cover

Up With the Larks

The Pearlfishers

CD (2007) - Marina / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop / Kammerpop / Orkesterpop

Spor:
Up With the Larks
The Bluebells
Send Me a Letter
The Umbrellas of Shibuya
Womack & Womack
London's in Love
Eco Schools
With You on My Mind
Fighting Fire With Flowers
Blue Riders on the Range
Ring the Bells for a Day
I Just See the Rainbow

Referanser:
Teenage Fanclub
High Llamas
Style Council
Travis
BMX Bandits
Rufus Wainwright
Gilbert O'Sullivan
Big Star
Randy Newman

Vis flere data

Se også:
Sky Meadows - The Pearlfishers (2003)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Raffinert popfest

Hvis Paul McCartney, Randy Newman, Sean O’Hagan, Gilbert O' Sullivan og Rufus Wainwright danna ei supergruppe og Jeff Lynne produserte...

Skottland har etterkvart fått rykte på seg for å fostre utruleg kapable popsmedar. Me nemner i fleng Fran Healy, gutane frå Teenage Fanclub, Belle & Sebastian og ikkje minst gode, gamle Donovan. I det heile, skottane verkar å ha ein eigen teft for kunsten å lage sorgmuntre popmelodiar.

Så er også tilfellet med Glasgow-bandet The Pearlfishers. Hjernen og drivkrafta i bandet er David Scott, som både skriv alle låtane og produserer mesteparten sjølv. Han verkar å vere oppfostra på klassisk 60-talsmusikk og Tin Pan Alley og leverer ein miks av dette som ikkje kan karakteriserast som anna enn sterk. Eg vil gå så langt som å seie at Scott står bak ei av årets beste britiske plater.

Plata opnar med tittelsporet, og dette er ei vitaminpille som slår an tonen for ein raffinert popfest av dimensjonar. Songen hoppar av garde som ein livsglad fole og høyrast ut som ei blanding av Brian Wilson og Randy Newman.

Ein har ikkje før sperra augo opp for opningsporet før ein verkeleg blir slege til grunnen av ein av dei vakraste poplåtane på denne sida av milleniet. The Bluebells, spor nummer to, er utan tvil platas desiderte høgdepunkt. Melodien er melankolsk og teksten likeså. Det er ei fantastisk passasje i refrenget der Scott syng følgande strofer slik at underteikna får frysningar på ryggen: You worry, all year long you worry, and trouble is close at hand, but soon there comes a point when nothing can conquer the bluebells. Songen har for å seie det enkelt eit cinematisk preg over seg.

Musikken, som er smakfullt orkestrert, blir nærast med på å måle eit lydmåleri i samspel med teksten. Dette er det særs få som greier i dagens popverd. På The Pearlfishers siste album finn ein derimot i hopetal av gjennomtenkte og vakre tekstar. Dei kan verke standard ved fyrste augnekast, men dersom ein les dei medan ein høyrer på musikken forstår ein kor passande dei eigentleg er.

Plata held, som den observante lesar antakeleg alt har forstått, ein jamn høg standard heile vegen gjennom. Andre spor eg vil særleg framheve er den overraskande Womack & Womack, oppkalla etter det vidgjetne brødreparet, der David Scott har teke på seg soulbrillene og minner litt om Paul Weller sitt salige Style Council frå glansdagane. På London's in Love, ein nydeleg låt med eit refreng som klistrar seg til hjernebarken, og With You on My Mind er me attende på syttitalet og Gilbert O'Sullivan lurar bak i kulissene både i tekst og melodi.

Det fins ingen dårlege spor på albumet, men eg vil seie at tre spor står ut som litt svakare enn resten. Send Me a Letter er litt for A4, veldig formelaktig og ein får ei slags "flinkis-kjensle" av å lytte til denne som er uheldig. The Umbrellas of Shibuya blir for stilleståande og, i likskap med den foregåande låta, for glatt produsert til at dei når heilt opp til dei svimlande høgder. Platas flauaste augneblink, i den grad ein kan bruke slike skildringar om såpass sterke utgjevingar, er Eco Schools. Her blir ein belært og får den moralske peikefingeren retta opp i andletet på ein måte som ein godt kunne ha vore forutan. Eco School, where we could learn to love the animals, and we could learn to smell the chlorophyll, syng dei blant anna. Me veit alle at klimaskrømtet er ute og går for tida, men me treng ikkje å høyre om det absolutt heile tida for det.

Men herre min skapar, dette er berre bagatellar. I det store og det heile er du garantert ei stor poputgjeving dersom du skaffar deg Up With The Larks. Denne funkar like godt som ei sommarplate som du kan spele på full guffe på stronda, som den gjer som akkompagnement til ein betre middag med god vin til. Eit sikkert, ja eg vil nærast seie eit pliktkjøp for deg som elskar popmusikk frå dei britiske øyene.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo