cover

Downhill Thrill

Herr Nilsson

CD (2007) - Karisma / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop

Spor:
Camera for an Eye
Downhill Thrill
Grey Day Blues
Huskies
So Long Havana
We Will Disappear
The Norwegian Mafia
Officer to Officer
I Don't Know How to Be Sad
On the Road Again
Killerbee
Faces and Names

Referanser:
Neutral Milk Hotel
Beulah
The Shins
David & The Citizens

Vis flere data

Se også:
I'm No Elvis - Herr Nilsson (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Moro i nedoverbakke

Ny runde skranglete vestlandspop som sprikar i både retning og kvalitet.

Den største gleda ein kan ha er å gjere andre glad.

Sånn omtrent har dei sjølv teikna opp si musikalske læresetning, dette bergenske indiepop-ensemblet. Og var du av dei som lånte eit øyre eller to til Herr Nilsson sin sjarmerande debut I'm No Elvis (2005) skjønte du nok fort at dette ikkje kun var tomt snakk. Den utgjevinga stod nemleg for meg og mange andre fram som ei sprudlande popskive med allsongvennlege melodiar, fantasirik instrumentering og ikkje minst eit par meget sterke hits innerst i ermet.

Med Downhill Thrill oppdagar ein hurtig at Herr Nilsson musikalsk sett ikkje har kverna fram altfor markante endringar dei siste par åra. Sjølv om plata ikkje akkurat representerar det kvalitetsmessige kvantespranget ein i våte draumar kunne håpe på, snakkar vi framleis om ein type humørfylt, florlett og sommarleg skranglepop injisert med nokre lune vibbar av country, psykedelia og soul. Den litt underfundige og småskeive Nilsson-stilen gjenkjennast umiddelbart når vokalist og frontmann Terje Bringsvor Nilsen (med si karakteristiske smått bristande stemme) og hans sju samansvorne dreg i gang den smittande opninga Camera for an Eye.

Det synast tydeleg at bandet har hatt det ganske morosamt under innspeling. Menyen på Downhill Thrill består av innslag av alt frå sydlandske trompetmarsjer og bossanova til visesang, pop-prog og meir streite popvennlege saker. Bringsvor Nilsen & Co viser, som på førsteskiva, litan redsle for å meisle fram melodiar som i løpet av sine 3-4 minutt svinner inn på smått snodige sidevegar, til tross for at dei stundom då står i fare for å gape over for mykje på ein gong.

Mange plusspoeng på sjarmkontoen skal dei uansett ha for å nytte både handclaps, woo-hoos, klokkespel, banjo, bongo, fiolin, trompeter og plystring som supplement i fleire av låtane, utan at det av den grunn kjennast overprodusert eller rotete ut. Downhill Thrill har heller eit fint, utforskande lydbilde der det er alltid er rom for finurlege innslag rundt neste sving.

Men når det er sagt kjenner eg likevel saknet etter den eine låta, eller aller helst låtane, som i sin briljanse hevar seg heilt i den ypperste toppklasse. Det har blitt eit stabilt og godt album, men fleire av melodiane forvekslast i minnet og kjennast i verste fall ut som ulike variasjoner kring samme tema. Downhill Thrill garanterar deg eindel godis for øyret, men også nokre spor som tuter forbi utan å sette frå seg dei mest merkbare inntrykk.

Sjølv har eg fleire gongar hatt glede av å bevitne Herr Nilsson på scena, eit utmerket liveband skal du vite, og flotte spor som The Norwegian Mafia, Downhill Thrill, We Will Disappear og nevnte Camera For An Eye vil nok stå fram som nye livefavorittar, medan låtar av det (foreløpig) meir skuldertrekkande slaget forhåpentligvis vil få meir karakter i ein slik setting.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Wire - Red Barked Tree

(Pink Flag)

Ikke like ukonvenjonelt som i glansdagene, men jakten på den perfekte poplåten fortsetter.

Flere:

Paganus - Skogsrock
Alog - Duck-Rabbit