Genre:
Rock
Stiler:
Americana / Folk / Country / Soul
Spor:
Hey Bobby Ray
You & I Belong
New York Times
Courtney Love
Stormy-Eyed Sarah
Charade
Dawn Brady's Son
Gimme All You Got
Ballad Of Sharon Tate
Splendor In The Grass
Referanser:
The Felice Brothers
The Duke & The King
David Gray
Josh Ritter
Neil Young
Nick Drake
Bruce Springsteen
Conor Oberst
Se også:
Strangers - Simone Felice (2014)
Nærvær i skuggen
Ein Felice-bror skildrar nokre lagnadar som ikkje vart slik draumen lova.
18.04.2012
Han sit på eit armlene i ei skitten og avdanka togvogn, bøygd over gitaren sin. Han dreg nokre bluesakkordar utav den, kikkar mot eit vindauge det knapt er mulig å sjå igjennom, og syng: "Eddie Blackbird, Eddie Blackbird, that's the indian's name".
Eg er på YouTube. Eg har funne fram til ein song frå Simone Felice sitt ferske soloalbum. New York Times heiter den, og er ei dirrande vise om døden og galskapen som kvar dag vert avteikna i nyhendebildet. Om indianske pilotar på jakt langs Tigris sine breidder, om ein pervers massemordar i Jersey, skikkelsar som hoppar frå vaklande tårn, the King of Pop sin tragiske endelykt, og om nasjonalidretten baseball som på ingen måte er aksla til å redde situasjonen. Til slutt kapitulerer songaren, i eit sukk, og formidlar ei bøn om å ikkje hamne der sjølv. "On the covers of the New York Times".
Ein banebrytande song vil eg aldri finne på å kalle den. Det finst fleire songar der ute i eit sterkt slektande segment. Den har like fullt ein kvalitet i seg som slett ikkje alle desse innehar. Den er enkel og tander, samstundes stridig og skånsellaus. Den har kantar, den kryp innafor hud og ryggrad, og eg merkar godt at den er der.
Når eg nokre dagar seinare har albumet i hende, og avspelinga når fram til spor nummer tre søkk det litt i meg. Her er New York Times ein pianoballade. Ein mjukare og meir avrunda pianoballade. Eg må gå nokre nye rundar med den før kjensla frå YouTube-seansen sig attende. Før songen igjen dirrar.
Det viser seg at den slett ikkje er den einaste songen på albumet med slike dirrande eigenskapar. Sjølvsagt ikkje. Simone Felice har då vist mang ein gong at han er kapabel til å skape augeblikk av dette slaget. På plater med brør og venner i The Felice Brothers, og på to utgjevingar med The Duke & The King.
Eg noterer meg at denne plata har eit meir avmålt og stillferdig sonisk vesen enn platene han har delteke på før. Sjølv om han absolutt ikkje er åleine på alle songane. Inne i coveret ramsar han opp dusinet fullt av medspelarar. Frå brør, via The Duke & The King fiolinist/songar Simi Sernaker, til folk frå Mumford & Son.
Og etterkvart som rundane går noterer eg meg fleire og fleire songar det absolutt er noko med. Courtney Love, ei skjør og kjenslevar vise om ei kvinne som ikkje smiler lenger, som "got a bad way to love". Stormy-Eyed Sarah, eit blikk tilbake til den grønne ungdomstid, som plutselig ikkje var så grønn lenger den dagen Sarah fortalte ein løyndom. Om prestefaren som slo henne, og misbrukte henne. Og orgelet jamrar, og groovet tiltek, og "there's no goodbyes, there's no goodbyes". Splendor In the Grass er eit anna tilbakeblikk. Ei kvinne vaknar i ei motellseng. Ting har skjedd, ting vil skje. "One step away from her, is a small death in the universe". Songaren minnest då ho og han var unge, ute på ei eng der graset kitla ryggrada, og han kjente seg "close to something fine". Ei enkel vise, som slett ikkje fortel alt, men nok.
Simone Felice fortel historier. Om Bobby Ray som kom skeivt ut allereie frå sin fødselsdag (den 4. juli), og neppe maktar rette det opp att nokon gong. Om den psykotiske drømmaren og hans Mary Jane, og den farsen tilværet deira har utvikla seg til ("what a charade"). Og om Dawn Brady's Son, som vaks opp i eit ustabilt klima av patriotisme og alkoholisme, som levde livet sitt i skuggen. Før han ein dag prøver å skyte seg ut derifrå. Men går det an å skyte seg utav skuggen?
Saman med Mumford & Son folka prøver han å plante noko høgstemt og jublande med gospelsoulsongen You & I Belong. Men den representerer vel i grunn unntaket. For dette er sosialrealisme, kjærleikshunger, snubling og armod. Dette er ei vandring i fotspora til Bukowski, Dickens og Raymond Carver. Frå ein Simone Felice som sjølv har fuska i forfattarfaget, og gjeve ut eit par novellesamlingar og romanen Black Jesus (ein kjærleikshistorie mellom ein blinda soldat og ein dansar, i skuggen av den amerikanske draumen). Syng gjer han med ei inderlig røyst (som ein halvt kviskrande Conor Oberst), og byr på eit nærvær det er vanskelig å neglisjere.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

In the Country - This Was the Pace of My Heartbeat
(Rune Grammofon)
Bli med på landet inn i et velkjent landskap, og la In the Country få deg til å se det med nye øyne.
Flere:
The Samuel Jackson Five - Easily MisunderstoodBroken Records - Until the Earth Begins to Part