cover

All Is Violent, All Is Bright

God Is an Astronaut

CD (2006) - Rocket Girl / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Eksperimentell rock / Instrumental / Cinematisk / Post-rock / Ambient

Spor:
Fragile
All Is Violent, All Is Bright
Forever Lost
Fire Flies and Empty Skies
A Deafening Distance
Infinite Horizons
Suicide By Star
Remembrance Day
Dust and Echoes
When Everything Dies
Halo of Flies

Referanser:
Mogwai
Explosions in the Sky
Red Sparowes
Sketchie
Sigur Rós
A Northern Chorus
The Postal Service
Sparta

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Stormfulle høgder

Irske lads med bakgrunn frå metallsjangeren med ti emotive instrumentalspor i tradisjonen Explosions In The Sky, Mogwai og Sigur Ros.

Den gamle vikingbyen Wicklow i det søraustlege Irland har gjeve husly til instrumentaltrioen God Is an Astronaut.

Gruppa blei stifta av Kinsella-brødrene Niels og Torsten for fire år tilbake og musikken dei serverar oss har heldigvis blitt langt spenstigare enn det heller gråe og kjedelege bandnamnet. All Is Violent, All Is Bright markerar sleppet av deira andre fulle album (The End of the Beginning (2003); også denne lansert på eigen label, Revive Records. Likevel er det vel neppe så mange av oss som har særlig inngåande kjennskap til deira forrige utgjeving. Sjølv var eg i alle fall totalt blank før denne ein dag dukka opp i den grøne kassa blant vanlege regningar og matreklamer.

Kjapp sjangerkategorisering plasserar bandet i tradisjonen gitar- og tangentbasert instrumentalrock. Opplagte referansar sitt som hagl mot ruta, dei befinn seg i parallellklasse med Mogwai, Sigur Ros og Explosions in the Sky, men flørtar også med endel elektronika av det meir saktegåande og ambiente slaget. Dei tek oss då også rimeleg høgt opp i lufta, riktig nok ikkje på eit fjernt astronautnivå, men på lune svippturar over byen der vi alltid er nære nok til å male på bileta med våre eigne penslar. Tempererte låtar som A Deafening Distance, Infinite Horizons og Remembrance Day vil nok i så måte passe bra til dine meir meditative og kontemplerande stunder.

All Is Violent, All Is Bright er på mange måtar ein veldig talande tittel. Kraftfulle riff og voldelege crescendoer blandast med lavmælte, emosjonelle og nesten sorgfulle tema heile skiva gjennom. Fragile er i så måte den perfekte opninga. Sola er i ferd med å stå opp, blomstrane blunkar med sine småtrøtte auge, skyene formeirar seg i stadig nye formasjonar og barn og ektefellar kyssar kvarandre hardt adjø. Så slår lynet ned. Idyll vert til kaos, regnet silar ned og vi beveger oss inn i hardrocken si sfære. Det er sveitt, det er tungt og det er majestetisk. Men framleis med ei emosjonell nerve på slep.

Sjølv hevdar bandet at dei ikkje har latt seg influere, eller hørt særlig på, nyare tids postrock-band og at mykje av inspirasjonen heller har kome frå metallsluggers som Pantera og Slayer. Ikkje alltid like lett å høyre, men visse stunder klarar dei ikkje å skjule si harde musikalske fortid, som for eksempel på slutten av Fire Flies and Empty Skies der beina blir planta ekstra breibeint på jorda og gitar/tromme/bass-komboen ender opp i ein kjapp og energisk duell. Suicide By Star, som kanskje er den låta som går gjennom flest mulige hårde fasar, endar opp som eit fabelaktig metallinferno med pompøs synth, buldrande gitar-riff og ikkje minst med doble basstrommer av Lloyd Hanney. La heftig stå som stikkordet her.

Denne spenninga mellom det høge og det låge, mellom morgon og kveld, mellom lys og mørke (eller kva vi skal satse på å omtale den som), er det sjølvsagt fullstendig mogleg å gå lei av undervegs. Skal man kritisere God Is an Astronaut, er det nettopp fordi musikken har ein tendens til å bli vel repeterande etterkvart som den sklir fram. Ikkje akkurat ein god taktikk for eit instrumentalband! Stundom kan musikken også verke litt kjølig og saknet etter meir røffheit og skarpare kantar kan kome sigande. Forever Lost høyrest for eksempel ut som noko Postal Service kunne kome ut med. Ei poplåt svært rein og pen i tøyet, med svevande gitarar, stemningsrikt piano (tross visse Baywatch-assosiasjoner), digitale trommeslag og angelisk koring, men også ei poplåt som i bunn og grunn er identisk under heile den 6 minutt og 22 sekund lange snurren.

Ein del å rette peikefingeren mot, ja, men det overskygger på ingen måte alt det positive med skiva. For God Is an Astronaut har funne seg ei fornuftig musikalsk nisje og sjølv om dei tre irane ikkje sparkar inn nye dører med musikken, held låtane så høg kvalitet at eg ikkje har problem med å gje deg mine varmaste anbefalingar.

comments powered by Disqus

 



bernt
2006-10-14Takk.

Arild Ness har forstått det.

Artikler, nyheter


80-tallets kulturelle polpotisme: Minner fra et innblikk i keiserens nye garderobe

- Det var en vidunderlig tid for eklektiske og komplementære platesamlere som dreit i trender og musikkpolitiske tvangstrøyer, men for bløffmakerne og posørene i post-punken må det ha vært en rigid og tøff tid.

Vinnere: Working Class Hero
Vi har trukket ut to vinnere av festivalpass til Working Class Hero-festivalen i Drammen.

Lytt: The Walkmen - Heaven
Det nye albumet til The Walkmen slippes 4. juni, men kan allerede nå høres i sin helhet på NPR.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Första demon ute
21.05.12 - 19:28

Gitarist søkes!
20.05.12 - 16:47

Backing vokalist sökes
20.05.12 - 14:41

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Jack White - Blunderbuss

(XL)

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Tidligere:

Sharon Van Etten - Tramp