cover

The Forest and the Sea

Leafcutter John

CD (2006) - Staubgold / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folktronica / Eksperimentell / Elektronisk / Akustisk / Folk

Spor:
Let It Begin
Maria In the Forest
Dream I
Dream II
Dream III
In the Morning
Go Back
Seba
Now

Referanser:
Bogdan Raczynski
Aphex Twin
Aki Onda
Philip Jeck

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Når mørket senker seg

Britisk lydentusiast ute med eit kurant bidrag til folktronika-sjangeren.

Leafcutter John heiter Burton til etternamn, er ein 30 år gammal britisk multi-instrumentalist og opplagt ein svært lydfascinert herremann. Britens musikalske signatur består i hovudsak av fusjonering av akustisk strengspel med feltopptak og andre elektroniske lydcollager. The Forest and the Sea er hans fjerde bidrag til menneskeslekta, og står fram som ei nokolunde interessant reise gjennom varierte stemningar, enkelte svært ubehagelege og uønska, andre meir avslappande og meditative.

Estetikken på The Forest and the Sea er sentrert rundt historia om den unge mannen og kvinna som går seg vill i skogen og må tilbringe natta der inne i dette mildt sagt skumle og ukjente terrenget. Der, i stummande mørke blir paret merksame på kvar ein minste lyd, den eine mindre tryggande enn den neste.

I nattas mulm og mørke tek John Burton oss gjennom dette dyrevennlege miljøet. Inn til skogens konge, det vesle ekornet, den stolte fugleflokken og den ææhhh... vel, fisken. Han har ei raspande, klagande og halvstygg stemme som for den enkle samanlikninga si skuld kan minne om både Nick Cave og Pall Jenkins (Black Heart Procession), men riktignok utan å treffe den same nerven som desse to.

Storparten av låtane baserast gjerne på ein akustisk gitar, spartansk plukket og omslynget av djupe cello-drag samt valfrie feltopptak, det være seg summande bier, tuslande hestar, rennande vatn, bøyande sager, ubestemmeleg støy, barnegråt i det fjerne eller noko liknande. Titlane på skiva er også korte og beskrivande. Tre av låtane blir rett og slett namngjevne som draum 1,2 og 3, og på meg etterlet dei i alle fall klare nocturnale avtrykk.

Lauvkuttaren førar oss altså frå meir ubehagelege delar av ein nattleg fase (her kunne eg for eksempel holde fram den trugande monotonien frå ein film som Eraserhead eller surrealismen i eit bilde av Dali), over til meir livgjevande og solrike lender. For The Forest and the Sea er kanskje lyden av både eit mareritt og ein lun draum, det er ei kompleks skive som sikkert vil separere lyttarar inn i to leire.

Personleg synest eg det leflast med for mange repetisjonar og for mange avgrensa sesjonar. Eller med eit anna ord; småkjedelig.

Alt i alt byr denne plata både på knitter, knas og elektronisk godteri, samt meir nedstrippa akustikk og tradisjonelle melodiar. Dei meir elektronisk eksperimentelle kutta lev i meir eller mindre grad ut sitt eige sære liv (og er dei mest vellukka), medan dei meir folk-inspirerte låtane kjennast meir som unødige sidespor, nok som i sum dessverre gjer Leafcutter til ein litt mindre interessant kjenning for meg.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: