cover

House of Flour

Florebius

CD (2006) - Jazzaway / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Jazz

Stiler:
Frijazz / Samtidsmusikk / Improvisasjon

Spor:
Not So Sure
Terje’s Yes
Lithium
Opptur
Odd People
Liten, Stor
Korthus
Hvals
Hvor går Audun

Referanser:
Atomic

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Samspelt originalitet

I dei siste åra har jazzlinja i Trondheim vore synonymt med ung, norsk jazz. No har jazzarane ved Noregs Musikkhøgskule begynt å vise musiske musklar.

Florebius består av fem unge musikarar som har vore å finne ute på NRK sitt store urørte lager og på den norske jazzscena. No har dei fått tillit hjå det norske selskapet Jazzaway. Jazzaway har berre eksistert i eit par år, men har alt opparbeid seg eit respektabelt rykte. Med utgjevnader som The Core og Crimetime Orchestra på samvitet, er det ikkje rart ein ventar mykje av ei ny plate.

Og Florebius leverar varene. Sett vekk ifrå Lithium (Kurt Cobain), er alle komposisjonane på plata skrivne av gitaristen Jan Martin Smørdal og tubaisten Martin Taxt. Alle komposisjonane er eit solid bidrag til det som lenge har blitt karakterisert som den "nordiske sounden": Opent, lyrisk, mystisk og sjelfullt. Men ein finn òg spor etter rock, pop og country. Når dette er sagt, er det heilt klart at det er utføringa av songane som tiltrekk seg mest merksemd. For min del er det det å høyre tuba i jazzsamanheng som gjer det mest spanande. Tuba er kanskje mest kjend frå klassisk kontekst og som framførar av nedskriven musikk. Difor skapar tubaen eit klassisk preg over låtane, medan dei andre instrumenta opprettheld jazzutrykket.

Det einaste akkordinstrumentet i Florebius vert traktert av Smørdal. Og ein kan spørje seg om han har høyrt eit par skiver av legenda Bill Frisell. For her er det mjukt og dissonerande akkordmateriale som vert feida inn av ein kyndig brukt volumpedal. Dette bind låtane saman og skapar eit lydlandskap med skodde og høge tindar; som høyrt i Aarseth sitt arbeid med bl.a. Nils Petter Molvær. Problemet er berre at viss ein brukar ein gimmick mykje, mistar den litt av effekten sin, slik som det til dels har skjedd her. Diverre.

Skulle eg beskriva musikken med eitt ord, hadde det blitt haltande. Og det er ikkje meint i negativ forstand. For mange av låtane går i ei eller anna form for tretakt. Eit glimrande eksempel på dette er tolkinga av monsterhitten til Nirvana, Lithium. I valsetakt. For meg er dette ei glimrande tolking. Frå orginalt å vere ein lidande, manisk depressiv og schizofren song, har den kome ut i ny drakt der det først vert formidla i tekst kva som er problemet og deretter forklart musikalsk kva som skjer i hovudet på vedkommande. Dette er stor musikkformidling! Og dessutan er stemma til Lena Nymark ein fryd å høyre på; absolutt ei av dei mest spanande stemmene i jazz-Norge for tida.

Mange av låtane er interessante å lytte til. Førstesporet, Not So Sure, startar umiddelbart med samspel mellom tuba, vokal og trompet. Nymark og trompetisten Eivind Nordseth Lønning sin unisone melodiføring gjev ein uhyggelig tøff effekt. Resten av låta humpar vidare med eit enormt engasjement og driv frå Terje Engen på trommer. Eg beit meg spesielt merke i den femte melodien som kunne vore musikken til ein film om hestehovud i senger og italiensk brorskap. Vakkert og tøft på same tid! Liten, Stor i lag med Hvor går Audun er bandets rockealibi. Flotte solopresentasjonar og evne til å groove hardt går rett heim i ei elles underfundig plate.

Florebius har i det heile lagd ei plate med flotte melodiar, treffande tekstar (både på engelsk og norsk!) og lytteverdige soli. Men det er som heilskap orkesteret høyres mest interessant ut. Plater frå jazzstudentar kan ha ein tendens til å høyres veldig flinkt ut, men her er det fyrst og fremst spelegleda, samspelet og originaliteten som utmerkar seg. Vel blåst!

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Ed Harcourt - From Every Sphere

(Heavenly)

I'm aware that I'm speaking but the words come out wrong, So I'll put it across in a simple song.

Flere:

Leonard Cohen - Live at the Isle of Wight 1970
Firewater - The Man on the Burning Tightrope