Genre:
Rock
Stiler:
Alternativ / Indierock / Americana
Spor:
Sleight of Hand
Alaska
Inquiring Minds
Untried
Blind Me
Dottie Dawn & Julie Jewel
Solid
Pyramids
Telescope
Slow Race
What I Said
Pasted
Referanser:
Nirvana
Meat Puppets
Sublime
![]()
Supert, eller?
Store deler av dette albumet kunne greit passert som eit Meat Puppets prosjekt.
Del på Facebook26.02.2003
Som dei fleste sikkert huskar så har Krist Novoselic (ex. Nirvana) og Curt Kirkwood (Meat Puppets) ein gang tidlegare spelt saman, det fant stad på den legendariske Unplugged-seansen til Nirvana. Kurt Cobain omtalte albumet Meat Puppets II (1983) som ein av sine fremste inspirasjonskjelder, og brukte denne konserten til å trekke eit då nesten gløymt band fram i lyset igjen. Det blei eit hudløst og vakkert møte. Nå snart 10 år seinare er altså Curt og Krist i samme band. Dei har i tillegg fått med seg Bud Gaugh (som har ei fortid i skapunk-bandet Sublime) på trommer.
OK, eg innrømmer at eg har fordommar i forhold til prosjekter av denne arten. Slike supergrupper har ein lei tendens til å ende opp med eit resultat som er betraktelig svakare enn det summen av dei enkelte bestanddelane skulle tilseie.
Det viser seg fort at det er Curt Kirkwood sine musikalske visjonar som er dominerande i Eyes Adrift. Noko som rimeligvis er heilt naturleg tatt i betraktning at han var den kreative kraft i Meat Puppets, mens dei to andre nok spelte viktige, men meir sekundære roller i sine respektive band. Store deler av dette albumet kunne greit passert som eit Meat Puppets-prosjekt. Me kjenner igjen Curt sin tilbakelente twang, og ein gitar som stadig riv seg laus og kjører sine små løp i ulike retningar. Ein blendende demonstrasjon av dette får me i den melodiøse countryrock låta Untried. Litt varsomt psykedelisert country (slikt som Grateful Dead kunne utrette) får me servert i Blind Me og Pyramids, mens ein i den meir utagerende What I Said kan finne likhetstrekk til tidleg R.E.M. Dessverre er låtmaterialet relativt ujevnt, det forekjem rett nok gode tilløp, men gnistrar gjer det kun unntaksvis.
Som heilhet blir plata ingen store opplevelse, og vitaliteten me huskar frå låtar som Plateau og Lake Of Fire er dette bandet aldri i nærheta av. Det er for øvrig tre låtbidrag frå Krist Novoselic her også, dei plasserer seg glatt som albumet sine desidert svakaste spor, Curt overtar rett nok den eine (Pasted) og gjer den om til ein 15 minuttar lang gitarorgie, utan at den veks nevneverdig av den grunn.
Resultatet blir at ein endar opp med å tenke på den gangen alt var så mykje betre, for når det gjelder Meat Puppets II skal de veta at Kurt Cobain hadde heilt rett. Den plata er eit ubehandla cowpunk-fyrverkeri og er vel verdt ei investering - ta forresten gjerne med Up On The Sun (1985) i samme slengen. Nirvana sine kvalitetar reknar eg med alle kjenner til, men Eyes Adrift er nok mest for Meat Puppheads.
Groovissimo

Jack White - Blunderbuss
(XL)
Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.
Tidligere:
Sharon Van Etten - Tramp


