Genre:
Country
Stiler:
Americana / Country & western / Folk / Gospel / Blues / Soul / Countryrock / Singer/songwriter
Spor:
You'll Remember
Stay on the Ride
Trapeze
Getting Ready
Burgundy Shoes
Heavenly Day
No Bad News
Railroad Wings
Up to the Mountains (MLK Song)
I Don't Ever Give Up
Someone Else's Tomorrow
Crying Over
Referanser:
Emmylou Harris
Linda Ronstadt
Dixie Chicks
Robinella
Maria McKee
Lucinda Williams
Se også:
Impossible Dream - Patty Griffin (2004)
Frå umulige til mulige draumar
Griffin viser nok ein gong at ho burde bli kjent for så mykje meir enn å levere fine låtar til andre.
29.05.2007
Children Running Through har henta tittelen sin frå eit nesten 800 år gamalt dikt av den persiske filosofen Rumi. Kva diktaren, og kva Patty Griffin, vil seie med dette diktet trur eg må vere noko slikt som at ein kanskje bør vente med å grave seg ned til det endelige fløytesignalet lyder. Senk heller skuldrane og takk ja til dansen med livet. For det kan godt vere den einaste dansen du får.
I Coleman Barks si oversetting lyde det slik:
I used to be shy.
You made me sing.
I used to refuse things at table.
Now I shout for more wine.
In somber dignity, I used to sit
on my mat and pray.
Now children run through
and make faces at me.
Dei fleste songane på Children Running Through, Patty Griffin sitt femte studioalbum, har eit lysskjær over seg. Ikkje alltid så sterkt, men det er der i form av håp, trøyst, pågangsmot og gode minner. Og ein god del meir enn kva som trengte igjennom det meir desperate og dystre uttrykket som prega forgjengaren Impossible Dreams. Det var eit album der gospelen vart sunge frå skuggane, der Patty oppgitt hevda at til og med ho var trøytt av "useless desires", og der håpet om at den vesle sangfuglen skulle få fly "to the top of the world" var minst eit par knekte venger unna. Det soniske uttrykket veksla mellom country, blues, gospel og folk. Med eit tyngdepunkt på det siste. Heile tida helde i eit elegisk og mørklagt toneleie. Eit sterkt album, med ei god handfull verkelig minneverdige låtar. Ein av desse låtane er det gode sjansar for at du har høyrt sjølv om du aldri har lytta til Patty Griffin.
Heilt sidan debuten på midten av 90-talet har Patty Griffin kanskje vore meir kjent som låtskrivar enn som songar og artist. Velrennomerte folk som Emmylou Harris, Linda Ronstadt og ikkje minst jentene i Dixie Chicks har spelt inn fleire av songane hennar. Den mest kjente er kanskje den varlege og vakre Top of the World frå Impossible Dreams, som Dixie Chicks til og med kalla opp ein turné etter.
Ei målsetjing Patty hadde når ho starta arbeidet med Children Running Through var å vere litt meir nøysam med ordmengda i songane sine. Ei anna målsetjing var at ho skulle gje røysta si sjansen til å dominere lydbildet i litt større grad enn tidlegare. Det kan vel seiast at ho har klart å nå begge måla.
Når siste tone legg seg til ro har Patty og hennar hjelparar vore innom fleire musikalske leirar, og spleisa det heile saman til eit nyanserikt og homogent album. Seansen startar i groovet til ein jazzig kontrabass og til varleg kosting på trommeskinnet. "Maybe one day you'll remember" syng Patty og får meg av ein eller annan grunn til å tenke på Willy DeVille. Når ho rundt neste sving oppfordrar til å Stay on the Ride så skjer det i ein sonisk sett meir pågåande fasong. Vi snakkar yppal blues-soul i ein grenseoppgang mellom Rickie Lee Jones og Etta James. Medan den nennsame balladen Trapeze bevegar seg i eit countrylandskap som Emmylou Harris har søkt mot mange gonger. Det blir derfor langt i frå feil når den same Emmylou smyg seg med som duettpartnar. Eit saliggjerande høgdepunkt, og ein sterk tekst om ein høgtflygande pasjon og ei stadig aukande smerte. Fire sentrale linjer:
Some people don't care if they live or they die
Some people want to know what it feels like to fly
They gather their courage and they give it a try
And fall under the wheels of the time going by...
Stillferdige Burgundy Shoes tar for seg eit barndomsminne på yndig vis. Heavenly Day er den vakre soulballaden som proklamerar at "all the trouble gone away, for a while anyway". Den melodisk attraktive No Bad News blir driven fram av hyperaktivt og klangfullt gitarspel, og snakkar om svik og håp i ein kanskje ikkje heilt grei foreining. Medan Up to the Mountain (MLK Song) er ei spankulerande gospel-låt inspirert av Martin Luther King sin største tale.
Den dempa uroen frå Impossible Dreams er veksla inn mot eit meir sjølvsikkert og raffinert uttrykk. Men gløden har ho ikkje veksla inn.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

The Boy Least Likely To - The Law of the Playground
(Too Young to Die)
Med banjoen som veiviser lærer The Boy Least Likely To oss å finne barnet som bor i oss alle.
Flere:
Flying Lotus - CosmogrammaOkkervil River - Down the River of Golden Dreams