cover

Give US Your Poor

Diverse artister

CD (2007) - Appleseed / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Americana / Countryrock / Vise / Blues / Singer/songwriter / Poprock

Spor:
Land of 10.000 Homeless / Minnesota
Show Me the Way
Baby Don't Let Me Go Homeless
There Is No Good Reason
Hobo's Lullaby
So Lonely
Becky's Tune
Walking the Dog
My Name is Not "Those People"
I Think it's Going to Rain Today
Portable Man
Boll Weevil
Ink Falling (Father Outside)
Stranger Blues
1000 Miles Away
Impossible Boulevard
Feels Like Home
When We Left Minneapolis
Here and Now

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Som seg hør og bør ei veldedighetsplate

Ei sprikande og ujamn plate musikalsk sett. Vil du derimot lette på samvitet og støtte 3.5 millionar heimlause amerikanarar er denne eit godt kjøp.

Vanvittige 3.5 millionar menneske er til ei kvar tid heimlause i Statane. Over ein million av dei er born. Dette har organisasjonen Give US Your Poor, som har sitt utspring ved University of Massachusetts i Boston, tenkt å gjere noko med. Eit av tiltaka er denne CD-utgjevinga, som også er tilgjengeleg som dokumentarfilm, der brorparten av overskotet vil gå til non-profit avdelinga Give US Your Poor: Campaign to End Homelessness. Me kan difor vere rimeleg sikre på at me i alle fall gjer ei god gjerning ved å anskaffe denne utgjevinga, noko som i det store og det heile er det viktigaste just i dette tilfellet.

Det er i det store og heile vanskeleg å bedømme det musikalske på utgjevingar som dette. Alt er spunne rundt temaet heimløyse og det gjer det vanskeleg å sjå objektivt på dette som eit sjølvstendig stykke musikalsk arbeid. Men som seg hør og bør ei veldedighetsplate er den reint musikalske gløden og kvaliteten ujamn. Ein får dei heilt store triumfane, og så får ein heilt unødige og tullete spor. Brorparten av spora ligg heilt på det jamne, utan å korkje engasjere særleg eller å få foten til å gå.

La oss ta det beste først. I ei klasse for seg sjølv finn me sjølvaste Bruce Springsteen og Pete Seeger. Saman tolkar dei den freske Hobo's Lullaby med ei innleving og entusiasme som yngre artistar berre kan drøyme om. Med dei nemnde herrar sine rustne røyster, akustiske gitarar og briljerande banjospel er dette ein real højdare av ein song som hevar plata atskillige hakk. Det andre sporet som er verdt å få med seg på denne samlinga er fabelaktige Bonnie Raitts samarbeid med bluesheidersmannen Weepin' Willie Robinson. Dei gjer Rufus Thomas' klassikar Walking the Dog på ein flott måte og ein skulle neimen ikkje tru at Robinson er over åtti år!

Bortsett frå desse spora er det ikkje så veldig mykje spennande å hente på denne samlinga. Jon Bon Jovi og Mighty Sam McClain gjer ein song saman som ikkje går så mange stader, Buffalo Tom leverer ein midt på treet låt og Jewel er representert med ei oversentimental sviske som ikkje burde ha vore med i det heile.

I tillegg til dette får me enkelte snakkespor innimellom musikken. Desse blir levert, mellom anna, av dei vidgjetne skodespelarane Tim Robbins og Danny Glover. Etter mi oppfatning passar ikkje desse godt inn i konseptet. Ideen er for så vidt god, og dikta dei resiterer er gode, men måten dei er produserte på er rotete og lite eigna til å gjere stort inntrykk på lyaren.

Give US Your Poor skal ha ros for å prøve å gjere noko med eit stort samfunnsproblem og å gå inn i det heile med ein idealistisk liv og lyst som er imponerande. Innleggsheftet er, til dømes, eit veldig informativt og interessant stykke lesnad som absolutt er med på å høgne verdien av det ferdige produktet. Reint musikalsk når det som sagt ikkje heilt opp denne gongen, men forsøket var bra og ein kan godt avsjå nokre kroner til slike gode formål.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo