cover

Orphanage

Voices & Organs

CD (2006) - Western Vinyl / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Ambient / Eksperimentell / Folk / Samplehappy / Minimalisme / Cinematisk

Spor:
Melodikka (Orphanage Intro)
Any Day Now
Trees Are Bending Shades to Shapes
Staircase, Attic and Out the Window
Reaching For the Trees in Dreams
Idle Words on Empty Pages #1
Ghostwriting
Nestlings
Through the City, Through the Lights
As We Grew Young
Sundays
Boychild
Screamer
Singer
Back and Forth
Polyphony of Banality
Idle Words on Empty Pages #2
Orphans

Referanser:
Múm
Kaada
Sketchie
Amiina
Sigur Rós

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Dei små historiane

Orphanage er ei avdempa og mjuk konsept-skive som fungerar greit som ei motvekt til kvardagen sine meir støyete scener.

Svensken Per Lindmark er primus motor i Voices & Organs. Med eit kobbel av vennar i ryggen har han tilrettelagt for oss ei organisk og ambient lyttaroppleving med openbar meditativ styrke og kraft. Oppfatt det gjerne som eit lydspor til flyktige dagdraumar og meir nostalgisk mimring om hine dagar. Minner som kanskje ikkje alltid er dei enklaste å tonesette.

For Lindmark har her satt seg føre å tematisk rotfeste sin musikk i fiktive opplevingar frå barneheimen, ei samling av korthistorier presentert gjennom auga og øyrene til to unge utforskande barn. Resultatet har blitt ei lang (nærare 80-minutt) utgjeving som varierar mellom kortare snuttar og meir fyldige "stykker", og som i lengde strekk seg mellom 1 og 5 minutt.

Voices & Organs har fått sine samanlikningar med blant andre islandske Sigur Rós og Múm, men sjølv om dei så visst delar noko av dette emosjonelle, småtriste og det heller iskalde og mjuke lydbiletet særleg med førstnemnte, har Orphanage i det heile tatt ikkje så voldsomme ibuande stemningssprang. Forvent i alle fall ikkje store eksplosjonar og støykaskader. Forvent derimot leik med feltopptak, tilbakespelte lydkjelder, elektronisk snadder, melodika og blåserekker. Og mykje av det.

Orphanage opererar på sett og vis etter ein lag-på-lag-filosofi der mange ulike element blir blanda og lagt ned på tidslinja. Ein kan sikkert noko upresist sjå det som eit tre-stegs uttrykk. I bakgrunnen gjerne eit teppe av barneleik, sjøskvulp, knitter og knas, i midten ein diffus jazz-vennleg gitar eller blåseinstrument som ofte kronast med ein mumlande (og nesten forstyrrande) vokal rørande rundt i tåkehavet. Dette er med på å skape eit komplekst lydbilete som balsamerar øyregangane, men samstundes kjennast oppskrifta vel monoton etterkvart som plata skrid framover.

Og det er nok der mi fremste hake med Orphanage ligg. I tillegg til å være ein altfor lang utgjevelse (18 spor, ein god del stallfyll), kjennast mange av låtane mest som isolerte svevande bruddstykker som ikkje tilførar det heilt store til heilheita. Den er både velspelt og oppfinnsam, men samstundes litt for einsidig og tam.

Som ei motvekt til kvardagen sine meir støyete scener leverar Voices & Organs ei avdempa og behageleg skive som vil kunne appellere til fleire.

Som "konsept-plate" blir det for meg likevel for langt mellom dei meir interessante fasene, sjølv om desse absolutt synleggjer seg iblant.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


M.I.A. - Arular

(XL)

En sensasjonell debut fra M.I.A setter nye standarder.

Flere:

Tinariwen - Amassakoul
Little Axe - Hard Grind