cover

Open Your Heart

The Men

CD (2012) - Sacred Bones / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Punk / Krautrock / Shoegaze / Hardcore / Powerpop / Hardrock / Støyrock

Spor:
Turn It Around
Animal
Country Song
Oscillation
Please Don't Go Away
Open Your Heart
Candy
Cube
Presence
Ex-Dreams

Referanser:
Iggy & The Stooges
Can
Big Star
Pere Ubu
Buzzcocks
Stiff Little Fingers
Meat Puppets
The Replacements
Sonic Youth
Dinosaur Jr.
Spacemen 3
Ride

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Riff, punk og kraut

Det er mykje bra med rock'n roll, berre høyr med The Men.

Det startar med eit riff. Det fungerer som ei tidsmaskin. Eg opnar døra til 1979. Den tida då eg hadde all musikken min på kassettar, og spelte den av på ein Tandberg radio/kassettspelar. I hylla på guterommet stod kassett etter kassett med opptak av favorittprogrammet på radioen, Pop Spesial. På ein av desse kassettane kan eg minnast at nettopp dette riffet var å høyre. Riffet, og så ein songar i angrepsposisjon, Jake Burns, som song:

Don't believe them

Don't believe them

Don't be bitten twice

you gotta suss, suss, suss, suss, suss out

Suss suspect device


Det var tider det. Det var Stiff Little Fingers det, frå Belfast, og deira eksplosive oppgjer med konflikten i heimlandet. Suspect Device. The Men frå Brooklyn har vore innom og stole riffet, og bygd ein song av det. Turn It Around. Ein annan song. Ein annan melodi. Med eit heise driv, og skinger og ståk. Frenetisk rock'n roll. Det songaren syng regjerer ikkje fremst i lydbildet, men syng gjer han, like fullt, overtydande:

I wanna see you write a love song
I wanna see you going down
I wanna see you when you try so hard
I wanna see you when you turn it around


Neidå, ikkje heilt det same. Dette er eit anna oppgjer. Eit hat/elsk oppgjer med ei kvinne. Det er der The Men er. Det er i slike retningar dei dreg sitt eksplosive stoff. På sitt tredje album, Open Your Heart. Eit tvers igjennom variert torever av ei plate, som den siste tida har gjort sine herjingar midt i mine sentrale strøk.

The Men var her med ei plate i fjor også. Leave Home heiter den, og har lite anna enn tittelen til felles med ein viss Ramones-klassikar. Eit mørkt infernalsk og støyande helvete gjer den vel i grunn mest uttrykk for å vere. Og er. Sjuk, skrallande og suggererande. Like rundt hjørnet for Sonic Youth, i ein hardcore punkpsykedelisk aveny. Sidan dess har bandet funne fram til ein stad der tonar får litt lys på seg.

Så derfor kan det vanskelig seiast å vere ein håplaus idé å kalle årets utgjeving for Open Your Heart. Det viser seg også å vere ein bra idé å ta endå ein stopp i det britiske punksyttitalet. Og der rane med seg Buzzcocks sin fantastiske Ever Fallen In Love (With Someone You Shouldn't've), for så å gjere den om til sitt eige tittelkutt. Ein annan song. Ein annan melodi. Supplert med ein døyt Replacements, og ein songar som vandrar sveitt og febrilsk mellom elektriske vegger:

Open your heart to me
Don't believe the tricks that's tangled in my dreams

There are no mirrors here

I am who I am and I want you to see


Nei kvifor forstille seg, når det som er, er det ein er? Det er der The Men er. Sånn cirka. For heilt opplagt er det ikkje, og det er langt i frå alt denne vokalisten syng som er like lett å få tak i. Spesielt ikkje når banden går så brutalt skrålande til verket som dei gjer i songar som Animal og Cube. Andre stader er det ingen vokalist å høyre i det heile. Då er han, Mark Perro, berre gitarist. Noko han er saman med Nick Chiericozzi. I lag med bassisten og trommisen serverer dei då tre lengre, repeterande, mobiliserande og suggererande kutt.

Country Song er ein slik ein. Ein dirrande og ulmande tur ut i eit lende der kaktusar gror og ein slide-gitar tar seg av songen. Presence bringer dei same tonane tilbake, høgg kraftigare og kraftigare til, og endar opp blant asfalt og skyskraparar, med messande song i det fjerne. Størst er Oscillation. Sju krautrock minuttar som går og går, pendlar og brenn, lokkar og veks, eksploderer og hypnotiserer. Sju minutt som helst ikkje skulle tatt slutt.

The Men held seg, som de skjønar, ikkje på same frekvens plata i gjennom. Dei er hookbasert powerpop, brutal råpunk, og eldfull krautrock. Dei er Sonic Youth sine nevøar i Ex-Dreams, og eit shoegazende popband i Please Don't Go Away. Og så har dei laga ein song til Candy. Den høyrest ut som ein bukett med Dead Flowers, planta av Rolling Stones på ein Skyway der Replacements står på perrongen og vinkar farvel.

Men i førarsetet sit The Men. Dei likar ikkje å forstille seg. Dei er dei de er. Dei har rockehistoria innabords, og referansane flyg forbi tettare enn rushtrafikken over Brooklyn Bridge, men akkurat det gjer banden i grunnen ganske så grunnleggande blaffen i. Dei er ikkje her for å imponere, dei er her for rock'n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på.

Og Gud skal vite at det brenn.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Hardingfelepsykedelia
The Low Frequency In Stereo + Nils Økland = Hardingfelepsykedelia.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Synes vel ikke det var så...
26.11.14 - 10:37

Hei, jeg heter Adrian og er...
31.10.14 - 12:26

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day