cover

Challengers

The New Pornographers

CD (2007) - Matador / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Pop / Poprock / Powerpop

Spor:
My Rights Versus Yours
All the Old Showstoppers
Challengers
Myriad Harbour
All the Things That Go to Make Heaven and Earth
Failsafe
Unguided
Entering White Cecilia
Go Places
Mutiny, I Promise You
Adventures in Solitude
The Spirit of Giving

Referanser:
Zumpano
Destroyer
Blondie
Cheap Trick
The Shins
Beach Boys
Electric Light Orchestra

Vis flere data

Se også:
Mass Romantic - The New Pornographers (2000)
Electric Version - The New Pornographers (2003)
Electric Version - The New Pornographers (2003)
Twin Cinema - The New Pornographers (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Meir poptoppers enn showstoppers

Vitaliteten er der denne gongen også, sjølv om ein kanskje må gå eit par rundar ekstra for å skjønne det.

Etter tre album der dei übercatchy poptonane har komme tettare enn regnbyene her vest tar The New Pornographers det litt meir med ro i sitt fjerde framstøyt. Ikkje det at dei utfordrar sitt gamle eg på dramatisk vis, eller har skrinlagt si rolle som leverandørar av drepande effektive hooks. Det er berre det at Carl Newman og hans vesle skare gjer lyttaren litt meir å tygge på denne gongen. Ingen dum taktikk det. Om då ikkje tygginga har si årsak i at tonane er for trevlete eller slapp i smaken. Og det kan dei vel ikkje vere med The New Pornographers i tilverkarrolla?

Samstundes som det gjennomsnittlege tempoet blir skrudd ned og fossen av dei mest feststemte av hooks renn i mindre strie straumar kan ein ane eit større innslag av vemod. Rykta seier at Carl Newman førre året brått reiste frå Vancouver. Ingen høyrde frå han før han dukka opp i Brooklyn fire månader seinare. Då med ein bunke songar som handla om "the hope of spring, mirage of loss" og "a few more things".

Songar han, i god nypornografisk ånd, villig lar andre få lov å omfamne. Fire av bandmedlemmene tar sterkt del i det vokale. Mest Newman sjølvsagt, men Neko Case er stadig med. Eksentrikaren Dan Bejar syng sine eigne songar (det er tre av dei på Challengers). I tillegg har nykomaren frå Twin Cinema Kathryn Calder fått ei meir framståande songrolle denne gongen. Saman med kjenningar som Kurt Dahle, John Collins og eit par til skapar dei eit album som nok er denne gjengen sitt mest varierte, men som når alt kjem til alt like fullt endar opp eit par-tre litt halvslappe augeblikk unna tittelen bandets beste.

Det opnar alt anna enn slapt. Det opnar med My Rights Versus Yours. Det opnar pop-perfekt. Med ein elegant flyt som og gjer rom for å la ting henge i lufta. Med Newmansk falsettsong, "oh oh" og "the truth in one free afternoon". Omstenda som vert skildra er slett ikkje av det aller triveligaste slaget. Det er den vesle mannen som hiv etter pusten under dei brutalt kvernande hjula til den store herskar. Det er makt og avmakt. Og ei Kafka-fortelling lurer nok i kulissane.

All the Old Showstoppers fylgjer, og er omtrent like pop-perfekt. Lettbeint, ikkje intrikat, men heller ikkje utstyrt med dei aller mest opplagte tonekombinasjonar. Det siste gjeld også Newman sitt kanskje mest ambisiøse nummer på plata, Unguided. Seks og eit halvt minutt lang sprenger den greitt grensa for normal pornografisk låtlengde. Ein liten popsymfoni som nok er meir episk enn direkte skilsettande. Den er kanskje gjort med eit lite skråblikk til Brian Wilson, men manglar nok dei avgjerande melodivinnande vibrasjonar på å bli noko for framtidige mixtapes og slikt. Sjølv om ein slett ikkje skal kimse av den, og spesielt ikkje augeblikket då Kathryn Calder slepp igjennom ein monumental "do-do-do-love" vegg for å stille spørsmålet "why wait for the weakened state, to lie next to the weaker sex?".

På sitt hastigaste er gjengen når dei høyrest ut som Roxy Music på speed i All the Things That Go To Make Heaven and Earth. Medan dei syner fram sitt varlegaste vesen i Adventures In Solitude. Ein tett og nær duett mellom Newman og Calder, der eit piano, nokre klangfulle harpeliknande strengelydar og ei handfull vemodsfulle strykarar finn balansen mellom skjørt og grasiøst.

Av Dan Bejar sine tre låtar er eg ikkje i tvil om at eg trivst best i selskap med Myriad Harbour. Der elegant halvsynging møter eit sjølvlysande refreng, og blir til ein sjarmfull og popdynamisk trip gjennom New York City. Dei to andre bidraga hans, Entering White Cecilia og The Spirit Of Giving, føler eg slit litt med å tre ut av ein noko grå frakk.

Grått er det imidlertid sjeldan der ein kan høyre Neko Case si voluminøse røyst. Denne gongen er det to låtar av det heller sindige slaget ho tar seg av. Begge to, både tittelkuttet og Go Places, har klart slektskap til låtar ho plar by på når ho gjer ut plater under eige namn. Folksy poptonar som ikkje viser fram alt med det same, men har eit ekspanderande vesen. Dei når nok likevel ikkje opp mot hennes aller finaste soloting.

"Here's the mutiny I promised you, and here's the party it turned into" syng Newman og Calder i friske former i ein av songane her. Og sjølv om albumet kanskje manglar litt på å vere deira aller største fest, så skulle Challengers ha nok av futt og utfordringar i seg til å overleve dei fleste popforsøk gjort rundt omkring på vår ustabile klode i det herrens år 2007.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Rosanne Cash - Black Cadillac

(Capitol)

Ei dotter minnast og tar farvel, med velfunderte ord og sterke tonar.

Flere:

The Clientele - Strange Geometry
New Order - Waiting For The Sirens' Call