cover

Rudebox

Robbie Williams

CD (2006) - Chrysalis / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Disco / Elektro / Garage

Spor:
Rudebox
Viva Life on Mars
Lovelight
Bongo Bong & Je Ne T'Aime Plus
She's Madonna
Keep on
Good Doctor
The Actor
Never Touch That Switch
Louise
We're the Pet Shop Boys
Burslem Normals
Kiss Me
The 80s
The 90s
Summertime
Dickhead

Referanser:
Madonna
Pet Shop Boys
So Solid Crew

Vis flere data

Se også:
Swing When You're Winning - Robbie Williams (2001)
Greatest Hits - Robbie Williams (2004)
Intensive Care - Robbie Williams (2005)

(1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7)


Svakt av Robbie

Rudebox kan best skildrast som ein blanding av kakofoni, pretensiøst tullball, tragiske forsøk på ironisk distanse og kitch...

Det er svært sjeldan at boyband-artistar greier seg på eigahand etter at tyggegummibobla sprekk og produsentane og låtmakarane deira forsvinn.

Få eller ingen hadde noko som helst tru på at Robbie Williams kom til å gjere stort av seg etter exiten frå nittitalets store boyband i Europa, nemleg Take That. Og det byrja då heller ikkje så bra.

Williams leverte ein temmeleg slapp versjon av George Michael sin klassiker Freedom til relativ lunkne platemeldingar og heller laber interesse. Men så byrja ting å skje i eit litt raskare tempo. Robbie Williams hadde allereie i løpet av 1995-96 greidd å kome seg inn i krinsen kring brørne Gallagher i Oasis, noko som gav han i alle fall eit minstemål av kredibilitet. Han var tilsynelatande også på veg bort frå det glattpolerte Take That-imaget, snakka med eit friskt språk og gav inntrykket at han ville gjere meir ektefølt og organisk musikk.

Guy Chambers, som blant anna hadde jobba som musiker for Julian Cope og The Waterboys tidlegare, kom om bord som co-låtskrivar, bandleiar og produsent, and the rest is history. Life Thru a Lens sette standarden, jamvel om den hadde ein noko trong fødsel på listene, for eit popeventyr på slutten av nittitalet og byrjinga av det nye milleniet der Williams/Chambers-partnerskapet kom til å skrive seg inn på lista blant dei store popkomponistpara som, til dømes, Elton John/Bernie Taupin. Songar som Angels, Millenium, Let Me Entertain You, Strong, Kids, Supreme og Feel er berre nokre av eksempla på songar som vil bli ståande som klassikarar frå denne perioden i popmusikken.

Kva skjedde så etter glansdagane der Williams og Chambers spydde ut hit etter hit?

Jo, det gjekk som det så ofte går. Samarbeidet surna og venskapet rakna. Exit Guy Chambers. Ein blei etter dette brotet usikre på kva veg Robbie sin musikk ville gå. Ondsinna tunger i musikkindustrien har lenge villa hatt det til at det var Guy Chambers som var den suverent leiande kreative drivkrafta i samarbeidet deira. Stephen Duffy, kjent under pseudonymet The Lilac Time, blei henta inn for å vere Robbie Williams nye låtkompanjong på Greatest Hits-samlinga hans og det forrige studioalbumet Intensive Care. Til dei flestes overrasking var albumet eit godt album og samarbeidet blei sett på som veldig lovande, med godt pophåndverk og spennande nye lydar, særskilt på førstesingelen Tripping.

Med dette i bakhovudet burde difor alt ligge til rette for at Williams siste album Rudebox skulle vere ei like suksessfull vidareføring av denne nye sounden.

La meg seie det først som sist, det er det ikkje.

Rudebox kan best skildrast som ein blanding av kakofoni, pretensiøst tullball, tragiske forsøk på ironisk distanse og kitch - og ikkje minst veldig svake tekster. No kan ein ikkje hevde at Williams nokon gong har aspirert til Wordsworth eller Shelley sine høgder når det gjeld poesi, men han har hatt det som varemerket sitt å kome med treffande, konsise og ikkje minst humoristiske betraktningar som har gjort tekstane hans til ei fryd tidlegare.

Denne gongen er det diverre ingen ting å hente på tekstfronten. "Ok then back to bass-heads, dance like you just won the Special Olympics", syng han på tittelsporet som byrjar heile ballet med naudrim og lettvinte løysingar.

"Mama was Queen of the mambo, Papa was King of the Congo, deep down in the jungle, I started playing my first bongo", syng han på Bongo Bong and Je Ne T'Aime Plus, platas kanskje mest håplause spor, ein malplassert cover av Manu Chao.

Så til musikken. Korleis skal den skildrast? På Rudebox er det så godt som ingenting att av britpop-artisten Robbie Williams me kjenner frå slutten av 90-talet.

Det er ingenting av crooneren og den store entertaineren frå Swing When You're Winning-perioden eller den dyktige vaksenpopmusikaren frå Escapology og Intensive Care.

Han reduserer seg sjølv med denne utgjevinga til ein dårleg kopi av Pet Shop Boys (som beteiknande nok bidreg på to songar) og Frankie Goes to Hollywood ispedd litt tidsriktige elektroniske lydar og litt hip hop-attityd.

Resultatet er katastrofalt. Rudebox er ei skive som, i beste fall, må ha vore meint som ein ironisk kommentar og parodi på den nye åttitallsinspirerte sounden fell totalt i gjennom og blir rett og slett plump.

Det Robbie Williams i ytterste konsekvens har gjort med denne plata er at han har "vist sitt sanne jeg", for å nytte ein velbrukt floskel. Han er ein trendnisse som hoppar på det som er i tida og prøvar å gjere store pengar på det utan å vere for oppteken av kvaliteten på produktet.

Han var heldig som hadde dyktige folk som Guy Chambers og Stephen Duffy bak seg tidlegare, men på Rudebox er dei borte og alarmklokkene burde ha ringa etter at første strofe var avsunge i studio.

Dette held rett og slett ikkje. Det er freistande å sitere platemeldaren som fekk Beatles sitt siste album Let it Be i hende og kalte det "ein gravstein av papp". Hvis dette er Robbie Williams sitt siste album så er det det næraste ein kan kome sanninga om dette produktet. Og kanskje det rett og slett er på tide å gje seg no, Robbie.

We have called your bluff, mate. Ver så snill og gje deg no medan eit minstemål av forsdums glorie enno er intakt. Gje deg no før du blir ein annanrangs og avdanka artist som desperat prøvar å halde på merksemda med stadige stilskifte.

Uansett, dersom du har fulgt Robbie Williams og blitt glad i dei gode poplåtane frå dei tidlegare albuma hans så er dette ikkje albumet for deg. Robbie Williams balanserer på ei veldig slakk line no. Me gjev han ein sjanse til, men den må han gripe - for Rudebox er ei gedigen skuffing.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Sufjan Stevens - Seven Swans

(Rough Trade)

Sufjan Stevens forlater ikke Michigan riktig ennå - men tar seg tid til litt fugletitting.

Flere:

Lindstrøm & Christabelle - Real Life Is No Cool
Kloster - Coastal Research - ideas, drafts and sketches recorded by Kloster