Genre:
Rock
Stiler:
Rock'n'Roll / Poprock / Folk
Spor:
Jubilee
Mother Rose
Stride of the Mind
Cartwheels
Gandhi
Trespasses
My Blakean Year
Cash
Peaceable Kingdom
Radio Baghdad
Trampin'
Referanser:
Bob Dylan
Lou Reed
The Doors
The Rolling Stones
Television
PJ Harvey
The Pretenders
Se også:
Horses - Patti Smith (1975)
Easter - Patti Smith (1978)
Land (1975-2002) - Patti Smith (2002)
Land (1975-2002) - Patti Smith (2002)
Banga - Patti Smith (2012)
Strid, kjærleik og forståing
Frå hjertet av Amerika til gatene i Baghdad. Frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid.
25.05.2004
"Our terrain stretches from the american heartland to the streets of baghdad. Our boots are well worn and the sack we toss over our shoulder is filled with tears and grain. We unbutton our coats, for spring is upon us and the air is thick with promise. Let us shake the gold upon the fields for it is spring, a good time for trampin'." (pattismith.net)
Eg ser at enkelte har omtala Trampin' som eit comeback frå Patti Smith si side. I ordet si eigentlige tyding er vel ikkje dette heilt korrekt, ettersom albumet er hennes fjerde sidan Gone Again kom i 1996, og følgjer ikkje meir enn fire år etter Gung Ho. Omdefinerer vi derimot comeback til å tyde; tilbake i toppform, då er Trampin' definitivt eit comeback.
Det er i desse dagar tretti år sidan Patti Smith entra eit studio for aller første gong og kom ut igjen med den legendariske singelen Piss Factory. Då ho året etter (1975) fulgte denne opp med albumet Horses, og introduserte seg med den berømte åpningslinja "Jesus died for somebody's sins, but not mine" manifisterte ho klart og tydelig at her var ei dame som gjekk rock'n'roll vegar ingen andre damer (eller menn, for den saks skyld) hadde søkt innpå før.
Bandet: Rock'n'roll arkeolog Lenny Kaye skyflar ut kompromisslaust gitargrums. Jay Dee Daugherty på trommer og Ivan Kral på bass dannar ein heftig rytmisk duo. Medan krølltoppen Richard Sohl er ansvarleg for sublim tangent utøving. Dama: Patti Smith er ein ordrik leverandør, eit poetisk uvær, som har henta sin inspirasjon like mykje frå den franske poeten Arthur Rimbaud og beat-generasjonen sine frilynte ordkunstnarar som Bob Dylan, Jim Morrison og obskur garasje-rock. Horses: Eit spark midt i skrittet på alt sløvt, likegyldig og blodfattig. Eit vågalt, friskt og ukultivert åtak. Og dannar saman med Velvet Underground sitt banan-album og Television sitt Marquee Moon ein New York-trio som i denne skribenten sine auger ganske så problemfritt kan få lov å dele tittelen tidenes beste debutalbum mellom seg.
Patti har i ettertid aldri klart å toppe Horses. Av albuma som fulgte dei neste fire åra kom rett nok Easter (1978) ganske nær, men Radio Ethiopia (1976) var litt for ujevn, og Wave (1979) ein temd skuffelse. Ved inngangen til 80-talet trekkjer ho seg tilbake og prioriterer familie og eit fredeligare liv. Ho gjer eit kort comeback i 1988 med albumet Dream of Life (mest kjent for anthem-rockaren People Have the Power), spelt inn i samarbeid med ektemannen Fred Smith (med fortid i MC5). Likevel, på ingen måte ei plate som går inn i historien. I løpet av nokre månader i 1994 dør både mannen Fred og broren hennes. I 1996 og 1997 følger så dei to lågmælte (i Patti Smith-samanheng) albuma Gone Again og Peace and Noise. Begge med fleire fine folk-aktige spor, men likevel nokre hakk unna Patti sine største stunder. Hennes åttande album, Gung Ho frå 2000, trur eg kunne ha vunne på ein noko råare produksjon, her er spor av fleire sterke låtar (Glitter In Their Eyes, Strange Messengers), men i Gil Norton sine produsenthender blir dei, overraskande nok, både litt overprodusert og avsnertifisert. Men så skjer altså underet (eit lite i alle fall), Trampin' dukkar opp og viser ei 57 år gammal Patti Smith med ein glød og ei melodisk kjensle vi må heilt attende til Easter for å finne makan til.
Trampin' femner om eit breidt register, frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid. Frå personlege nedteikningar til sterke politiske og dagsaktuelle ytringar. Frå romantiske forestillingar via pretensiøst ordgyteri til kraftfulle utsegn, rikt krydra med fabelaktig surrealisme og vakre lyriske bilder. Mykje er altså slik vi kjenner dama frå hennes beste stunder, sjølv om det politiske, og då helst i tydinga anti-krig, anti-kapitalisme og anti-Bush, blir gitt meir plass enn nokon gong før. Det er også tettare mellom balladene enn kva som var tilfelle i dei meir spastiske 70-åra. Seks av låtane på Trampin' vandrar rundt i eit slikt varleg tonelandskap. Men det er jo heilt greit så lenge fleirtalet består av rett så fine saker. Trespasses, plassert i nærleiken av eit innbydande countryterreng, høyrer til blant det aller fremste Patti har gjort i denne kategorien. Eg har heller ingen problem med å la Cash få cashe inn nokre adjektiver av positiv art, melodisterk og varmblodig som den er. Sterk er også Peaceable Kingdom, ei låt i naiv utopisk drakt inspirert av skjebnen til den amerikanske fredsaktivisten Rachel Corrie, som i mars 2003 blei myrda av israelske militære medan ho prøvde å beskytte palestinske territorier. Tittelsporet er kun Patti og hennes 16 år gamle datter (på piano), i ein intens og langsom versjon av ei gammal gospel hymne; "I'm trampin', trampin', try'n-a make heaven my home".
Det mest sentrale øyeblikket på Trampin' er imidlertid det kraftfulle rittet Radio Baghdad. Tolv minuttar som er både dagsaktuelle og evigvarande. Tolv minuttar der ho for første gong på over 25 år finn tilbake til den intense nerva i klassiske rock'n'roll rekviemer som Land, Gloria, Radio Ethiopia og Rock'n'Roll Nigger. Vekslande mellom sang, deklamering, kviskring og høglydte sukk utfører dama - godt hjelpt av sine fire våpendragarar (Lenny Kaye og Jay Dee Daugherty er fortsatt med, i tillegg til dei litt seinare påmønstra Oliver Ray (gitar) og Tony Shanahan (bass)) - ei avsindig ferd gjennom historiske landskap. Med utgangspunkt i det faktum at sivilisasjonen sin fødsel fant stad på dei grøderike mesopotamske slettene mellom Eufrat og Tigris, lar ho den irakiske stemme komme til orde. Ei stemme som undrande og etterkvart fortvila konfronteres med den kjensgjerningen at til tross for alt dette folket har gjort for verden sin utvikling; "we mean nothing to you", og blir istaden kun betrakta som "your arabian nightmare". Likevel, det hadde ikkje vore Patti om ho ikkje, opp i alt det smertefulle, hadde latt optimismen få trenge gjennom skylaget til slutt; "suffer not, but extend your hand". Sikkert ingen slager på bankettar i det kvite hus.
Nesten av samme infernalske nåde er dei akselererande ni minuttane kalt Gandhi. Den startar med Patti si røyst oppå ein svak basstone, og bygger seg opp, opp og opp mot ekstatiske høgder. Der ein kan skimte både Martin Luther King og Gandhi blant struttande blomstring og regnande sukkertøy i eit utopisk rike. Jodå, det er romantisk, svermerisk og litt naivt. Samstundes er det gjort med ei slik overbevisande kraft at ein kan ikkje motstå freistinga det er å snike seg inn i hagen for å delta i den pasjonerte dansen; "awake from your slumber, and get 'em with the numbers".
Av dei tre meir konvensjonelt oppbygde rockelåtane, er det den strykar-draperte saken, inspirert av William Blake sitt liv og diktning, titulert My Blakean Year, som verkelig struttar av rytmisk tiltakslyst. Sjølv om både den optimistisk marsjerande Jubilee og langt meir skitne Stride of Mind også er levedyktige tilfeller. Aller mest fordi det er ei av dei sterkaste og mest karakteristiske stemmene rocken har fødd som leiar an.
"Sha da do wop, da shaman do way..."
Hentet fra arkivene
Groovissimo

TV on the Radio - Dear Science
(4AD)
Er TV on the Radio det aller beste bandet der ute akkurat nå?
Flere:
The Clientele - Strange GeometryRöyksopp - Senior