cover

As The Cry Flows

Seafood

CD (2004) - Cooking Vinyl / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Pop / Indiepop / Indierock

Spor:
I dreamt we ruled the sun
Heat walks against me
No Sense of home
Summer falls
Kicking the walls
Milk & Honey
1324
Sleepover
Good reason
Orange rise
Broken promises
Willow's song

Referanser:
Grand Drive
Idlewild
Witness UK
The Thrills
Pavement
Pixies
Placebo

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Utsøkt sjømat

Utskiftning av gitarist og sjukehusopphald for frontfiguren har tydeligvis gjort underverker for Seafood. Mindre støy enn vanleg, desto betre låter.

Seafood har blitt omtalt som "The best unknown band in Britain" eller noko sånt. Ikkje veit eg kven som gav denne storslåtte uttalelsen, kanskje var det til og med bandet sjølv eller plateselskapet deira, men muligens ligg det også eit snev av fornuft i denne skildringa. Kun fire opptredenar på scene var det som skulle til for at det uavhengige London-selskapet Fierce Panda stod klar med kontraktspennen i 1997. Debuten Surviving the Quiet (2000) og When Do We Start Fighting (2001) var jamnt over gode leksjonar i melodiøs støyrock, til dels inspirert av amerikanske indie-gründere som Dinosaur Jr. og Sonic Youth, men artister som Idlewild og Placebo har også blitt trukket fram som klare inspirasjonskjelder for Seafood. Etter ei uroleg periode som kuliminerte med ankomsten av den nye gitaristen Kevin Penney (ex Bill Mahonie), samt eit lengre sjukehusopphald for frontfigur David Line, er den nye sjømaten klar til å bli servert på plateselskapet Cooking Vinyl.

I Dreamt We Ruled the Sun skiljer seg ganske markant fra resten av albumet. Det forsiktige, men stadig oppbyggande pianoet, den Slint-aktige gitaren som repeterer grunntemaet og dei militære trommene som litt etter litt auker tempoet, gjer at vi til slutt befinn oss i svingom med band som Mogwai og Godspeed You Black Emperor!. I følge mine foreldre driv Seafood her med grumsete og ubrukelig støy, men for min eigen del synest eg at det er ganske så vakker og harmonisk musikk. Difor er det litt synd at låten slutter ganske så brått når alt tyder på, og er tilrettelagt for, eit massivt øs-pøs gitar/tromme/bass-brøl på slutten. Det heile fader derimot roleg ut med sine melodiske gitarlinjer og utanomjordiske synthlydar.

"Det er etter regn at fuglene synger," sa Bjørnstjerne Bjørnson, og etter den litt regntunge åpninga er smilet tilbake på den vakre poplåta No Sense Of Home. I alle fall delvis. David og det kvinnelige medlemmet Caroline Banks går her hånd i hånd, og i eit nesten skammeleg enkelt refreng hører vi til stadigheit tekstlinja "somewhere there's a light on, in the darkness that you know". Med fare for å bulgne over i svulstig klisjébruk, klarer likevel Seafood her å skape ein relativ eigenheit i låta som er svært forfriskande i årets forløpige sommarkulde. Om du så let albumet rulle vidare i kronologisk rekkefølge er det mulig du vil finne den midterste delen av As the Cry Flows som det vanskeligaste hinderet å overstige. Spor som Summer Falls og til dels Milk and Honey er solide nok, men druknar i kvalitetsmulderet som ventar oss seinare på plata. Det må likevel nevnast at M&H har ein fordel ved å innehalde eit deilig skjeivt saloon-piano. Ser vi bak dei svarte og kvite tangentane finn vi då også piano-kongen Ed Harcourt som i tillegg bidreg med Hammond og Wurlitzer på ein rekke andre låtar her.

Kva så med den korte snutten 1324? Pausemusikk? Ein instumental kassegitar og cello klynger seg intimt saman i halvannant minutt, før den vemodig sluttar så alt for tidleg. Har det vært sceneskifte kanskje? Nei, egentlig ikkje, albumet fortsetter likegodt i samme ypperlige poptrend som det er bygd opp til, og låtane blir dessutan betre og betre. Den tempoaukande singelen Good Reason vil neppe selge i bøtter og spann, men er ein intens britrock-låt rik på melodiske kvalitetar. På Orange Rise dukker gledeleg banjoen opp i all si prakt. Med ein lett og koseleg melodilinje, sensitiv vokal, utsøkte harmonier, tre-greps bass samt luftige trommevisper kjører vi på i en velkjent formel. Låta kunne til dømes glidd lett og ubemerksomt inn på albumet So Much For the City av The Thrills, med ein tekst som, så vidt eg forstår, handler om å møte ei ukjent framtid med ein form for sunn pessimisme: "I am not expecting for the sun to shine, brighten up this life of mine, but I am holding on for life."

Broken Promises fortsetter på den opptråkka stien med sin catchy og melodiøse indierock, medan sistesporet er eit kapittel for seg sjølv. Det er klart for nok en duett mellom David og Caroline. Vi snakkar så klart her om Willow's Song; ein coverversjon av ein låt først hørt på soundtracket til den creepy, men til tider geniale 70-talls pervo-grøsseren Wicker Man (Christopher Lee, Britt Ekland m.fl). Med onde tribale rytmer i bakgrunnen, monoton vokal og bøtter av romklang inkludert, messar dei fram mørke og forføreriske stemningar.

Når det korte klokkespelet avsluttar Willow's Song, slår det meg at det kan nyttast ein fruktallegori for å samanfatte mitt inntrykk av albumet. I likheit med ei appelsin som er kjenneteikna både gjennom sitt harde og utfordrande skall, men også ved sine innerste syrlige safter, er As the Cry Flows røff og maskulin i kantane, litt seig i den midterste kjerna og ellers søtladen over alt. Ja, du forstår. Sterk femmer.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Kollwitz - Like Iron I Rust

(Fysisk Format)

Debuten til Kollwitz er så absurd bra at det nesten er verdt å bli tunghørt og kastet ut av leiligheten for.

Flere:

North Mississippi Allstars - 51 Phantom
Side Brok - Høge Brelle