cover

Maraqopa

Damien Jurado

CD (2012) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Singer/songwriter / Blues

Spor:
Nothing Is the News
Life Away From the Garden
Maraqopa
This Time Next Year
Reel to Reel
Working Titles
Everyone a Star
So On, Nevada
Museum of Flight
Mountains Still Asleep

Referanser:
Richard Swift
Bonnie Prince Billy
Elliott Smith
Jason Molina
Bill Callahan
Neil Young

Vis flere data

Se også:
I Break Chairs - Damien Jurado & Gathered In Song (2002)
Where Shall You Take Me? - Damien Jurado (2003)
Where Shall You Take Me? - Damien Jurado (2003)
Just In Time For Something - Damien Jurado (2004)
On My Way to Absence - Damien Jurado (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Lyset, fridomen og bluesen

Trubaduren tar eit nytt steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap.

Nothing Is The News er ingen sensasjonell song. Den kjem drivande inn frå eit ørkenlandskap eg har høyrt songar komme frå før. Den ulmar og er lumsk, har eit insisterande groove og psykedeliske vibber. Den er ein heimsøkt og flytande blues med eit apokalyptisk tema. "There's no where to live, when all that's been living is gone" syng songaren, og så spelar nokon ein fragmentert og klagande gitarsolo. Nei sensasjonelt er det ikkje, men avgjort verknadsfullt, og ein måte å formidle tonar på eg ikkje forbind så veldig sterkt med Damien Jurado. Elektrisk, rockande. Etterpå, i dei ni songane som fylgjer, kjem han nærare sitt gamle eg, men ikkje heilt dit. Han slepp songane sine meir fri på Maraqopa.

Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Det byrja i eit tett kompaniskap med Richard Swift. Ein popfyr som med eit idérikt og Brian Wilsonsk hovud tidlegare har skrudd saman eit par eigne popplater, der han med utgangspunkt i eit nostalgisk tonesyn har skapt noko som har virka stimulerande, og absolutt på sin plass også i våre dagar. Ein ekskursjon ein vel kan seie han no har invitert Damien Jurado med på. Eg kan ikkje sjå, eller rettare sagt høyre, at det på noko vis har gjort skade på den gode trubadur frå Seattle.

Sidan han platedebuterte tilbake på nittitalet har eg opplevd Damien Jurado som ein singer/songwriter eg stort sett har kunna stole på. Med ei røyst i krysningspunktet mellom ein Bonnie Prince Billy og ein Elliott Smith har han gjennom åra levert sin skjerv av gode og tungsindige viser. Då Saint Bartlett kom i 2010 var lydkjeldene fleire, spekteret breiare, og Jurado meir variert. Utan at det virka forsert på noko vis. Snarare høyrdest det ut som eit landskap skapt for Jurado. Eit organisk og varmt temperert sonisk landskap.

Der er Jurado og Swift på Maraqopa også. Ikkje milevidt unna den folktonen Jurado har gjort oss kjent med gjennom åra, men unna. Lengst unna, ved sida av opningskuttet, er han i den smått funky og psykedelisk popduvande Reel To Reel. Nærast opplever eg han er i den mjuke og omtenksame countrysongen Mountains Still Asleep.

I mellomrommet mellom desse blir det servert sikre Jurado-vinnarar som Working Titles og So On, Nevada. Den første er eit oppgjer med ein songar. Lagt i munnen på ei kvinne som står han nær, men som har fått nok. Songaren er kanskje Jurado sjølv. Eller kanskje ikkje. I alle fall, det er ein songar som i fylgje kvinna "mess up my life in a poem" og "have me divorced by the time of the chorus". Eit par handlar det om i So On, Nevada også. Og tilstanden mellom dei to kan neppe seiast å vere ekstatisk her heller. Snarare kan den vel karakteriserast å vere omlag like ferdig som eit bjørkelauv ein novemberdag. Så songaren kuttar like godt banda han, reiser, og gjev ein ytst vag lovnad om å ringe ein gong. Men, legg han til, "don't call my friends, they won't answer the phone".

Det er ikkje slik tvers gjennom heile plata. Det blir sunge mykje om eit lys her også, og om ein fridom. I kompaniskap med eit lite barnekor i Life Away From the Garden ("all of us light, all of us free"). Åleine blant regntunge tonar i tittelkuttet ("it's where the light can come in ... we are free, we are free"). Eller i folkpsykedeliske Neil Young-former i Everyone A Star ("free is all we are"). Inne i dette snakket om lyset, eller fråværet av det, og om fridomen, eller det ikkje alltid så lett handterlige med den, anar eg at Jurado slår eit vagt lite slag for ein himmel, og ei tru på ein gud.

Eg nøyer meg med å tru på Maraqopa. Ikkje ei sensasjonell plate, men ei riktig så god Damien Jurado-plate.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day