cover

Fremad i alle retninga

Daniel Kvammen

CD (2015) - Jansen Plateproduksjon

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Singer/songwriter / Visepop

Spor:
Satelitt
Daue fugla
Du fortenar ein som meg
Klokkespel
Augu
Karmafaen
Ingen vega utanom
Drauma
Rykte si
Slik skulle eg likt å bli
Fremad i alle retninga

Referanser:
Lars Winnerbäck
deLillos
Lillebjørn Nilsen
Stein Torleif Bjella

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Lunt og luftig

Godlynte popmelankolske songar som ikkje slepp taket sånn utan vidare.

For ei tid tilbake (kan det vere eit år sidan? Kan det vere to?) vart det varsla at Daniel Kvammen var ein fyr som hadde det i seg. Han hadde slått seg ned i den store byen, han hadde veska full av eigne songar, gode songar, vart det sagt, særs gode songar, skrivne på målet han snakka. Som han hadde lært seg å snakke i bygda han vaks opp i, Geilo, øvst oppe i Hallingdal. Eit par mil ifrå Ål vart det bemerka, der Stein Torleif Bjella held hus. Unge Kvammen kan vel seiast å vere ein etterkomar og trubadur smidd i liknande former vart det ymta frampå om. Eller var det eg som tenkte det? Uansett, det er ikkje heilt slik.

Dette er pop. Ganske så storarta pop. Varm og jovial pop om det krunglete livet. Openhjartige ytringar, melankoli og små finurlige fintar i leduge og medgjerlige melodiske omgjevnadar. Ettertenksame tonar som smyg seg innunder hud og hjarteklaffar og fengande tonar som dansar med sansane. I riktig så upretensiøs utfolding.

Songane er sjølvsagt ikkje sprunge utav ingenting. Eg kan ane litt deLillos her, litt Lars Winnerbäck der, og kanskje litt Lillebjørn Nilsen innimellom. Men overtydelige spor av verken desse eller andre er det ikkje, dette er jo først og fremst Daniel Kvammen det. Og hans songar om levande draumar og knuste draumar, om vennskap og bygdetrongleik, om kjærleik, angst og beven.

Du Fortenar Ein Som Meg proklamerar songaren tilsynelatande ganske så småkjekt i albumets mest radiospelte song. Men bakom det fengande refrenget (og t-skjorte slagordet) er det på ingen måte noko skråsikkert som regjerer grunnen. Der dunkar eit sårbart hjarte, der høyrer eg det vert formidla ustøe forhåpningar om framtida til eit kjærleiksforhold. Det same kan ein vel seie om situasjonen som vert skildra i den nydelige songen Daue Fugla. Der vi blir presentert for ein fyr som ikkje kan forstå at han har gjort seg fortent til kjærleiken som blir han til del, og som er "redd for at det skal bli mørkt igjen".

Ein ung manns noko mismotige fabuleringar kring livet og kva det har å by han er temaet i songane Augu og Drauma. I den første handlar det om angsten for at det ikkje lenger finst noko som kan overraske han. I den andre hevdar han at han ikkje lenger har nokon draumar, for "dei ligg påkjørt nedi vegen". Det siste utsagnet blir forresten uttalt i eit ganske så skamlaust fengande refreng. Ikkje det einaste av det slaget. Eg høyrer nemlig eit slikt eit i Rykte Si også ("For om du skal henge med, Då heng du gødt der i eit tre" osv.), og eg høyrer han freidig og høglytt synge "faen ta, kva var det dei sa?" i Karmafaen.

Den meir nennsame sida av Kvammen kjem til uttrykk i songar som Ingen Vega Utanom og Slik Skulle Eg Likt Å Bli. Den først er ein særedeles vakker song om vennskap, sterkt vennskap. Slikt som tåle usmakelig fullerør og eit slag i fjeset. Den andre er ei lita undringsvise om fridom, der dei fire elementa (jord, vann, eld og luft) har ei sentral rolle.

Om plata har eit slags underliggande og for så vidt uutalt mantra så tenker eg at det er dei orda Kvammen syng heilt til slutt, "og eg skal vera fri", som er det mantraet. I det forsonande tittelkuttet syng han desse orda. Eit tittelkutt som startar med at ein ung mann reiser ut, og forbannar bygda han reiser ifrå. Og sluttar, sine tre minutt seinare, med at den litt modnare unge mannen, frå avstand, innser at han elskar denne bygda, og at han ein dag skal vende tilbake, som fri.

Pop sa eg. Viser med eit pophjarte kunne eg også sagt. Særdeles likandes saker er det i alle fall. Og dette er berre byrjinga, trur eg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

...
17.10.17 - 17:35

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo