cover

Complete Clapton

Eric Clapton

2 x CD (2007) - Polydor / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Bluesrock / Voksenrock / Hardrock / Poprock

Spor:
I Feel Free
Sunshine of Your Love
White Room
Crossroads
Badge
Presence of the Lord
After Midnight
Let it Rain
Bell Bottom Blues
Layla
Let it Grow
I Shot the Sheriff
Knockin' on Heaven's Door
Hello Old Friend
Cocaine
Lay Down Sally
Wonderful Tonight
Promises
I Can't Stand It


I've Got a Rock'n'Roll Heart
She's Waiting
Forever Man
It's in the Way That You Use It
Miss You
Pretending
Bad Love
Tears in Heaven
Layla
Running on Faith
Motherless Child
Change the World
My Father's Eyes
Riding With the King
Sweet Home Chicago
If I Had Possession Over Judgement Day
Ride the River

Referanser:
The Yardbirds
John Mayall's Bluesbreakers
Cream
Blind Faith
Derek and The Dominos
Muddy Waters
Phil Collins
Roger Waters
J.J. Cale
Tina Turner

Vis flere data

Se også:
Me and Mr. Johnson - Eric Clapton (2004)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


No får det vere nok

Makan til frekt og gjennomskueleg opplegg for å tene nokon enkle millionar skal ein leite lenge etter!

Clapton er ute med sin autoriserte sjølvbiografi. For å mjølke førjolsmarknaden maksimalt er det betimeleg å begå endå ei tafatt samleplate. Slowhand set snart verdsrekord i samleplater, og dette er verkeleg ikkje den gamle meisteren verdig. Fysjom!

Dette er garantert ei plate som kjem til å ligge under titusenvis av joletre i år. Sannsynlegvis vil ho i 9 av 10 høve ligge innpakka saman med den autoriserte biografien om verdas kanskje mest legendariske gitarist, nemleg Eric Clapton. Eg skal ikkje lyge for dykk, denne boka står høgt på mi ynskjeliste til jol. Plata derimot, den kan eg godt vere forutan, for makan til frekt og gjennomskueleg opplegg for å tene nokon enkle millionar skal ein leite lenge etter, og ein skulle tru at Clapton sjølv kunne ha vit og forstand nok til å halde seg god nok for slikt noko. Det fins jo i tillegg haugevis av samleplater allereie, ikkje minst den flotte The Cream of Clapton, som gjev deg meir for pengane. For dette er ikkje forseggjort heller, noko som gjer vonbrotet ekstra stort. Med ein tittel som Complete Clapton på eit dobbelalbum legg ein lista særs høgt. Det minste ein forventar seg er eit forseggjort cover med eit fyldig hefte med informasjon om låtane og kanskje gamle og sjeldne bilete. Men kva får me? Ein to siders oppsummering med langt mellom avsnitta som er totalt intetsigande og ikkje gjev nokon valuta for pengane for den ivrige Clapton-samlar. Her burde det ha bugna over av informasjon, bilete og anekdoter frå sjefen sjølv. Noko i stil med The Beatles Anthology hadde vore meir verdig ein musiker av dette kaliberet. Me snakkar då for svingande om ein av rockens elder statesmen her!

Kva så med det musikalske? Det største aberet med plata er ikkje det som er på ho. Det er heva over ein kvar tvil at blant desse låtane finn me udødelege evergreens som står som pålar i rockehistoria. I Feel Free, White Room, Layla, Wonderful Tonight, Presence of the Lord, ja ein kan nemne i fleng, dette er materiale som vil vere ein del av vårt musikalske fellesgods lenge etter at me alle har vandra heden. Sjølv om ein på disk 2 kjem innom Clapton sin 80- og 90-talskatalog som er noko meir broka og av lågare kvalitet, kan ein ikkje stikke under ein stol at han også her heldt eit oppsiktsvekkande høgt nivå samanlikna med mange av sine samtidige.

Det som sviktar på denne plata er det som ikkje har kome med på ho. Me finn materiale frå tida i Cream, Blind Faith og Derek & the Dominoes her. Men kvifor er ikkje The Yardbirds representert? Sjølv om han berre var medlem i ein kort periode, og slutta rett etter innspelingane av For Your Love, så hadde nettopp denne låta vore det naturlege startpunktet i ei slik komplett samling som dette gjev seg ut for å vere. Kor er John Mayall and the Bluesbreakers? Sjølv om dei berre gav ut eit album saman med Eric Clapton, så er komposisjonen Double Crossing Time eit av dei finaste augneblinka han har festa til vinylrillene i det heile. I mi oppfatning er Cream sjølve stordomstida til Clapton og var difor særs nøgd då plata sparka i gang og eg fann ut at dei største augneblinka var representerte. Men, kor er Tales of Brave Ulysses frå Disreali Gears? Det er jo nesten heilagbrøde å ikkje ta med denne i ei samling som denne, om ikkje anna så for den rockhistoriske tydinga songen hadde som den første utgjevinga der Eric Clapton spela wah-wah gitar. Ein kan fortsetje og stille spørjeteikn på spørjeteikn ved dette albumet. Kor er The Dirty Mac frå Rolling Stones Rock and Roll Circus? Kor er materiale frå The Plastic Ono Band sitt Live Peace in Toronto 1969? Kva med Derek & the Dominoes finaste augneblink Nobody Knows You When You're Down and Out? Større Clapton-kjennarar enn meg vil sikkert finne endå meir å setje fingeren på.

Konklusjonen blir difor, og diverre, særs enkel: Dette er berre ein billig freistnad på å få i pose i sekk. Her skal der det seljast bøker og plater i hopetal. Mens eg ventar forgjeves på den definitive Clapton-antalogien med outtakes, sjeldne raritetar og snacks en masse, vil eg berre anbefale dykk alle å lese sjølvbiografien og gå til anskaffing av deluxe-utgåva av Disreali Gears i staden.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Beatnuts - Classic Nuts Vol. 1

(Loud / Columbia)

Disse nøttelitene har sittet i toppen av hiphoptreet og sluppet fete funknøtter i over ti år. Her får du 10 av de aller feteste, velkrydra og crispy.

Flere:

The Sea and Cake - One Bedroom
Paganus - Kalla