cover

Feels Like Home

Norah Jones

CD (2004) - Blue Note / Blue Note / Capitol / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Jazz

Stiler:
Vokaljazz / Countrypop / Blues / Visepop / Jazzpop

Spor:
Sunrise
What Am I to You?
Those Sweet Words
Carnival Town
In the Morning
Be Here to Love Me
Creepin' In
Toes
Humble Me
Above Ground
The Long Way Home
The Prettiest Thing
Don't Miss You At All

Referanser:
Carole King
Eva Cassidy
Bonnie Raitt
Janis Joplin
Diana Krall

Vis flere data

Se også:
Come Away With Me - Norah Jones (2002)
Not Too Late - Norah Jones (2007)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Heimelaga syltetøy frå Norah

Ein ny dose kjærleikslåtar der resultatet blir vakker jazz og country, men med enkelte svake punkter.

Jazz-pop sangerinna Norah Jones treng vel neppe ein alt for lang presentasjon. Årsaka er så klart at debutplata Come Away With Me frå 2002 allereie har trygga ho ein velfortjent plass i det gigantiske leksikon vi vanligvis omtalar som musikkhistoria. Muligens burde ho der fått eit heilt kapittel for seg sjølv, for med sitt delikate førstealbum klarte ho i alle fall det kunstverket å smelte hjarta til millionar av lyttarar verda over, inkludert underteikna. Det påfølgande spørsmålet blir difor smerteleg opplagt, men likevel relativt uunngåeleg. Klarer Feels Like Home å gjenskape magien som kjenneteikna hennar første utgjeving?

Det er nesten så ein synast litt synd på unge Norah som får slike forventningar hengande over seg. Åpningssporet Sunrise gir meg likevel håp om at miraklet er i ferd med å skje. Ein sløy kontrabass sett standarden. Kvaliteten brer om seg når den vidare blir harmonert med lette og luftige pianotoner, country-instrumentet banjolin og den karakteristiske vokalen. Stemma har heldigvis beholdt sin utprega stil og fasong, Den befinn seg framleis i eit rolig jazz-landskap og er fløyelsaktig og mjuk som alltid. Vi kan samanlikne Sunrise med tittelsporet frå forrige plate, ei melodisk perle som kryp mot deg, omfavnar deg og gjev sjølv dårlege dagar eit vellukka preg. Veldig fin er den i alle fall. What Am I to You? er neste spørsmål ut. Utan å framstå som ein særlig original låt er det fortsatt så til dei grader sjarmerande. Her høyrer ein så absolutt Carole King luske i dørene, akkompagnert av ein bråte gitarer og eit behagelig Hammond-orgel. Kan livet bli betre enn dette, kan ein spørre seg.

La det ikkje stå usagt. Feels Like Home er ingen blåkopi av forrige plate, sjølv om mange av dei same elementa har holdt stand sidan debutalbumet. Det høyrast likevel ut som om Norah her har følt eit behov for å eksperimentere i retning av eit meir gitarorientert album, der pianoet får ein meir utfyllande rolle, utan nødvendigvis å spele hovudrolla. Musikken befinn seg, i større grad enn forgjengaren, meir i ei opplagt krysningsone mellom blues og country. I den bluegrass-aktige Creepin' In inviterer ho likegodt sjølvaste Dolly Parton til å delta i allsang, noko som er svært vellukka. Og når Norah i The Long Way Home (skreven av Tom Waits) svingar seg med ein Johnny Cash-aktig gitar som selskap, vil eg karakterisere det som nesten reindyrka country. Assosiasjonane glid uansett hen mot artistar som Neko Case og Vancouver-bandet The Be Good Tanyas.

Er det så ingenting å utsetje på denne plata? Framleis er musikken prega av stilen og elegansen som dei siste to åra har gjort Norah Jones til slik ein folkekjær artist. Likevel har eg eit par innvendingar. Det kan nok høyrast paradoksalt ut for mange, men av og til kunne eg ikkje unngå å tenke at Feels Like Home nesten vart for koselig og velduftande til å verkelig kunne trollbinde meg. Når produksjonen i tillegg er bra utført av Arif Mardin og Norah, samstundes som bandmedlemane er skremmande samspelte, ristar kanskje enkelte på hovudet over min påstand. Men eg vil likevel argumentere for at albumet sett under eit, i motsetning til fabelaktige Come Away With Me, har enkelte aspekt ved seg som forhindrar dette frå å bli ei tvers gjennom fornøyeleg affære. Ein blir stundom sittande igjen med ei kjensle av at musikken er for gjennomtenkt og profesjonelt utforma til at ein heilt kan dra fram dei store superlativa. Forstå det den som kan. Det har vel med "feel, flow og groove" å gjere, då. Tidvis synast eg og at enkelte spor ikkje stend fram som særlig interessante bidrag. Don't Miss You At All er ei skjør jazzballade utan dei heilt store høgdepunkta, og Carnival Town og In the Morning kan vel heller ikkje kallast særlig spenstige. Det oppstår til tider eit ørlite vakuum mellom det storslagne og det middelmådige, noko som forhindrar meg frå å rangere Feels Like Home i det øverste toppsjiktet.

Dette skal likevel ikkje ta bort det faktumet at Norah Jones til tider har kvalitetar i seg til å sjarmere oss alle, atter ein gang.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Robyn - Body Talk Pt. 1

(Capitol)

2010 er året Robyn vinner lytterne.

Flere:

Shining - Grindstone
My Dying Bride - The Dreadful Hour