cover

Beware

Bonnie Prince Billy

CD (2009) - Domino / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country & western / Countryrock / Folk / Jazzpop

Spor:
Beware Your Only Friend
You Can't Hurt Me Now

My Life's Work

Death Final

Heart's Arms

You Don't Love Me

You Are Lost

I Won't Ask Again
I Don't Belong to Anyone
There Is Something I Have to Say
I Am Goodbye
Without Work, You Have Nothing
Afraid Ain't Me

Referanser:
Palace Brothers
Bob Dylan
The Band
Neil Young
Gene Clark
Merle Haggard
Uncle Tupelo

Vis flere data

Se også:
Ease Down the Road - Bonnie Prince Billy (2001)
I See a Darkness - Bonnie Prince Billy (1999)
Master & Everyone - Bonnie Prince Billy (2003)
...Sings Greatest Palace Music - Bonnie Prince Billy (2004)
...Sings Greatest Palace Music - Bonnie Prince Billy (2004)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Smerte og fryd

Djupare inn i countryen enn nokon gong. Men tru ikkje at han sviktar. Langt ifrå.

Coveret er i svart og litt kvitt. Slik det også var då Bonnie Prince Billy for alvor meldte sitt kome med I See A Darkness. Den gongen med eit bilde av ein hovudskalle. Denne gongen med eit bilde av ein annan skalle. Opphavsmannens eigen. Henta rett ut av ei novelle av Edgar Allan Poe. Slik kan det i alle fall sjå ut. Tittelen, Beware, gjer ikkje så mykje for å dempe på det inntrykket. Men tonane frå den runde dingsen innafor dempar på inntrykket.

For dette er ikkje Billy stirande inn i dei mørkaste krokar. Dette er derimot Billy i sitt mest countryprega modus til dags dato. Og sjølv om country sjølvsagt handlar om vonde tap og verkande sakn, omfamnar Billy også fryden det er å kjenne blodet spele gjennom kroppen.

Det har aldri vore ein framand tanke hos Billy å arrangere møter mellom motstridande kjensler. Snarare tvert om, han har ofte gjort dei til dansepartnarar. Kanskje ikkje velvillige og sterkt synkroniserte partnarar. Men like fullt partnarar. Usikre partnarar. Stridige partnarar. Nedstemte partnarar. Og ved førre korsveg, Lie Down in the Light, også rimelig oppstemte partnarar.

Slik også på Beware. Her er smerter og tungsinn, lyster og skjemt. Han syng fram åtvaringar: "If you listen to me, you are lost". Og han syng om lammande sakn: "The more I am without you, the less I am a man". Men han gjev også uttrykk for at det er greitt å ikkje bli elska, berre ho klenger seg til han "all through the night". Eller han kan til livfulle tonar halde fram avskjeden som "the end of something wonderful".

Det har aldri vore ein idé hos Billy å drukne ord og tonar i eit lydrikt bilde. Langt i frå. Det spartanske og luftige har vore hans greie. På Beware er det meir lyd enn vanlig. Instrumenta er mange, og dei slepp til. Laussloppe og utan stramme taumar gjev albumet meg omlag dei same vibbane som det Dylan & The Band si Basement Tapes innspeling gjev meg. Og det er jo vibbar eg kan like å få.

Meir eller mindre harmonisk samsong pregar Beware i større grad enn noko anna album av mannen. Ved nokre høve, som på opningssporet Beware Your Only Friend og det folkrock-jazza avslutningssporet Afraid Ain't Me, trør songarane til i oppildna og animerte midnattskor-former. Men oftare inntar dei ei noko meir skånsam rolle i bildet. Heldigvis, trur eg vi seier. Det kler liksom songane til Billy betre det.

Og det er på ingen måte dårlige songar han har komme opp med denne gongen heller. Sjølv om det knappast er nokon her som vil makte å snike seg inn på lista over hans ti aller mest minneverdige. Men så er no det ei særdeles gullkanta liste også då. Nærast an til noko slikt måtte i tilfelle den finstemte og leduge balladen Without Work, You Have Nothing vere. Der fiolinen kitlar, hornet sukkar, akustiske strenger varmar, og harmonitonen er gåsehud; "work, baby".

Vert å omfamne er også Heart's Arms. Ein ballade som bygger seg frå nennsam til voluminøs. Ein ballade der hovudpersonen i pasjonerte ordelag etterlyser nokre skrivne ord frå den han elskar. Men han vert ikkje bønnhøyrt. Songens fortvilte maksimum kjem når e-posten endå ein gong viser seg å vere utan ord frå henne; "I open this awful machine, to nothing".

Countrytonen er klassisk i I Don't Belong To Anyone. Av den sorten som kunne ha vore henta direkte frå The Louvin Brothers sin Tragic Songs of Life. Banjoen talar om lengsel, og songaren gjer likeså. Ikkje ein lengt retta mot ein spesifikk person denne gongen. Men ein lengt etter eit anna liv. Eit liv saman med ei kvinne, og nokon som kan kalle han pappa. Refrenget finn på subtilt vis sin plass i "freedom's just another word for nothing left to lose"-tradisjonen:

"there's no one who'll take care of me,
it's kind of easy to have some fun,
when you don't belong to anyone"


Av andre songar verdt å nemne har vi den oppstemte og handklappa You Don't Love Me, og den steelgitar-losa You Can't Hurt Me Now. Vi har også I Won't Ask Again med sitt refreng plukka frå songboka til Crosby, Stills, Nash & Young, den litt intrikate My Life's Work, og den Nick Cave-slekta balladen You Are Lost.

Og sjå der du, då gløymte eg nesten (utan nokon som helst god grunn) den praktfullt refrengharmonerte Death Final, den smått oppspelte I Am Goodbye, og Nick Drake-blå There Is Something I Have To Say.

Då er vi komme dit hen at det berre står att å sette to strekar under svaret. Eit svar som handlar om at eg ikkje har oppdaga eit einaste svakt spor. Det skulle vel gjere Beware til eit album verdt å merke seg, skulle eg tru. I så måte held Bonnie Prince Billy ein no ti år gammal tradisjon vel i hevd.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Kendrick Lamar - To Pimp a Butterfly

(Aftermath / Interscope)

Ei funky reise inn i ei uroleg og samansett sjel, i ei uroleg og uforståelig tid.

Flere:

Black Ox Orkestar - Ver Tanzt?
The Elected - Sun Sun Sun