cover

When We Come To

Michael Miller

CD (2003) - Shiny Shiny / Lo-Fi

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Singer/songwriter / Poprock / Folk

Spor:
Lover I Know
Grace Town
When We Come To
Smile Priscilla
The Ballad of Mr. George and Miss Jenny
Naked Prayer
Lonely Suite
This Life
Forgiven
Pony Ride
Some Happy

Referanser:
The Beatles
Sufjan Stevens
Pete Yorn
Ed Harcourt
Tom McRae
David Gray
Ben Christophers
Damien Rice
Jeff Buckley

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Salomos lovsang i lidenskapeleg falsett

Trass enkelte lyspunkt, lite stimulerande debutalbum frå amerikansk singer/songwriter og globetrottar.

Biografien til Michael Miller frå Los Angeles fortel om ein svært musikalsk oppvekst, beståande av ei solid dose jazzundervisning, sommarlege sing-a longs ved leirbålet og kyrkjehymner på søndagsgudstenesta. Oppflaska på ymse soul- og countrygrupper frå foreldrene sitt arkiv, samt eit overveldande møte med brilliante Led Zeppelin (i filmen The Song Remains the Same), blei Michael fast bestemt på å la musikken vere si nisje i livet. Etter å ha turnert eit par år innanlands med den for meg heller ukjente kristen-country sangeren Charlie Peacock, tok mannen kassegitaren på ryggen og søkte lykka som omreisande trubadur i eksotiske land. (India, Nepal osv.) Låtane på debutalbumet When We Come To har etter sigande blitt inspirert av det mangfald av sanseinntrykk og oppdagelser han gjorde seg på desse utfluktene.

Det endelige resultatet har blitt eit knippe poplåtar med ei ganske så utradisjonell oppbygging, fargelagt med tekster som tematisk ofte befinn seg i krysningspunktet mellom ei verdsleg og religiøs sfære. Etter eit par gjennomhøyringar hadde eg visse problem med å engasjere meg nemneverdig i musikken som trilla ut i frå stereoen. Sakte og vemodige viser møtte meg, ispedd eit og anna friskt pust, men for det meste basert rundt eit altfor snevert repertoar. Stemmemessig hadde riktignok Michael visse likheitstrekk med personlege favorittar som Jeff Buckley og Damien Rice, men anonymiteten i låtane var nesten påtrengande skummel. Ikkje at eg skal vere ein fanebærar for klare skilje mellom vers og refreng, men måten Michael utforma musikken sin på, var i starten svært lite tiltalande. Små falsett-variasjonar av samme vokallinje, uendelege repetisjonar av grunntekster og ein sliten rytmeseksjon utan iver og glød.

Dette er ein kritikk som til ei viss grad høyrer fortida til, då eg litt etter litt oppdaga enkelte kvalitetar med albumet som for meg var fråværande i starten. Men samtidig sit store delar av førsteinntrykket fortsatt i meg. Det heile åpnar derimot friskt og behageleg med den lavmælte Lover I Know, ein låt som forresten fikk statusen "Song of the Year" under fjorårets DIY Music Festival. I bakgrunnen høyrer vi Joe Ongie traktere både klokkespel og keyboard, og Debbie Lemmi på varsom cello. Michael blir introdusert. Frå første stund er det klart at vokalen har ein spesiell klang ved seg, litt skjelvande og fransk-aktig, kanskje. Den grandiose falsetten tar med orda til nye høgder, den varsome og kviskrande Michael gir dei igjen bakkekontakt. Utan å vere heilt på høgde med nemnte Buckley, rår Michael utvilsomt over ei flott stemme med stor spennvidde, og når den brukast fornuftig som her på denne låta, er alt i sin skjønnaste orden. Men dessverre er det kun eit fåtall av låtane som klarer å passere det middelmådige stadiet. Eg føler nok at Michael kunne ha lykkast betre med meir tradisjonelle popstrukturar, då det er vanskelig å halde merksemda til stades under meir eller mindre retningslause instrumentalperioder. Samtidig kan ein savne ein større innlevelse frå artisten på det vokalmessige plan i det som ofte blir litt for einsformig og tamt utført.

Heldigvis er det enkelte unntak her som viser at Michael ikkje bør avskrivast heilt som artist ennå. The Ballad of Mr. George and Miss Jenny er ein tuba-dreven poplåt, med utstrakt bruk av blant anna ukulele, trekkspel, og mandolin innbakt i eit hyggelig Beatles-landskap (tenk Rocky Racoon). Forgiven har bortimot identisk gitarlinje med deLillos-sangen Vår, men er betydeleg finare og inkluderer heldigvis ikkje tra-la-la biten i komposisjonen. Elles vil du kanskje som meg oppdage små snuttar ved dei anonyme låtane som riv deg opp frå dvalen, det vere seg ein spennande trekkspeltone eller eit trist celloparti eller noko heilt anna. Ver og klar over at tekstane kan sjåast som små reisehistorier gjerne knytta til store tema som tru, kjærleik, håp og frelse. Vi møter til dømes Michael på ensom vandring i den spanske byen Tarifa på søken etter "grace falling down like rain" (Grace Town), medan vi hører om store renselsesprosessar i Smile Priscilla: "Oh Priscilla you killed them, you undressed the demons that filled up my head, and made me so happy". Men her er også ein song med lette dopreferanser viss du er meir komfortabel med slike tekster (When We Come To).

Så talent har han då absolutt, men for å unngå å drukne i den store bølgen av singer/songwriters, må eit meir særeigent musikalsk uttrykk få muligheit til å utvikle seg. Kanskje blir album nummer to ei "velsigning".

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Megaphonic Thrift - Decay Decoy

(Hype City)

Kall meg gjerne en inhabil og fortapt fan - denne utgivelsen tar jeg i forsvar når som helst.

Flere:

Magnolia Electric Co. - Trials & Errors
Falsobordone - Fikon, Fiddlor och Finlir