cover

Miracle Working Man

HGH

CD (2004) - Stickman / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Folkrock / Bluegrass

Spor:
22nd Century Sacred Banjo
Miracle Working Man
Blood For Oil
She Brings Me Luck
Jealous Girl
He Travelled With Our Band
Lost Sleep
The Day the Font Capsized
Mulder
Bah Bah Baby
Anna Lovinda

Referanser:
Home Groan
Groan Alone
Motorpsycho

Vis flere data

Se også:
Seb's Hotel - HGH (2003)
All the Men in Dresses - HGH (2007)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Fader Seb sine disiplar

Ujamnt, men i sine beste stunder eit friskt oppkok av banjodreven countryrock.

Med ein liten bunke velfungerande låtar og godt med vitale strenger på plass smett det tidvis spirituelle prosjektet HGH innom med sitt fjerde album. Den særdeles aktive duoen Martin Hagfors og Håkon Gebhardt har funne plass på timeplanen til ei ny økt i hop med sin åndelige rettleiar Fader Seb. Resultatet har fått tittelen Miracle Working Man, og er i sine beste stunder eit friskt oppkok av banjodreven countryrock.

Med på leiken er også den opprinnelige siste H'en Lars Håvard Haugen, samt meir eller mindre kjentfolk som Andreas Mjøs (Jaga Jazzist), Morten Strøm (Askil Holm band), Kari Slaatsveen og Elisabeth Andreassen. På tonen kan det virke som det har vore ein rett så trivelig seanse.

Hagfors og Gebhardt refererer ofte til denne mystiske skapningen Fader Seb, som dei påstår å ha møtt ein omtåka morgon i Hamburg for nokre år sidan. Han tok karane inn i varmen og har sidan vore den store rettleiar og trygge følgesvenn. I tekstane til HGH er han kjærleiken sin forkjempar, toleransen sin tjenar, rastlausa sin forsvarar, englane sin herre og banjoen sin høgaste beskyttar. Ein metafor for den perfekte verdensånda, ein himmelsk framtoning som ser i nåde til syndaren, med sterk rytmesans og leiar av både street choir og storband. Det høyrest pretensiøst ut, men blir levert med eit solid glimt i auga.

I det melodisk virile åpningssporet 22nd Century Sacred Banjo er prosjektet å få alle englane til å byte frå harpespel til banjospel for å gje verda ein ny, frisk start. Banjoen har trass alt langt større sjansar til å overdøyve alle dei forstyrrande lydbølgjene som svirrar rundt i verdensrommet. Tittellåta følgjer i same friske spor, med nye referansar til den my(s)tiske skapningen. Blood For Oil er på si side eit countrynummer i Tom Russell'sk toneterreng, med kraftige meiningar om det amerikanske nærværet i Irak. Etter desse tre byrjar albumet å bli noko meir ujamnt. Saftige Jealous Girl og den noko skakke He Travelled With Our Band held like fullt mål. Det same synest eg faktisk den varlige og harmoniske versjonen av Anna Lovinda gjer, sjølv om den nok er eit godt stykke unna Erik Bye sine dimensjonar. Mindre gjevande er HGH i tilfeller som Mulder (Tom Waits møter Wall of Voodoo, men HGH maktar ikkje å gjengje psykedeliaen som oppstår på eit gjevande vis), og den noko over toppen prektige balladen The Day the Font Capsized (der Slaatsveen/Andreassen overtek sangen mot slutten, slik søstrene McGarrigle gjorde på Nick Cave sin Hallelujah, utan å vere i nærleiken like saliggjerande).

Hagfors er ein produktiv og aktiv mann på den norske musikkscena, som har kome opp med mykje fint stoff. Men albuma han er hovudansvarleg (og medansvarleg) for lid som regel av at dei også har sin del av mindre interessante saker. Han trivst sikkert med sin høge utgjevingstakt, men ville nok kvalitetsmessig tjent på å sile vekk ting og heller kome med plater litt sjeldnare. Hadde han til eksempel tatt det beste frå årets Home Groan-utgjeving og miksa saman med det beste frå denne HGH-seansen, ville han og hans medsamansvorne hatt ei utmerka plate på hand.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #61: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, Del 5

Filmindustrien befant seg i syttiåra i ei hard klemme. Skulle den satse på tidsriktig sosial ’relevans’ eller peise på med det den alltid har vært best på, pur eskapisme? Svaret, og de store pengene, lå i en mellomløsning: Tidstilpasset og trendriden

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo