiction lydeffektar og låta avsluttast med pompøs russisk sigersmusikk. Ein god og original låt! Samstundes synast eg Daisy til ei viss grad er i sitt rette miljø når dei reindyrkar den enkle popmelodien og unngår å lefle med for mange klassiske jazzelement. Enkelte av desse låtane er relativt behagelige for øyret. Gode eksempel er først og fremst Anywhere og Happy, som får meg til å tenkje nokre år tilbake på gode kvelder i selskap med Velvet Belly og den utsøkte vokalen til Anne Marie Almedal. Misforstå meg ikkje no. Daisy er ikkje i nærleiken av å gjenskape den magiske stemninga vi finn på album som Lucia og The Landing, sjølv om dei oppheld seg i omtrent det same musikalske landskapet.

Det må og nemnast eit par ord om produksjonen på albumet. Gitarist Olav Lystrup Thesen har hatt det største ansvaret, og kan difor skuldast for at det i verste fall står fram som eit tamt og kjedeleg 4-spors opptak. Lyden av gitarane og ikkje minst trommene (til dømes den direkte svake trommelyden på Happy) blir plassert altfor langt bak i lydbiletet og vert difor redusert til reine bakgrunnselement, noko eg meiner er eit prov på ein middelmådig produsentjobb.

The Waltzmeister er for meg ingen stor utgjeving. Bandet skal likevel ha takk for eit originalt forsøk, men betre lykke neste gong.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Mclusky - The Difference Between Me and You Is That I'm Not on Fire

(Too Pure)

Mcluskys tredje og kanskje beste skive er en frydefull utøvelse i pulveriserende støyrock.

Flere:

Pat Jordache - Future Songs
Rosanne Cash - Black Cadillac