cover

I'll Be a Virgin, I'll Be a Mountain

Maximilian Hecker

CD (2006) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Softrock / Voksenrock / Kammerpop

Spor:
Snow White
No More Lies to Reach You
Your Stammering Kisses
Velvet Son
Silly Lily, Funny Bunny
I'll Be a Virgin, I'll be a Mountain
Wilted Flower
Messed-up Girl
The Saviour
You Came to Me When I Was Born
Feel Like Children
Grey

Referanser:
James Blunt
Elliott Smith

Vis flere data

(1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7)


Hundreårssøvn

Ein tysk James Blunt fungerar dårlig som musikk for dei sjuke.

Det skal ikkje holdast mot den unge tyskar Maximillian at han dyrkar det motsette kjønn på ein sterkt svulstig og hulkande måte. For kva har vel skapt større poesi historisk sett enn elskoven og den "store" kjærleiken, kjelde til orgasmisk indre og ytre turbulens og også ein katalysator for manisk depressivitet.

No skal det heller ikkje holdast mot guten at han er ein såpass pen mann at han skal få lov å tene litt kroner på si som fotomodell. Dette grensar meir til kosmetikk og er nok ikkje relevant i ei seriøs anmelding som denne. Vel forresten, stryk ordet seriøs, for eg har verkelege vanskar med å halde meg alvorleg når eg fyrer opp I'll Be a Virgin, I'll Be a Mountain.

Ein høyrer det vel for så vidt allereie på jomfruelege tittelen. For er det den klisjeaktige strofa "kjærleiken kan flytte fjell" han har gått og nynna på for seg sjølv der nede i dei berlinske gater? Og forresten Max, jomfru er noko ein er eller ikkje er, det er ingen kappe ein ikler seg alt etter situasjonsmessige behov.

Tyskland har kanskje festlige ompa-festivaler, deilig skummande øl og store Mercedes-fabrikker, no har dei sanneleg fått seg sin eigen James Blunt også. Ein kan sågar undre seg kvifor dette fæle popalbumet og denne påfølgande dritt-teksta mi slepp gjennom det vanlegvis svært så pertentlege sensursystemet til groove, kun for å skamme seg på framsida i rundt ei vekes tid, Vel, feilen er i all hovudsak min eigen. Då eg uhørt ordra denne heim til meg var det med ei førestilling, eller i det minste eit håp, om at Maximillian Hecker var ein artist som dreiv med elektronika av det ytterst fortreffelege slaget. Korleis eit slikt vrengebilete har fått etablert seg i skallen aner eg ikkje, sannsynlegvis var det feberfantasiar og namnet Maximillian som eg ubevisst hadde kobla opp mot dronar, stakkato rytmar og/eller feltopptak. Så feil kan ein altså ta.

Så sitt ein altså pal med ei skive som ein eigentleg ikkje har lyst på, som på ingen måte fengar og som ein helst hadde sett aldri blei utgjeven. Tre personar har kome inn på det influensabelagte rommet mitt i løpet av den siste timen, men ingen har fått lov til å forlate rommet utan å få servert påfølgande beskjed; "Dette er kun musikk for anmelding, sjølvsagt ville eg aldri lytta til dette utan grunn".

Det er ille (og joda, ikkje så reint lite patetisk) når ein faktisk må gå ut og forsvare kvifor ein lyttar på den musikken ein gjer.

Med (i skrivande stund) tannverk, rennande nase og sår hals kjenner eg uansett at eg formeleg boblar over av ein type Natt & Dag-negativitet når Snøkvit blir forstyrra i sin hundreårssøvn under dette ultrasensitive makkverket av ein opningslåt. Og stort betre blir det aldri. Heile tolv låtar må faktisk penetrerast før den miserable seansen har kome til sin ende. Alle små viser nennsamt oppbygd med anten gitar eller piano, alle drapert med kviskrande song og tekstuelle klisjear, og ingen av dei i nærleiken av å være gode.

Så enkelt er det.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day