Genre:
Pop
Spor:
The Park
Subtle Changes
That Town
Falling in Love
Migration
Final Say
Someday We're Through
Something to Keep
Calvi
Referanser:
Mazzy Star
Lush
Acid House Kings
Stars
Silver Screen
Ronderlin
![]()
Vinterleg pastellpop
Svenske sambassadører sender ut hyggelig pop av indie-typen. Dette oser av vinterkulde, is-englar og kjølig temperament.
Del på Facebook28.01.2008
Når Sambassadeur i 2005 gav ut sin flotte debut blei det vel stort sett respondert med tausheit her til lands. At den skapte litt buzzing i blogosfæren, og at mindre nettbaserte musikkfanziner forsøkte å hausa den opp, var kanskje ikkje nok til at du umiddelbart gjorde deg dus med ei vinterleg, elegant og døsig popskive som trilla fram den eine skatten etter den andre.
Når dei her namngjev oppfylgjaren Migration, skulle ein kanskje tru at bandet har flydd over til nye varmare strøk, men sant å seiast kjennast ikkje ting så enormt ulikt ut frå debuten. Det reint konkret nye er nok først og fremst at dei har spasert ut av soverommet og fått produsentstøtte av Mattias Glavå, ein mann som før har hatt hendene sine borte på verk av blant andre Håkan Hellstrøm, Jens Lekman og Anna Järvinen.
Migration har blitt eit lunt og friskt indiepop-album som neppe evnar å støyte lyttaren totalt frå seg. Igjen får vi eit møte med lekre dansetonar, akustiske gitarar og draumande vokal innpakka i ei forfryse og fengande åttitals atmosfære. Som sist ruller dei også ut dei mest fortryllande singlar. Subtle Changes og Final Say smaker som den søtaste veske som har trilla ut av popfabrikken Sverige A/S på lang tid. Fyrstnemnte foreinar karibiske danserytmer og eit folkelig melodi grand prix-bidrag og endar merkeleg nok opp som ein smakelig pakke, medan kilande Final Say er den pastellfarga regnbogen som opererar med syntetiske trommer og eit milevis djupt lydbilete.
Anna Persson har for det meste lagt beslag på mikronen, og det er i alle fall eg glad for. Kjønnspolitiet får ha meg unnskyldt min simple banalitet, men den mjuke og hese stemma hennar er usannsynelig deilig og skaper ei sensuell stemning som klebrar seg som dogg mot ruta. Parallellar kan heilt sikkert trekkast vidare mot Mazzy Star sin døsige stil, men meir uptempo landsmenn som Acid House Kings og Ronderlin kan også vere verdt å trekke fram på likheitsskalaen.
At denne anmeldar nesten ukritisk vaskar kroppen med svensk indiepop må så klart takast med i betraktningen, men at Sambassadeur har fylgt opp den gode trenden frå fyrstealbumet er det liten tvil om. Den barokk-flørtande grunntona på The Park, nemnte Subtle Changes med sin usedvanlege lekre saksofonsolo og den sprudlande godbiten That Town kan alle trekkast fram som toppar, men kremen på Migration settast for meg med den mjuke diskolåta Final Say.
Skimta nyleg ein kritikar vurdere Migration som ei pen, men heller monoton utgjeving. Sjølv om eg er ueinig i konklusjonen, forstår eg gjerne at nokon kan oppfatte Sambassadeur som litt eindimensjonale i stilen. På den andre sida tok det meg gjentekne lyttingar før enkeltlåtar som i utgangspunktet verka som klassisk påfyllmateriale starta å blomstre fram sine individuelle særtrekk.
Migration oser av vinterkulde, is-englar og kjølig temperament og på tross av å vere heller sparsam i lengda, ni spor og knappe halvtimen, trur eg denne kan komme som eit friskt pust på mange.
Siste anmeldelser
Groovissimo

The Modern Lovers - Modern Lovers
(Beserkley / Sanctuary)
Tidlegare i år runda Jonathan Richman 60 år. I sin ungdom effektuerte han nokre rock'n roll grep som framleis er like verknadsfulle.
Tidligere:



