cover

Break It Yourself

Andrew Bird

CD (2012) - Bella Union / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folk / Kammerpop / Ambient

Spor:
Desperation Breeds
Polynation
Danse Carribe
Give It Away
Eyeoneye
Lazy Projector
Near Death Experience Experience
Things Behind the Barn
Lusitania
Orpheo Looks Back
Sifters
Fatal Shore
Hole in the Ocean Floor
Belles

Referanser:
Paul Simon
John Cale
The Shins
Joe Henry
Sufjan Stevens
Ed Harcourt

Vis flere data

Se også:
Noble Beast - Andrew Bird (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Enkelt og eklektisk

Kontrastmakaren Andrew Bird er her igjen, med sin lettstega pop og sitt utprøvande sinnelag.

Det som står stille treng ikkje vere stilleståande. Det flyktige kan fortone seg urokkelig. Alt er ikkje nødvendigvis slik ein trudde det skulle vere. "Here we go mistaking clouds for mountains" syng Andrew Bird. "There's a hole in the ocean floor" påstår Andrew Bird. "Time's a crooked bow, come on, tell us something we don't know" oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande og plystrande fiolinisten som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

Det er noko mildt og forsonlig over tonen til Andrew Bird. Noko enkelt. Noko blidt, og luftig. Samstundes, ja så er det slett ikkje slik. For samstundes tek den ikkje den enklaste og rettaste vegen denne tonen. Den kan ta omvegar, lunte inn i ei sidegate akkurat i det refrengavenyen opnar seg eit par takter unna, eller trykke assosiasjonar til sitt bryst. "Hei, sjå kva eg fant" ropte Askeladden. Det er noko Askeladdensk over Andrew Bird. Og akkurat som Askeladden så vinn han på det, til slutt.

Han vinn fordi han i sitt opne og eklektiske sinnelag ikkje blir intrikat for det intrikates sak, ikkje blir tung og ugjennomtrengelig, men skapar ein lettbeint dans som heilt naturlig kombinerer dei elementære steg med dei utfordrande. Han får saker til å virke i hop. Slik har det vore sidan han dukka opp på midten av nittitalet. Gjennom eit titals plater.

Plater der forholdet mellom det enkle og det intrikate er ulikt vekta. På si førre, Noble Beast, var han på sitt mest tilgjengelige. Serverte eit arsenal av elskelig og beståande popmusikk. Og vant for alvor mitt, og mange andres, hjerte. Break It Yourself har ein annan dynamikk. Ein meir utflytande ein. Ein mindre planlagt, mindre arrangert ein.

Bird inviterte tre fyrar han har samarbeidd med fleire gonger (trommis Martin Dosh, bassist Mike Lewis og gitarist Jeremy Ylvisaker) til å spele ein bunke nye låtar saman med seg. Seansen gjekk føre seg på låven hans, i løpet av ei lita veke, med ein åtte-spors opptakar gåande. Og slik lyde det ferdige resultatet. Som noko som er blitt født og har fått sitt liv igjennom samspelet. Eit utvunge samspel mellom fire menn, og nokre gjester.

Ein viktig bit av signaturen til Bird har vore hans durkdrivne rimsmedevne. Ei evne han har kombinert med ei interesse for å trylle musikalitet utav kompliserte ord. Han har tona ned denne biten av seg på Break It Yourself. Han trenger inn i nokre dystrare irrgangar denne gongen, og malar eit mørkare bilde. Tekstlig.

"You're the one who sank my Lusitania" syng Andrew Bird. Og tonen er vemodig, og tenderer mot country. Refrenget, som vel eigentlig ikkje er eit refreng, men ei dvelande vandring i cymbalregn, forfektar at "we don't study this war no more". Den første verdskrigen, der det amerikanske passasjerskipet Lusitania blei senka av tyske torpedoar utafor kysten av Irland, og over 1000 menneske omkom. Ei viktig årsak til at USA valte å gå inn i krigen. "Go ahead, say something dumb boy, there's no shame" syng Annie Clark (meir kjent som St. Vincent) i det andre verset. Eit vers som er hennar, og som prøver å lindre smerta frå det første verset. I ein duett som vel handlar meir om personlige tap og personlige krigar, enn ein verdskrig.

"Moon plays the ocean like a violin ... melody you never heard before" syng Bird, i ein annan song. Sifters. Og tonen har natta i seg, og tenderer mot country. I refrenget, som er eit refreng, fortel songaren at om han var nattehimmelen ja så skulle dette, denne songen, vere hans "lullaby to leave by". Eg trur han.

Lusitania og Sifters altså, to høgdepunkt. Varlige høgdepunkt.

Orpheo Looks Back er noko ganske anna. Her er det driv, ein fiolin det gnistrar frå, og som blir til ei fele i eit folkloristisk territorium, medan songaren syng om å krysse ei grumsete elv der "love turns to fear". Danse Caribe har også sitt varmblodige feleparti, men elles kjem den vel meir som ein mild melodisk bris, der Bird syng om dette å forveksle skyer med fjell. Som i overført tyding, slik eg vel å tolke det, skulle tyde noko slikt som å forveksle fridom med grunnleggande lykke. Noko hovudpersonen i Eyeoneye kanskje kan ha gjort. Han har i alle fall, skal vi tru Bird, gjort seg sjølv uangripelig. Slik at ingen skal kunne knuse hjertet hans. "So you break it yourself" repliserer Bird då. Og no spelar han på gitar. For no er det pop, med snert og elektrisitet. Og det er ganske så fabelaktig.

No finst det stunder på plata eg ikkje skal hevde er fabelaktige. Opningslåta Desperation Breeds luntar seg inn på eit noko uinspirerande psykedelisk spor. Near Death Experience Experience er ein noko identitetsfattig tango. Og åtte minuttar lange Hole In the Ocean Floor kunne nok ha tent på å blitt redigert ned til det halve. Men, den største prosenten av denne timen med Birdmusikk held meg meir enn lys vaken.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Hex-Trem? Nostalgie de la Boue

Geir Levi Nilsen har lest boken XTRM - Krig I Oslos Gater av Jan Kallevik.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo