cover

Kiss Me Deadly's Misty Medley

Kiss Me Deadly

CD (2005) - Alien8

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Avant rock / Shoegaze / Post-punk

Spor:
Dance 4
Dance 2
Pop
Let's
Dance 3
Ballads
Misty Medley
Distress Call
Dance 1
Groove
Untitled

Referanser:
Yoko Ono
Franz Ferdinand
Echo & the Bunnymen
Fugazi
Blonde Redhead
Bloc Party

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Skuffande frå Montreal

Misty Medley fell diverre totalt i gjennom, meiner vår skribent.

Kiss Me Deadly er eit nytt kjennskap for meg og frå det eg høyrer på dette albumet vil me ikkje møtast att veldig snarleg.

For plata deira, Kiss Me Deadly's Misty Medley, er rett og slett ganske svak. Det som verkeleg trekk ned plata er vokalinnsatsen, som er særmerkt tynn. Den kvinnelege vokalisten Emily Elizabeth legg seg på ei linje mellom Yoko Ono og Mariann Thomassen frå norske Surferosa - noko som absolutt ikkje fungerer. Det heile kokar ned til ei suppe der ein verkeleg må leite hardt for å finne anspor til melodiar og i staden irritere seg over den overdrevne skrålinga til Elizabeth.

Når det gjeld dei mannlege vokalistane, Mathieu Dumontier og Adam Poulin, så er me på eit anna nivå. Det som kjenneteiknar deira vokalstil på denne skiva er at det rett og slett høyrest daft, intetsigande og tannlaust ut. Kiss Me Deadlys musikk er så godt som utan nerve og glød. Etter min oppfatning verkar det som dei har gått i ei klassisk felle, der vona om å vere originale og grensesprengande gjennomsyrer alt dei føretek seg og dei endar opp med berre ein graut som ikkje heng saman i nokre ledd.

Og det er forferdeleg synd.

For det er ikkje tvil om at bandet innehar musikalske kvalitetar når dei tek det heile ned eit hakk. Sporet Ballads er dømet eg vil trekkje fram i så måte, der dei leverer ein på ingen måte ordinær song, men ein flott og inspirerande melodi og ein "tilstedeværelse" som sårt er sakna på resten av plata. Det er denne songen som reddar albumet frå totalslakten.

Men når alt kjem til alt, Kiss Me Deadly har laga ei skive som ikkje inneheld dei melodiske kvalitetane som må ligge til grunn for å forsvare deira pop-avantgarde stil og som manglar feeling rett og slett. Det blir for gjennomtenkt og kalkulert og fell diverre totalt i gjennom.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


J. Mascis - Several Shades Of Why

(Sub Pop)

Alene, unplugged og fortsatt like forbanna bra fra legendarisk indieveteran.

Flere:

Deportees - Under the Pavement - The Beach
M.I.A. - Maya