cover

The Medicine Show

The Dream Syndicate

CD (1984) - A&M / Sony Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Paisley Underground / Alternativ / Indierock

Spor:
Still Holding On To You
Daddy's Girl
Burn
Armed With An Empty Gun
Bullet With My Name On It
The Medicine Show
John Coltrane Stereo Blues
Merrittville

Referanser:
The Velvet Underground
Neil Young & Crazy Horse
R.E.M.
Green On Red
True West
The Rain Parade
The Long Ryders
Giant Sand

Vis flere data

Se også:
The Days of Wine & Roses - The Dream Syndicate (1983)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Desperate draumar

Side 2 er ein av dei sterkaste LP-sidene i rockens historie. Her er det 3 sangar på 22 minuttar, og det er ikkje eit kjedelig øyeblikk.

Tidenes sommarlåt? Det er verken Summertime Blues, Summer In the City eller for den saks skyld Neste Sommer. Tidenes største sommarlåt er John Coltrane Stereo Blues. Sommaren 1984 var det først og fremst ei plate som gjaldt, og den heftigaste låten var denne dampande erotiske og svette affæren. Bandets rytmeseksjon held den på skinnene, mens gitarist Karl Precoda og sangar Steve Wynn køyrer eit skeivt og vilt løp der det mot slutten tar fullstendig av i tredje potens når Steve Wynn syng:

"I got some fine wine in the freezer mama
I know what you like
I got some John Coltrane on the stereo baby
make it feel all right
I said that a man works hard all day
he can do what he wants to at night
come on, come on..."

Den strekker seg mot ni minuttar, og er som alle sikkert skjønar ingen lettfordøyelig trudelutt, men når kvikksølvet passerer 25 grader er den komplett uimotståelig. Vel, den er faktisk uimotståelig uansett temperatur. Eg trur neppe det finst nokon låt eg har spelt fleire gonger.

1981-82 kan vel karakteriserast som dei slappaste årene i rockens historie, i kjølvannet av punken var det lettvektarane som rådde grunnen. Det skulle imidlertid begynne å livne til igjen, for i USA dukka det brått opp ein mengde særdeles oppegående rockeband. R.E.M. blei etterkvart mest kjent av disse, men her fann vi og suverene band som Meat Puppets, Green On Red, Violent Femmes, The Replacements og mange fleire. Eit av disse banda var så definitivt The Dream Syndicate. Bandets første LP bar tittelen The Days of Wine And Roses, ei plate i beste Velvet Underground-tradisjon, utgitt i 1982 på det vesle selskapet Slash (som saman med bl.a. I.R.S. var utgjevar av mange godbitar på denne tida). Plata vart godt motteken av kritikarane, og blei omfavna av det amerikanske collegepublikumet.

Bandet fekk i neste omgang platekontrakt med A&M, og hyrde inn Sandy Pearlman som produsent, ein kar som tidligare hadde hatt samme rolla for Blue Oyster Cult, samt på den noko skuffande andreplata til The Clash.

Våren 1984 var Medicine Show ute i butikkane. Den blei øyeblikkelig møtt med skepsis av mange kritikarar, og av store deler av fanskaren, dei meinte det var snakk om sell-out. Meir på trynet er det knapt mulig å omtale Medicine Show. Verket er derimot ei sjelden fascinerende og intens reise igjennom sjela sine mørke avkrokar. Her er det ei fortetta stemning der tekstane kretsar rundt temaer som kunne funne sin plass i paranoide og lyssky kriminalfortellingar.

"Yeah, it's been written in stone: You're gone and you're not coming home"

Sitatet er første linja i åpningssporet Still Holding On To You, her er alt håp så definitivt ute, meir slagkraftig kan det vel neppe beskrivast. Det er ein steintøff rett fram rockelåt, meir i slekt med Crazy Horse enn med Velvet Underground, noko som vel kan seiast om albumet som heilhet også. Og som (saman med kunnskapen om kven som var produsent) var hovedgrunnen til den lunkne mottakelsen som blei albumet til del.
Det neste høgdepunktet er Burn, ein melodiøs men likevel uhyggelig sang om ildspåsetting og hevntankar.

Side 2, er ein av dei sterkaste LP sidene i rockens historie. Her er det 3 sangar, med samla speletid på drøyt 22 minuttar, og det er ikkje eit kjedelig øyeblikk. Det åpnar med tittelkuttet, og hadde side 1 ei oppsiktsvekkande åpningslinje, ja så er denne minst like virkningsfull;

"I've got a page one story buried in my yard, I've got a troubled mind,
I'm going down to the medicine show"

Ein laust slentrande men likevel veldig dynamisk begivenhet, der Steve Wynn i det eine øyeblikk syng forsiktig for så i neste å rive til skikkelig, og der gitaren til Karl Precoda ytterligare underbygger den anspente stemningen.
John Coltrane Stereo Blues har eg nevnt. Avslutningen er den episke Merrittville, ein briljant melodi, som dreg ein inn i ein suggerande historie om ein stakkar som opplever særdeles ubehagelige ting i Merrittville. Det avsindig vakre refrenget lyder som følger:

"There's a game they play in the summertime
There's a game they play when it's hot outside
And I wonder why they left me here in Merrittville"

Mens eg lurer på korleis det er mulig at denne plata ikkje har fått den oppmerksomhet som den faktisk fortjener, me har nemlig å gjere med ein av dei beste rockeplater som nokon gong er blitt spelt inn. På CD-utgava utgjer liveplata This Is Not The New Dream Syndicate Album ekstrasporene (fem i talet), det er eit Dream Syndicate på sitt aller, aller mest ubehandla. Gnistrande og rått.

Om eit år er det 20 år sidan The Medicine Show kom ut, det bør markerast med ei utgåve av det ekstraordinære slaget.

comments powered by Disqus

 



Odd Einar Kolltveit
2003-07-11jamen korhen får ein tak i plata då?

Eg har følgt Dream Syndicate/Steve Wynn sidan ca 1985, og Medicine Show har alltid vore framheva som den beste plata. Eg for min del har alltid hatt det kjempemoro med Ghost Stories som har vore min favoritt blant det eg har fått tak i .
Men M.S er jo ikkje mogleg å få fatt i ! Er det planer om å få reutgitt den, eller er det eventuelt mulig å få fatt i ein kopi? Eller ein original?

Oddmund Berge
2003-07-13medicine show 2004

Ryktene (som stammar frå Steve Wynn himself) seier at Rhino skal re-utgje plata ein eller annan gang i 2004 (20-års jubileum).

Scott Cramer
2003-07-15

I am desparately trying to get a hold of A.j. or Michael Mogis. My name is Scott Cramer and I have been making some connections.

Let's talk about it

Please e-mail me.

2009-06-13Snart 25 års jubileum for denne plata.

Er så hjertens enig i denne anmeldelsen, jeg har denne plata inne på topp 5 av alle plater gjennom alle tider.

cnm
2010-08-03Ventedtiden er over

Platen er nå reutgitt av Universal (via underlabelen Runt). Bare å fyre opp grillen, Berge!

Oddmund Berge
2010-08-04medisin

Grillen er fyrt opp, og eg har "some fine wine in the freezer" så ........ takk.

radier
2010-08-04vinyl

den har alltid vært grei å få tak i på ebay. skarve 15 dollar for de som samler på slikt.
fantastisk album. personlig holder jeg the days of wine and roses som min ds favoritt, akkurat nå iallefall. men det varierer. må også berømme berge, min norske favoritt anmelder, by a mile. det er alltid en fornøyelse å lese hans tekster, og da er det på sin plass å trekke frem min favoritt berge anmeldelse, wilco- a ghost is born. stående trampeklapp.

Oddmund Berge
2010-08-05roser og medisin, og mange takk

Eg ser ingen grunn til å halde skjult at slikt eit skryt varmar .... takk radier. Og ja, The Days Of Wine And Roses er der oppe og miksar tablettar med dei store meisterstykka den også.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo