cover

Sleepwalks in the Garden of the Deadroom

Currituck Co.

CD (2005) - Track & Field / Racing Junior

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Frifolk / Psykedelia / Folkrock

Spor:
Paid For Grace
I Went Outside Today
8pm on a Friday
Sleepwalking I
Run Away From the Sun
One to Many Comforts
Wisdom of the Weeks
Sleepwalking II

Referanser:
Devendra Banhart
Vetiver
John Fahey
Bert Jansch
Nick Drake
Clarence White
Fred Neil

Vis flere data

Se også:
Unpacking My Library - Currituck Co. (2003)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein fingernem søvngjengar

Eit amerikansk einmannsband med strengedansande fingrar og frifolk attityde.

Den susande lyden av ei platestift som treff rillene vert etterfølgt av ei dirrande aust for midt-austen tona stemme. Lyden av ein akustisk gitar kjem inn og overtar. Fingrar dansar frå streng til streng og kallar fram fine tonar. Ei vemodsfull mannsrøyst med vakre melodilinjer på tapetet smyg seg med. I bakgrunnen surrar ein monoton mørk dur, og etterkvart lurer fleire kjelder med subtile påfunn seg med. Låta heiter Paid For Grace og innleiar Currituck Co si melankolske drift under ein psykedelisert himmel.

Currituck Co er i all hovudsak eit einmannsprosjekt drive av amerikanske Kevin Barker. Sleepwalks in the Garden of the Deadroom er hans tredje album under denne signaturen, og inneheld mykje attråverdig musikk. Han har sterke band til det lauslege amerikanske frifolk miljøet som dei seinare åra har vitalisert den akustiske folkmusikken. Han har delt scene med både Devendra Banhart, Joanna Newsome og Animal Collective, og var blant artistane på den sjanger-definerande samleplata Golden Apples of the Sun.

Alle låtane blir drivne fram av Barker sin intense men elegante fingerplukkande gitarstil. Låtane held seg stort sett rundt treminutters lengda. Wisdom of the Weeks er unntaket. Den passerer 10 minutt og går frå eit vevert balladeparti over i ein lang ragafolk passasje av det suggestive og John Fahey-inspirerte slaget. Fahey saman med bluegrass-virtuosen Clarence White, den engelske folkgitaristen Bert Jansch og den legendariske melankolikaren Nick Drake er fire uttalte inspirasjonskjelder.

To låtar er titulert Sleepwalking (I og II). Desse er dei melodisk mest straighte tilfella. Den første er ei yndig sak med tilskot av fiolin og piano, som nikkar forsiktig i celtic-folk retning. Nummer II er meir dyster, der den tar for seg det deprimerande i det å måtte sove aleine i ei seng meint for to. Rastløysa den skildrar vert ytterlegare understreka då dei akustiske tonane vert utfordra av ein skånsellaus elektrisk vegg midtvegs. Det same soniske trikset vert brukt i 8pm on a Friday, ei låt som i tillegg nyttar toget sitt monotone "sigge-di-do" som rytme. Medan tittelen fortel ganske så presist kva den sterkt Drake-farga Run Away From the Sun tar for seg. Mykje vemod altså, men i fleire fargar.

No vert aldri dette albumet ei like eventyrleg ferd som det kamerat Banhart har vore ansvarleg for på sine tre plater. Til det er nok ikkje Currituck Co sin signatur særeigen nok. Men det kan jo vere mykje velfungerande tonekvalitet i smarte lånerier også. Eller for å sitere førnemnte Fahey: "This nation needs more thieves and less librarians."

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


80-tallets kulturelle polpotisme: Minner fra et innblikk i keiserens nye garderobe

- Det var en vidunderlig tid for eklektiske og komplementære platesamlere som dreit i trender og musikkpolitiske tvangstrøyer, men for bløffmakerne og posørene i post-punken må det ha vært en rigid og tøff tid.

Vinnere: Working Class Hero
Vi har trukket ut to vinnere av festivalpass til Working Class Hero-festivalen i Drammen.

Lytt: The Walkmen - Heaven
Det nye albumet til The Walkmen slippes 4. juni, men kan allerede nå høres i sin helhet på NPR.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Första demon ute
21.05.12 - 19:28

Gitarist søkes!
20.05.12 - 16:47

Backing vokalist sökes
20.05.12 - 14:41

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Jack White - Blunderbuss

(XL)

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Tidligere:

Sharon Van Etten - Tramp