cover

The Mary Onettes

The Mary Onettes

CD (2007) - Labrador / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop / Indierock

Spor:
Pleasure Songs
Lost
Void
The Laughter
Slow
The Companion
Explosions
Henry
Under the Guillotine
Still

Referanser:
The Smiths
Coldplay
Keane
Bloc Party
a-ha
Duran Duran
Saybia
Kashmir
Kent
Echo & the Bunnymen
Melody Club

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Strangeways, her kjem me att!

Svenskar med eit Smiths-oppheng som trugar med å ta overhånd til tider. Plata blir litt for anonym, men inneheld einskildspor av høg klasse.

The Mary Onettes er ein kvartett frå Jønkøping i Sverige som blei danna kring årtusenskiftet, men som først no er klare med sin første fullengdar. Det er tydeleg at dette er karar som er dyktige musikarar. Songane blir levert på ein stødig og på alle måtar kapabel måte, men som tilhøyrar missar ein temperaturen og motstanden som skal til for at det verkeleg skal sprute av ei plate. Philip Ekström er ein dyktig låtsmed og ein god produsent, men han har enno ein god veg å gå før The Mary Onettes kan ete morellar med dei verkeleg store gutane.

Bandet seier sjølv på si MySpace-side at musikken frå åttitalet er det som har inspirert dei mest. Det er det ingen tvil om når ein høyrer på debutalbumet deira. Særleg britisk 80-talspop verkar å vere ei markant inspirasjonskjelde, og ingen stad har eg før høyrd så klare referansar til The Smiths. Songaren høyres rett og slett ut som ein ung Morrissey og måten gitarane kling på sender tankane attende til salige Johhny Marr på sitt beste som, til dømes, på Strangeways, Here We Come.

Det er til tider skummelt kor åttitals det heile let. Ein låt som Slow er eit godt døme. Trommene høyres ut som om dei er flogne rett ut av ei Duran Duran-plate, synthen høyres ut som Magne Furuholmen på Stay on These Roads og med den tidlegare nemnde Morrisey-vokalen i front. Denne fetisjen tek nesten overhand og dreg til tider fokuset vekk frå det aller viktigaste, nemleg låtane, hjå denne meldaren. Ein blir meir oppteken av å finne alle referansane. Eg vil difor kome med eit velmeinande råd til The Mary Onettes: Dei må stake ut sin eigen stil i større grad og vere tydelegare dersom dei vil stå ut i mengda. Denne typen musikk med outrert eighties sound er i ferd med å bli samlebandmusikk for tida, og det kan vere ein tanke å eksperimentere litt med denne formelen, som til tider kan bli litt einsformig når ein held seg slavisk til den.

Å ha gode referansepunkt, noko som det er ingen tvil om i det heile at The Mary Onettes har, er sjølvsagt ein god ting å ha. Kor hadde Oasis vore i dag dersom dei ikkje hadde spela hol i The White Album, til dømes? Eller kor hadde Coldplay vore utan U2 og a-ha? Det er klart at ein treng gode rollemodellar og materiale å etterstrebe når ein som ung musikar skal ta sine første steg ut i det store langspelformatet. Det er særs få som treff like godt og greier å lage eit debutalbum der alt materialet står seg like godt. Bandet skal difor ikkje slaktast på nokon som helst måte. Dei har laga eit førstealbum dei på ingen måte treng å skamme seg over. Her finn me låtar av særs høg kvalitet, der både tekstane og den melodiske teften er sett i høgsetet.

Av høgdepunkt på skiva nemner me i første rekke Lost, Void og ikkje minst Explosions som har ein hypnotisk kvalitet ved seg som sjarmerte underteikna i senk. Det som trekker ned er, som før nemnt, den noko derivative tendensen som gjennomsyrer mykje av materialet. Dette er likevel ein gjeng som ein kan vente seg store ting av ved neste høve. Eg er viss på at bandet vil vekse og bli eit av dei store banda i Skandinavia på sikt. Dei har tristessen og det melankolske lydbiletet på plass, og det appellerar som me veit til mange av oss nordbuarar.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Loch Ness Mouse - 11-22

(Perfect Pop)

The Loch Ness Mouse redefinerer seg i det norske musikklandskapet. Med bravur.

Flere:

Death By Unga Bunga - Juvenile Jungle
Annar Follesø & Björn Nyman & Christian Ihle Hadland - Bartók