cover

Three Chords... One Capo

Four Square

CD (2003) - Bad Taste/Smekkleysa / MNW

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Punk / Emo / Indierock / Poprock

Spor:
Mistreated
Just Like Me
Hitmaker
Office Space
The Line
Poison Arrows
Life Forgotten
Tee Vee
Steps
We Alone
1000 Sorrys

Referanser:
Weezer
The Get Up Kids
Braid
Foo Fighters

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Livlaust

Four Square freistar tilværelsen ein eller annan stad på ei temmelig overbefolka dynge.

Four Square kjem frå Toronto, men gjev ut sitt andre album Three Chords... One Capo på den svenske labelen Bad Taste. Der er dei forøvrig i selskap med andre rimelig hardtslåande band frå Canada som All System Go! og Danko Jones.

Sjangermessig freistar Four Square tilværelsen ein eller annan stad på den temmelig overbefolka pop/rock/punk/emo dynga. Bandet viser dessverre lite på Three Chords... One Capo som skulle tilseie at dei kan stige fram frå denne store røysa og bite i frå seg. Først og fremst fordi dei manglar låtar, melodilinjer, hooks, dynamikk, spenning. Vel, då manglar sant å seie i grunnen det meste som skal til for å fange min interesse, i alle fall.

Den eine etter den andre klarar låtane det kunststykket det er å smyge seg unna oppmerksomhet. Eg har prøvd gang etter gang å oppdage dei, men heilt umerkelig lurer dei seg forbi, så nå veit eg ikkje om eg gidd å leike denne leiken lenger.

Sant nok er det antydning til vitale tonar i åpningssporet Mistreated og avslutningen 1000 Sorrys, mens Life Forgotten er eit brukbart forsøk på å senke tempoet, men eg synest ikkje det er godt nok til at eg kan karakterisere dette som så veldig kjekt. Hitmaker som skal ut på singel og forsøksvis skaffe bandet ein hit, har vel strengt tatt ikkje meir enn tittelen til felles med slikt (utan at eg skal utrope meg sjølv til å ha synderlig kompetanse på akkurat det området).

Produksjonen, temmelig flat og glanslaus som den er, gjer også sitt beste for å kamuflere det som måtte være av gode tilløp til vilterhet og glød. Så skal Four Square ha noko å fare med i framtida lyt dei nok bli meir fandenivoldske, skaffe seg ein dose særpreg, samt snekre ihop atskillig betre låtar. Då, kanskje...

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


80-tallets kulturelle polpotisme: Minner fra et innblikk i keiserens nye garderobe

- Det var en vidunderlig tid for eklektiske og komplementære platesamlere som dreit i trender og musikkpolitiske tvangstrøyer, men for bløffmakerne og posørene i post-punken må det ha vært en rigid og tøff tid.

Vinnere: Working Class Hero
Vi har trukket ut to vinnere av festivalpass til Working Class Hero-festivalen i Drammen.

Lytt: The Walkmen - Heaven
Det nye albumet til The Walkmen slippes 4. juni, men kan allerede nå høres i sin helhet på NPR.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Första demon ute
21.05.12 - 19:28

Gitarist søkes!
20.05.12 - 16:47

Backing vokalist sökes
20.05.12 - 14:41

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Jack White - Blunderbuss

(XL)

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Tidligere:

Sharon Van Etten - Tramp