Genre:
Rock
Stiler:
Folk / Folkrock / Soul / Blues / Americana
Spor:
Blue Country Mystic
Call Him Daylight
Drummer Down
Under All the Land
Westering
Pittsboro Farewell (Two Monarchs)
Super Blue (Two Days Clean)
Jesus Shot Me In the Head
O Little Light
A Working Man Can't Make It No Way
Dreamwood
Balthazar's Song
Referanser:
The Court and Spark
Van Morrison
John Martyn
Ronnie Lane
Black Sorrows
Jeb Loy Nichols
Lambchop
Bill Callahan
Skumringa, Månen, Jesus, og Morgongryet
Ein lakonisk bodbringar, med soul i americanaen sin, krinsar kring nokre evige spørmål og deira usikre svar.
11.01.2012
Det finst songar som vil vare. Nokre av dei er å finne på den nye plata til Hiss Golden Messenger. "Hey everybody did you hear the news, Jesus shot me in the head". Slik proklamerer songaren det i songen som heiter Jesus Shot Me In the Head. Den vil vare. I ei rotfesta folkgospel form buktar den seg fram og pirrar interessa. "God is good, and its understood, but he moans in mysteries ways" syng songaren, og tar oss med inn i ein merkverdig song. Ein song om død, frelse og tvil. Om ein fyr som fekk ein ny sjanse på baksida av eit snuskete motell, og som no snirklar seg mot Perleporten. I tvilarens makelige tempo.
"You come at such a time as you see fit, no compromise, that's why they call you Daylight". Slik meislar songaren det fast i songen Call Him Daylight. Ein bluesy folksong der gitaren og bassen har eit mørkt og truande vesen, og understrekar hovudpersonen sitt særdeles ambivalente forhold til denne Daylight. Natta, som han har tilbrakt tida i lag med vil tørne inn. "The moon is sacrificed to the one they call Daylight", og vår mann kjenner at ting byrjar komme ut av kontroll. Men songen, den vil vare.
M.C. Taylor heiter songaren. Han har vore blant oss ei tid. Frå slutten av nittitalet og fram til midten av førre tiår gav han ut fire plater saman med countryrock-bandet sitt The Court & Spark. Då heldt han til i San Fransisco. No held han til i Nord Carolina. Å leve eine og åleine av musikken sin har han ikkje lukkast å få til. Så han har like godt tatt ein mastergrad i Folklore, og reiser rundt og sporar opp og samlar saman gamle songar. Det skulle derfor ikkje vere så veldig usannsynlig at songane han sjølv lagar vert påverka av dette arbeidet.
Dei har absolutt noko tilårskomme over seg desse songane. Men dei er ikkje gamle og måsegrodde. Dei er ein del av ein tradisjon, dei har røter, og dei veks like inn i vår tid. Dei kjennes relevante. Dei har ein signatur. Hiss Golden Messenger sin. Det betyr country og folk dyppa i soul, og med eit dovent, men vakent, funky ganglag. Taylor fraserer som ein krysning av Van Morrison og Bill Callahan, og har saman med sin nestkommanderande Scott Hirsch skapt eit varmt, ledug og velproporsjonert lydbilde.
Poor Moon er det tredje albumet M.C. Taylor har skapt under Hiss Golden Messenger etiketten. Det andre, Bad Debt, laga han ganske så aleine heime på kjøkkenet, med lite anna enn sin akustiske gitar som sonisk fylgjesvenn. Det første, Country Hai East Cotten, (som tidleg i 2011 blei utgitt på våre breiddegrader i ei litt forkorta utgåve, med tittelen From Country Hai East Cotten) var meir av eit bandprosjekt. Det er Poor Moon også. Men med ein noko meir raffinert og kongruent karakter enn debuten.
Dei vandrar ikkje ut i veldig ulike retningar songane på plata. Super Blue (Two Days Clean) har sin gitarsolo og sitt vagt progaktige vesen. Dreamwood er ein gitarvarlig og drone-utrusta instrumental. Og Blue Country Mystic dansar med lette soulsteg inn i mystikken, i selskap med sordinerte blåsarar. Dei har sin personlegdom, si sjel, det har dei, men pulsen er mykje den same, og stemningsleie likeså.
Melankolien har eit bra tak i sakene. Spørsmåla er dei evige, svara er få, livet er ikkje perfekt, men det er levelig. Poor Moon glir forbi, og er velkommen tilbake.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Kaospilot - Shadows
(Fysisk Format)
Klaustrofobiske kaostendenser og multidimensjonale sorte hull - Kaospilot er tilbake.
Flere:
Anne Marie Almedal & Erik Honoré & Jan Bang & Nils Chr. Moe-Repstad - Going Nine Ways From WednesdayBonnie Prince Billy - Master & Everyone