Genre:
Rock
Stiler:
Alternativ / Indierock / Poprock
Spor:
More Troubles
We Should Never Have Children
Getaway
Hey Tramp
You Try Sober
There's a Body in a Car Somewhere
Weasel
Truth Is Stranger Than Fishin'
Duck Train
Something to Bang
Treacle
Referanser:
Screaming Trees
The Magnetic Fields
Pavement
Tindersticks
The National
Arab Strap
Trøbbel, løgner og meir trøbbel
Ei grovkorna røyst, trøblete historiar og vitale tonar. Slikt blir det skikkelig Schmotime av, skal du vita.
12.07.2006
Det ligg utvilsamt eit stort potensiale og ein gylden mogleik i den første setninga. Ein mogleik til å manifestere seg på skarpsindig vis, eller til å servere ein snedig formulert indikasjon på kva vi kan ha i vente. Litteraturhistoria har sine klassikarar, og rockehistoria sine. Patti Smith sin "Jesus died for somebody's sins, but not mine" og Bob Dylan sin "Once upon a time, you dressed so fine, threw the bums a dime, in your prime, didn't you?" er to. Om den første linja på debutalbumet til London-bandet Absentee kjem seg inn i klassikar-rekka skal eg vere varsam med å forfekte, men den har i alle fall ikkje passert forbi meg unotert:
"In my life I have been known, to bring home more troubles than I've solved".
Når orda i tillegg blir forkynt av ei røyst som opererer i dei djupaste og mest røykskada delane av det menneskelige stemmeregister (som ein fusjon av Leonard Cohen og Mark Lanegan) er ei stålsikker merksemd spikra.
Absentee byrja så smått å ta form rundt 2004. Låtskrivar, gitarist og innehavar av den der røysta, Dan Michaelson, fekk med seg tangent-traktør og innehavar av ei røyst med eit diametralt motsett tonegrunnlag, Melinda Bronstein, for litt musisering. Ei og anna låt blei spelt inn, eit par singlar vart gjevne ut, fleire instrumentalistar kom til (på eit stadium var Romeo Stodart, no betre kjent frå The Magic Numbers, bassist), dei blei eit band, og dei tok eit namn. I 2005 gav dei ut mini-albumet Donkey Stock, og vart tildelt nokre minuttars merksemd i ikkje altfor pålitelige NME. No inviterar dei til Schmotime. Eg trur du gjer deg sjølv ei teneste om du møter opp.
For Absentee har meir å by på enn ei probat førstelinje og ei minneverdig røyst. Ja opningssporet More Troubles har meir å by på det også, der det smyg, stikk og stuper framover i eit laust men dynamisk driv bore fram av orgelbølgjer, gitarlicks og blåsarar, og med kraft i trommeslaga. Fyren som fører ordet har vikla seg inn i minst ei kvinnehistorie for mykje, og sit no og lurer på om elskerinna framleis vil bli hos han "when the black of my heart begins to show". Det er nok ikkje utan grunn.
Absentee er ein kvintett med ei både hengslete og energisk innstilling. Det går framover, til tider både drivande og larmande også, men ikkje på ein lettkøyrt og brei veg, her er det humpar og svingar, samt to grøftekantar dei stort sett held seg unna. Ein tanke som ramla ned i hovudet mitt under første møte var at dette kunne ha vore lyden av Screaming Trees som trakka rundt i Magnetic Fields, med The National dansande på eit Pavement like ved. Referansen er slett ikkje 100 % dekkande (knapt nok 69 %), men eg nektar like fullt å sleppe heilt tak i den.
Dei fem diskar opp med låtar støypt i kjente former, der rockdosen er større enn popdosen, men begge dosane er viktige. Dei gjer det med overmannande melodisk slagkraft og personleg finesse som fremste karakteristikum. Og ikkje minst, Michaelson har sekken full av interesseskapande skildringar så kløktig formulerte at ein fort skjønar at opningslinja ikkje var eit slumpetreff.
We Should Never Have Children blir det hevda med styrke, og i hardnakka kamp med ein malande gitarvegg, etter at trøbbelet i første spor har lagt seg. Michaelson startar med å erklære at "Oh darling, you're no oil painting, and I'm no Michelangelo, no, no", før han litt seinare nokså skånsellaust trekker denne slutninga; "some people never should have met, let alone find themselves in bed". Og då skulle vel dei fleste ha oppfatta at det ikkje er dei rosenraude mellommenneskelige tilhøva ein kan skode under Schmotime sine diffust opplyste lampar. Men sjølv om dei driv i svartmalingsbransjen er det likevel stundom eit litt oppstemt drag over Absentee. Litt fordi ein kan ane ein eim av svart humor her og der, litt fordi Melinda Bronstein si lyse røyst dukkar opp innimellom og kontrar Michaelson sin gravkammerbass med litt "do-be-do-do" og slikt, og litt fordi tonefylgjet til tider har preg av å ha vore innom eit livleg pop-party.
Aller mest av Melinda i vokalform får vi i den diskuterande duetten You Try Sober. Ein blå poprock-sak, der dama er nattevandraren og mannen den frustrerte og forsømte. Dei livlegaste tonane har den blåsarfriske There's a Body in a Car Somewhere fått utlevert. Og i kategorien brunstig, klorande, tøff og vanedannande slår både Something to Bang og Weasel solid frå seg. Førstnemnte med det livstrøytte sukket "I'm tired of being a man, there's always something to bang" sentralt plassert, og sistnemnte med den kjekke Cash-finta "it's hard to get up when you're down, down, down" som illustrerande våpen.
Ved eit høve blir det, medan strukturen går frå smygande lap steel-kos til kvesste el-gitar åtak, nokså iherdig hevda at Truth Is Stranger Than Fishin'. Ein liknande struktur har også avsluttande Treacle fått utdelt. Den startar som ein Lambchopsk ballade, men endar som ein smått monumental himmelstormar, der det forsonande mantraet "oh my love, you get sweeter everyday" blir gjentatt fleire gonger enn sunt er.
Schmotime før showtime everytime.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Portishead - Third
(Go! Discs)
Trip-Hop er for Portishead noko som var. I 2008 utfordrar dei oss med andre tonar, og er minst like interessante.
Flere:
Wilco - A Ghost is BornTorgeir Waldemar - Torgeir Waldemar