cover

Modern Art

Tom Russell

CD (2003) - Hightone / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Folk / Singer/songwriter

Spor:
The Kid From Spavinaw
The Ballad of Sally Rose
The Boy Who Cried Wolf
Muhammad Ali
American Hotel
Racehorse Haynes
The Duchman
Modern Art
Isaac Lewis
Bus Station
Crucifix In a Death Hand / Carmelita
Tijuana Bible
Gulf Coast Highway

Referanser:
Ian Tyson
Guy Clark
Peter Case
Nanci Griffith
Johnny Cash

Vis flere data

Se også:
Borderland - Tom Russell (2001)
Indians, Cowboys, Horses, Dogs - Tom Russell (2004)
Indians, Cowboys, Horses, Dogs - Tom Russell (2004)
Hotwalker: Charles Bukowski and a Ballad For a Gone America - Tom Russell (2005)
Veteran's Day: The Tom Russell Anthology - Tom Russell (2008)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Historieforteljaren

Tom Russell er ein skildrar av menneskeskjebner. Ein historieforteljar som brukar sangen til å uttrykkje seg.

Amerikanaren Tom Russell er ein mann med fleire forbindelsar til Norge. Han har dei siste 20 åra vore ein flittig gjest på norske konsertscener. I perioden 1987-91 spelte han inn tre plater i Norge, med fleire norske musikarar involvert, av desse står Poor Man's Dream frå 1989 fram som kanskje den beste av alle Tom Russell sine utgjevingar. På den kan ein finne klassikarar som Blue Wing, Gallo Del Cielo og Navajo Rug. I 1999 gav han så ut "folk-operaen" The Man From God Knows Where, ein sangsyklus med utgangspunkt i Russell sine røter frå Irland og Norge, også her med deltaking frå fleire kjente norske musikarar.

Tom er ein skildrar av menneskeskjebner. Ein historieforteljar som brukar sangen til å uttrykkje seg. Han har sunget om; fattige meksikanarar versus det rike Amerika (Gallo Del Cielo og La Frontera), blueslegenden Little Wille John (Blue Wing), oppsagte stålarbeidarar (U.S. Steel), countryrocklegenden Gram Parsons (Joshua Tree), Edith Piaf (Chocolate Cigarettes), og mange, mange fleire. I tillegg til at han etterkvart har spelt inn eit utall av sine eigne sangar (har gitt ut eit titalls plater), så har også ein anselig mengd blitt tolka av andre; som Johnny Cash, Nanci Griffith, Guy Clark, Doug Sahm, Dave Alvin, Joe Ely og Ian Tyson for å nevne nokon.

På Modern Art er det Tom Russell som - i tillegg til at han har med sju nye frå eigen skuff - tolkar seks favorittar av andre låtskrivarar. Dette inkluderar blant anna Nanci Griffith sin flotte Gulf Coast Highway, der Nanci sjølv deltek på sang, noko ho også gjer både på Dave Alvin sin komposisjon Bus Station og på Emmylou Harris sin The Ballad of Sally Rose. Carl Brouse, ein nyleg avdød venn av Tom, har skrevet American Hotel som handlar om låtskrivarlegenden Stephen Foster (Swanne River, Oh! Susanna, Old Kentucky Home). Eit av dei finaste øyeblikka her er Tom sin tolkning av The Dutchman, komponert av ein Michael Smith, sangen er ei skildring av ein senil mann og hans kone, og er velsigna med nydelig harmonisang frå Eliza Gilkyson. Crucifix In a Death Hand er ei deklamering av eit dikt av Charles Bukowski, som mot slutten glir over i Warren Zevon sin Carmelita (ei lita helsing til ein stor amerikansk låtskrivar, som nå lid av uhelbredelig lungekreft).

Blant Tom Russell sine eigne sangar finn vi mellom anna The Kid From Spavinaw, ein hyllest til baseballhelten Mickey Mantle, og Muhammed Ali, ein singalong calypso-sak om den store boksaren, utan at nokon av dei vil gå inn i historien som betydelige låtar. Isaac Lewis er trist og episk, om sjømannen som mister livet på havet, og driv i land like i nærheten av barndomsheimen. Tijuana Bible er ein driftig låt om ein 1950-tals detektiv som er besatt av ei mordgåte, og tittellåten ein strålande klassisk midtempo countrylåt, som nøstar ihop ein del hendelsar i og rundt Tom sitt eige liv.

Det er slett ikkje alt Tom Russell har spelt inn opp igjennom åra som har vore like interessant, delar av repertoaret hans blir rett og slett for trygt og utfordrar ikkje nok. Slik også med Modern Art; solid nok, men gnistrar sjelden.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Pat Jordache - Future Songs

(Constellation)

Ikke særlig vakkert – men desto kulere noise-pop fra Montreal.

Flere:

The Elected - Sun Sun Sun
Bryan Ferry - Frantic