
Nitro Burnin' Funny Daddy
CD (2003) - Surfdog / Voices Music & Entertainment (VME)
Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3
Genre:
Rock
Stiler:
Bluesrock / Folk / Rockabilly
Spor:
Sixty Years
Don't Trust a Woman (In a Black Cadillac)
When The Bells Don't Chime
That Someone Just Ain't You
Rat Pack Boogie
Ring, Ring, Ring
Drink Whiskey & Shut Up
Smokin' 'N Burnin'
Wild Wind
St. Jude
To Be Loved
When the Bells Don't Chime (Banjo Mix)
Referanser:
Stray Cats
Reverend Horton Heat
ZZ Top
Se også:
Rockabilly Riot - A Tribute to Sun Records - Brian Setzer (2005)
Tom bluesrock
Han prøver å tøffe seg, men er egentlig berre ein villkatt utan klør.
16.03.2004
Eg innrømmer, nesten utan å rødme, at då Brian Setzer ankom rockescena saman med sine Stray Cats tidleg på 80-talet syntest eg rockabillyen deires faktisk var litt tøff. Og for mimringa si skyld drista eg meg til å spele den sjølvtitulerte debutplata til bandet (det må være ca. 20 år sidan sist) før eg tok til å lytte på mannen sitt siste verk. Vel, så veldig tøft var det vel igrunn ikkje lenger. Så vi får vel rett og slett skrive den førestellinga på kontoen for ungdommelig villfarelse. Likevel er den fleire hakk betre enn den slappe saken han leverer no 22 år og nokre tusen riff seinare.
Nitro Burnin' Funny Daddy er ei samling nye Setzer-låtar som i all hovedsak kan plasserast innanfor eit gitarbasert og blues-infisert rockeunivers. Men låtkvaliteten den aldrande villkatten har å by på denne gangen er av det heller tvilsomme slaget. Det verken røskar eller spreller, lever eller dør. Det blir egentlig berre nokre utanomkroppslige øvelsar som verken tilfredsstiller eller irriterer. Så her må ein nok legge godviljen veldig til skal ein finne noko av særlig verdi. Faktisk er det slik at låta som kjem best ut av det er eit folkrock-inspirert nummer med tittelen Wild Wind, utan at eg skal prøve å pense Setzer over i folk-sfærer av den grunn. Heller ikkje mot bluegrassen, sjølv om mannen også i den banjodrevne When the Bells Don't Chime er på sporet av fine ting. Den saktegåande rhythm & blues-valsen That Someone Just Ain't You skil seg og kanskje litt ut i positiv lei, men berre litt. Sånn ellers framstår dette kort og godt som ein overdose av bluesrock-korrekt men veldig fantasilaus gitarlyd, avsjela vokal og låtar utan melodi.
Ja som heilhet er det igrunn like preglaust som den billigaste påleggskinka, med sjel på nivå med ein Rimi-butikk, og er nesten like kjedelig som å måtte fylle badekaret med skei.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Sade - Lovers Live
(Sony Music)
Sadie, Shady, Sadé, Said, Saidi - kjært barn har mange navn og ingen visste hvordan man uttalte det på 80-tallet.
Flere:
Agnethe VR - InspiredIn the Country - This Was the Pace of My Heartbeat