cover

Donomichi Doddodo

Doddodo

CD (2006) - Power Shovel Audio

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
Breakbeat / Breakcore / Keltisk / Samplehappy / Eksperimentell elektronika / Elektro

Spor:
Black Line Make Me Mon
2
Chaos Middle
Dodadakone
Every Day Doner Life
Calnenko
5
untitled (pictoresque title)
White Family Min Min Min
Monzoku Akamaru
Dark Room Kitakagaya
I Need U
She Sing Slime Song
11
Bold Men

Vis flere data


Sekkepiper og dundrande beats

Q: 'When did you start music, and the environment at the time?' A: 'My daddy came in my room and said what the hell it's noisy.'

Åtvaring: I mine yngre år var eg overmåte oppteken av irsk folkemusikk, noko som har sett så djupe spor i den musikalske sjela mi at eg den dag i dag ikkje veit noko artigare enn å drage fram gamle Irish Folk Collection-plater for å klippe opp innhaldet i lydredigeringsprogrammet mitt og mikse inn Public Enemy-beats, fortrinnsvis "corrupt like a senator"-verset frå Bring the Noise. Dette kan vere utslagsgivande i vurderinga mi av den føreliggjande plata, som ikkje berre tilfeldigvis er basert på berserkgang med trommemaskin, sampler og ei platesamling som av ukjende (men sosiologisk interessante) årsaker er dominert av av irsk folkemusikk og gammal hip-hop, men som også tilfeldigvis bruker det just omtala verset.

Dermed kjem det neppe som ei overrasking når eg påstår at Donomichi DODDODO er den suverent mest underhaldande plata sidan Portsmouth Sinfonia Plays the Popular Classics og det beste som skjedd sidan The Twin Trees av In Gowan Ring blei remastra, men sjølv i mine mest objektive stunder trur eg at plata også kan gjere suksess hjå andre enn visse spesielt ramma nostalgikarar. Kombinasjonen heftige beats + flotte melodiar er jo ikkje heilt fri for masseappell, sjølv om den ugjestmilde lydkvaliteten kan vere eit hinder for enkelte, og eg vil dessutan tru at Namin Haku (aka DODDODO) til ei viss grad styrer unna antipatiane enkelte har mot hip-hop og/eller irsk folkemusikk nettopp ved å kombinere dei to sjangrane; det er for melodiøst og leikent til at ein kan sutre om at det berre er sjølvhøgtidelege wannabe-gangsters som pratar om bitches and hos over monotone beats, og for tøft og hardtslåande til at ein kan snakke om sentimental søtsuppe for Sinn Fein-sympatisørar.

Og med det er det kanskje på tide å rette opp ein aldri så liten ubalanse i framstillinga: irsk folkemusikk og hip-hop er rett nok dei mest sampla sjangrane på plata, men står på ingen måte aleine; blant ingrediensane finn vi også japansk musikk, noko eg trur må vere ein nasjonalsong, rock'n'roll, dataspel-tema, My Way og gudane veit kva meir, dessutan mistenkjer eg Haku for å sjølv spele ein del bass- og melodilinjer på eit keyboard ho fann på romet til den seks år gamle søstera si. Når det gjeld nøyaktig identifisering det sampla materialet har eg ikkje stort å kome med utover det allereie nemnde og at The Star of the County Down viser seg å vere Veronica frå Bad Boys sin song av same namn, men med mindre du deltek i ein DODDODO-basert quiz er det ikkje nødvendig å kjenne att innhaldet for å juble av glede heile vegen frå Black Line Makes Me MON til Bold Men. Trur eg.

Det kan jo som sagt vere ein fordel å vere tilbøyeleg til å dåne av begeistring kvar gong ein høyrer ei irsk sekkepipe over ein dundrande beat.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Diverse artister - I Love Techno: 10 Years - The Classics

(N.E.W.S.)

Trippel CD som oppsummerer 10 år med glimrende hard, monoton klubbtechno. Det kan jo bare ikke bli feil.

Flere:

Firewater - The Man on the Burning Tightrope
Rosanne Cash - Black Cadillac