cover

Eyes on the Highway

Saybia

CD (2007) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Stadionrock

Spor:
On Her Behalf
Eyes on the Highway
Angel
Godspeed Into the future
The Odds
Romeo
Pretender
Gypsy
A Way Out
A Walk in the Park
At the End of Blue

Referanser:
a-ha
Coldplay
Keane
Snow Patrol
Mew
Kashmir
Savoy

Vis flere data

Se også:
These Are the Days - Saybia (2004)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Eit par for iPoden

Det beste albumet frå Saybia - men det tyder ikkje at den er så veldig bra...

La oss få dette ut av vegen med ein gong. Dette er Saybia sitt beste album så langt, så dersom du er ein fan av dette bandet er det berre å benke seg og la godlyden renne over deg. For oss andre som først blei merksame på Saybia ved at Kurt Nilsen (og etterkvart halvparten av alle seinare Idol-deltakarar) song hiten deira The Day After Tomorrow kan opplevinga bli ei anna.

Den største feilen med Saybia er at dei er eit av desse orkestra som totalt manglar særpreg. Miks litt a-ha, ein liten dæsj Coldplay og litt Snow Patrol og la det koke opp. Rør inn litt dansk pop à la Mew og Kashmir under omrøring og la det heile småkoke i nokre minutt. Resultatet blir Saybia.

Dei stel litt her og litt der, og det er i og for seg ikkje noko gale i det, men kunsten er å få det til å høyrast naturleg ut. I Saybia sitt tilfelle gjer det ikkje det. Det er tydeleg at dette er ein kalkulert freistnad på å ri på Coldplay-bylgja som har ridd land og strand i nokre år no, med triste tekstar og dramatisk kjensleladde refreng. Det er vel og bra så lenge det er genuint, men det Saybia serverer grip ikkje denne platemeldaren i noko større grad.

Ein song som The Odds har me høyrt så mange gonger før at det er nærast pinleg å gje det ut som ein "ny" song. Vidare i Romeo er det eit direkte tjuveri av riffet frå Coldplay sin The One I Love som tek vekk merksemda frå ein elles heilt ålreit låt. Noko av det som gjer det heile litt trasig er at ein skjønnar at Saybia gjerne vil så mykje, men etter mi oppfatning får dei det ikkje til. Mitt håp er at dei går i studio neste gong og tøyer formelen ei smule - eksperimenterer litt, rett og slett. Då er eg viss på at Saybia kan bli eit spennande kjennskap. For no er det diverre berre ei kjensle av å vere likegyldig som pregar ein når ein lyttar til dei. Dersom eg vil ha Coldplay sine b-sider så kjøper eg heller ein singel med originalane i staden for deira danske kollegaer. Søren Huss si engelskuttale er dessutan eit irritasjonsmoment for denne meldaren, der det enkelte stader let forferdeleg rart, det som blir sunge av han.

Eg må likevel gje litt ros til bandet. Dei er alle saman særs dyktige musikarar og det lyfter det eit grove trekk middelmåtig låtmaterialet. Dei er kapable til å arrangere låtar på gode måtar og dermed styrke kvaliteten deira. Søren Huss har ei stemme med feel og som passar bra til denne type musikk. Dessutan skal det seiast at det fins to skikkelege gode melodiar på Eyes on the Highway: Godspeed Into the Future er ein av desse og er ein song som kunne gli inn i katalogen til Savoy utan problem og er eit skikkeleg blinkskot frå bandet. Det same kan seiast om spor nummer sju, Pretender, som utan tvil er det beste av alle. Her viser Saybia litt av den storleiken som bur i dei og som me håpar dei kan vise oss ved neste korsveg, med smakfulle strykarar, flotte og spennande gitar og pianostemmer og ikkje minst imponerande vokalprestasjonar frå Huss. Denne songen aleine lyfter albumet eit hakk og gjev oss ei positiv overrasking halvegs i albumet.

Men alt i alt blir dette rett og slett for intetsigande. Berre kjernefansen treng dette albumet. Alle andre anbefalar eg å kjøpe Godspeed into the Future og Pretender på iTunes og ha dei som små skjulte skattar på iPoden eller noko liknande.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo