cover

Detours

Sheryl Crow

CD (2008) - A&M / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Sørstatsrock / Bluesrock

Spor:
God Bless This Mess
Shine Over Babylon
Love Is Free
Peace Be Upon Us
Gasoline
Out of Our Heads
Detours
Now That You're Gone
Drunk With the Thought Of You
Diamond Ring
Motivation
Make It Go Away (Radiation Song)
Love Is All There Is
Lullaby For Wyatt

Referanser:
Joni Mitchell
Janis Joplin
Liz Phair
Joss Stone
Bruce Springsteen
Wilco

Vis flere data

Se også:
Wildflower - Sheryl Crow (2005)
C'mon C'mon - Sheryl Crow (2002)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Spreier seg sjølv for tynt

Detours inneheld mykje god og dyktig utført musikk. Diverre er det også ei plate som ikkje verkar å ha nokon genremessig raud tråd.

Detours inneheld mykje god og dyktig utført musikk. Diverre er det også ei plate som ikkje verkar å ha nokon genremessig raud tråd, og blir difor ei noko rotete oppleving.

Sheryl Crow har i ei årrekke vore blant dei mest respekterte og skatta artistane som har kome frå det store landet på vestsida av "Blåmyra". Det er ingen grunn til at ho skal bli mindre akta etter Detours. Det nyaste albumet hennes inneheld fjorten potente og særs dyktig utførte spor.

Det verkar som om den godaste frøken Crow har hatt det morosamt i studio saman med, i første rekke, sine gamle kumpanar Bill Bottrell og Jeff Trott. Ein song som Out of Our Heads, som burde bli utgjeven som singel snarast, er kanskje noko av det mest allsongvenlege som er blitt utgjeve på denne sida av 70-talet. Denne tildraginga kan nærast skildrast som om eit reggaeband skulle slå seg saman med Lynyrd Skynyrd og få seg ein kvinneleg vokalist. Med andre ord, dette er særs fornøyeleg!

I det heile funkar dei uptempo og "glade" songane best denne gongen. Når Crow freistar å ta det heile eit hakk ned, som til dømes i Lullaby For Wyatt, blir det heile litt langtekkeleg og ein smule pretensiøst. Noko av hovudankepunktet mot plata som heilskap denne gongen blir også dette med låtutvalet. Det sprikar rett og slett for mykje genremessig og det blir nokså rotete og forvirrande å lytte til.

Det som reddar heilskapsinntrykket er at Sheryl Crow er ein meister i å hanke inn catchy refreng som gjer at ein blir lyttande. Likevel, det funkar best når både verset og refrenget er fengande slik at ein ikkje blir sitjande og vente på det sistnemnde. Slik sett hadde dette blitt ei plate til toppkarakter dersom ein hadde vore litt meir sjølvkritisk og kutta ut 3-4 songar. Då hadde ein fått eit heilstøpt album som verkeleg hadde teke ein stader. Særleg horrible Make It Go Away (Radiation Song) burde ha blitt kutta vekk. Det er monotont, sunge på ein guttural måte og har verkeleg ikkje noko på ei skive av dette kaliberet å gjere.

På den andre sida, låtar som førstesingelen Shine Over Babylon, Love Is Free, Gasoline, tidlegare nemnde Out of Our Heads og Love Is All There Is har alle dei klassiske Sheryl Crow-elementa som gjer at ein sperrar opp øyro og som gjer at dei vil bli ståande blant dei allereie mange gylne augneblinka til denne dama. Fansen vil, med andre ord, definitivt finne mykje å glede seg over på Detours. For dei av oss som ikkje har eit like sterkt forhold til artisten er nok ikkje denne skiva den mest tilgjengeleg, og såleis ikkje plassen å starte.

Men, alt i alt er dette ei sterk plate som veks ved kvar lytting og som inneheld mykje bra, sjølv om Sheryl Crow på mange måtar spreier seg sjølv litt for tynt.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Le Corbeau - Moth on the Headlight

(Fysisk Format)

Le Corbeau har forkastet minimalismen og sendt skissene i kverna sammen med fuzz, støy og renskåren rock. Og resultatet lar ikke vente på seg.

Flere:

The Core - Vision
Beatnuts - Classic Nuts Vol. 1