cover

Child of the Same God

Bill Madden

CD (2008)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Folkrock

Spor:
Unfair
Child of the Same God
Shine On
Just Like Me
I Wanna Know
Humbled By Your Grace
Dream With Me
What the Man Does
Bosko And Admira
Empire
Shut It Off
Prick Up Your Ears
Shall Be Heard
For So Long

Referanser:
Bob Dylan
Bruce Springsteen
Ron Sexsmith
Rufus Wainwright
Ryan Adams
The Wallflowers
Snow Patrol

Vis flere data

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Poetisk folkrock-aktivisme

Reint meisterleg leverer Madden poetiske tekstar med ein klår politisk agenda.

Bill Madden er ein mann som meiner noko og som vil noko meir med musikken enn berre ein koseleg melodi og eit fengande refreng. På Child of the Same God blir lyaren teken med på ei poetisk folkrockreise med ein poetisk brodd.

Bill Madden er eit relativt ukjent namn her på berget, men han er langt frå nokon nykomar. Debutalbumet blei utgjeve så langt attende som i 1995. Sidan då har det kome ytterlegare to album og no ligg altså det seinaste verket føre. Det står heilt klårt for denne platemeldaren, etter fleire rundar med Madden i spelaren, at dette er ein artist som veit å setje tekstane like mykje i høgsetet som melodiane. Dette er ein balansekunst som få artistar meistrar. Mange gonger kan såkalt "politisk rock" lett gli over i blærete og arrogent belæring av lyarane. Det er difor ei glede å konstatere at Bill Madden ikkje går i denne fella. Reint meisterleg leverer han poetiske tekstar med ein klår politisk agenda, og det heile servert i eit behageleg, luftig og særdeles velprodusert lydbilete.

Det er fristande å sitere salige John Lennon som, etter sitt noko omdiskuterte album Some Time in New York City, endeleg fann oppskrifta på korleis ein skulle gjere politisk musikk tilgjengeleg for ålmenta då han gav ut Imagine i 1971: "Kunsten er å servere bodskapen med litt sukker attåt!"

Ein kan sanneleg høyre mykje inspirasjon frå John Lennon på Child of the Same God. Eit av skivas hovedspor, Dream With Me, kunne lett ha gått inn på Imagine eller Mind Games og forsvart posisjonen både tekstleg og musikalsk. Andre stader, som på den umåteleg vakre Shall Be Heard, lurar skuggen av Ron Sexsmith i bakgrunnen. Madden har ei stemme som, sjølv om den ligg i eit noko høgare toneleie, minner særs mykje om nemnde Sexsmith. Ein annan song som også minner skummelt mykje om han er den aldeles utsøkte Humbled by Your Grace.

Me har allereie nemnd tekstane. Desse ligg, vågar eg å påstå, eit hakk over den gjengse poptekst. Artisten hevdar sjølv å vere influert av austens filosofi og poetar som Dylan Thomas og Hart Crane. Bob Dylan må i denne samanhengen også nemnast. Ingen stader er han meir lik Dylan, både tekstleg og musikalsk, enn i platas aller beste spor Empire. Teksten kan ikkje tolkast som anna enn eit bittert oppgjer med George W. Bush og hans regime. Sett til ein enkel og særs trist melodi gjer den stort inntrykk.

Where was the outcry and voice of dissent,
who dare defy this President,
Who from his bully pulpit decreed,
traitor is he whom disagrees

When fascism comes it'll come here,
under the guise of God, nationalism and fear,
it'll come with slogans and a patriot's tag,
in the form of a cross draped in a flag


Stort meir poetisk kan antakeleg det siste tiårets amerikanske politikk og W sin kamp mot terror oppsummerast. Resten av plata er prega av liknande tekstlege uttrykk der artisten på ein briljant måte set fingeren på andre tema han er oppteken av. I tittelsongen slenger han, til dømes ut følgande briljante observasjon:

When did dogma become truth,
when did a belief become an absolute?


Vanlegvis enten elskar eller hatar ein artistar av denne typa, men Bill Madden greier som sagt kunststykket å aldri bli blærete eller verke som ein bedrevitar. Dessutan er musikken både velspela og velkomponert. Skal ein vere litt folkeleg, så vil eg rett og slett seie at melodiane er drivande gode! Denne platemeldaren er difor, som det for lengst har gått opp for den observante lesar, blenda av Child of the Same God. Her er det element som burde fenge dei fleste musikkinteresserte. Flotte melodiar, flott framføring og briljante tekstar.

Rett og slett eit særs solid musikkverk.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

...
17.10.17 - 17:35

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo