cover

All the Answers

Summer at Shatter Creek

CD (2005) - Badman / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Poprock / Sakral / Sadcore

Spor:
Your Ever Changing Moods
All the Answers
Worlds Away
Fall Down Drunk
Something to Calm Me
You Don't Have to be Perfect to be Loved
Rebecca
Optimistic
Structure

Referanser:
The Motorhomes
Radiohead
Ben Christophers
Shearwater
Grandaddy
Elliott Smith

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Mismod er hans navn

Ung sentimental mann går til angrep på hjarterota med sanger om smerte, savn og skakkøyrt kjærleik. Hm, dette høyrast kjent ut.

"I used to be optimistic but I can't lie, all I see is the dying of the earth, giant piles of trash and disease..."

Dette er ikkje eit sitat henta frå notatane til humørsvingande Franz Kafka, men derimot verda sett gjennom augene på Craig Michael Gurwich, her under namnet Summer at Shatter Creek. Tilsynelatande også det ein ganske alvorleg type. Saman med sin betre halvdel (og vikarierande trommeslagar) Emily, har han søkt opphald i Los Angeles der ein stor garasje har blitt gjort om til musikalsk boltrestad. Svett, testosteronfull garagerock med langfingeren heva mot det beståande altså? Nei, på ingen måte. Kryss heller av i skjemaet for djupt sentimental og klangrik loner-pop med gråtkvalte portrett av enkeltskjebner i eksistensielle kriser. Eller noko i den duren (med det meinast sjølvsagt moll). Kanskje ikkje akkurat ein revolusjonerande formel, men ein formel som høver seg bra på denne heller gufne tida av året. Brrr...

Musikalsk er han utvilsamt ein kompetent herremann og All the Answers har ein usedvanleg fyldig og fin lyd, milevis betre enn ein gjennomsnittleg home-recording. Ein produksjonsmessig godbit er det vi får, intet mindre. Som på den sjølvtitulerte debutskiva (2003), trivast han best med kassegitaren og pianoet som selskap. Desse blir alltid behandla med ytterst varsame hender. Gal og hemningslaus instrumentering må du nok søke etter andre stadar, her er det kun rom for det lune og det stemningsfulle.

Det mest framståande kjennemerket er den Thom Yorke-aktige vokalen, eller rettare sagt den utbredte bruken av falsett-harmoniar. Mange vil nok rynke på nasa over den tilsynelatande sjølvhøgtidelege Craig som kjem mot oss i fleirstemte lag av sakral koring; det høyrast her ut som om tradisjonell kirkemusikk har fått ein grundig popmanikyr. Utan tvil blir vokalen eit springande punkt, men det samme kan og seiast om tekstane. Det handlar om dei triste tinga i livet. Det handlar om smerte, savn og ingen redning i sikte. På skiva tilbyr han oss førjulskos i form av hymner om depressive sjølvmordskandidatar (Your Ever Changing Moods, Worlds Away), falmande skjønnheit (Rebecca) og alkoholen si noko destruktive kraft (Fall Down Drunk).

All the Answers er, på tross av svartsinnet som pregar den, relativt lett fordøyeleg. Små arrangementsmessige strøk av Beach Boys og Beatles, samt visse element frå jazz og psykedelia spritar det heile opp. Det spørst likevel om haldbarheitsdatoen er særleg lang. Sett over eit blir materialet for lite variert. Det savnast ei friskare tilnærming til stoffet, gjerne i form av meir eksplosiv instrumentering, slik vi for eksempel høyrar det på slutten av sporet Optimistic.

Alle svar har nok Craig Gurwich ikkje, men foreløpig er dette interessant nok til at vi festar han til erindringa og ventar på lysare tider. Livet kan vel ikkje være kjipt for alltid, eller?

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.